mandag 24. desember 2012

Fred på jord?


Juletankar i avisa Øy-blikk torsdag før jul: 

No er det berre nokre dagar igjen, så senkar julefreden seg over landet.  Iallfall her heime.  Endå ein gong skal me høyra dei gamle orda frå jule-evangeliet om englane som syng om fred på jord.   Men i år stoppar eg opp ved ei av dei første setningane:   “Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria” (Luk 2,2).   Syria, ja.    Dessverre vil ikkje julefreden senka seg over Syria i år.   Me kan undra oss over at den regionen der Fredsfyrsten vart fødd denne julenatta for lenge sidan, skal vera så full av krig og konfliktar.  I år går tankane mine både til folket i Syria, der borgarkrigen raser, til folket i Egypt, der konfliktnivået er høgt, og til folket i Betlehem, der Frelsaren vart fødd.  Midtausten høyrde tidleg til det kristne kjerneområdet, og framleis er der store kristne minoritetar som skal feira jul under trusselen av krig eller terror, men dei blir færre og færre.

I Syria har det vore kristne sidan aposteltida.  Somme av dei snakkar framleis arameisk, det same språket som Jesus snakka, men dei fleste har arabisk som hovudspråk.  Landet har ei mengd tradisjonelle kyrkjesamfunn.  Under Assad-regimet har den kristne minoriteten hatt det relativt stabilt, men med borgarkrigen er det blitt svært utrygt å vera kristen.  Mange flyktar til nabolanda og vidare til fredelegare delar av verda.

I Betlehem vart julegrana tent sist laurdag.  Jesu fødeby høyrer i dag til det palestinske sjølvstyre-området.  I denne byen, der dei kristne ein gong var i fleirtal, blir det færre og færre kristne.  Ein av grunnane er at dei kjem mellom barken og veden i konflikten mellom Israel og militante islamistar.

I Egypt bur det framleis mange millionar kristne, men mange av vennene me kjenner frå tida vår i Kairo, har no emigrert til land i Vesten.  Dei som er att, skal snart feira jul i eit land som er svært uroleg.  Då revolusjonen starta våren 2011, var det ein del kristne som var urolege for kva islamistane ville gjera dersom dei kom til makta.  Det kan sjå ut til at dei hadde grunn til å vera skeptiske.

Julenatt i Betlehem song englane om fred på jord.  Likevel måtte Josef ta barnet og mora med seg og reisa som flyktning til Egypt ei stund etter.  Me skal vera glade for at han fekk asyl den gongen.  I dag kjem Jesus til oss i den flyktningen som bankar på døra til landet vårt.  Egyptarane meiner landet deira vart særleg velsigna av at Jesus gjesta dei som barn.  Kanskje kan me oppleva det same når me tar imot ein flyktning.

Me kan undra oss over kva tid det verkeleg skal bli fred på jord.  Kanskje ikkje før den dagen Fredsfyrsten kjem tilbake for å rydda opp i alt rotet me menneske klarar å laga her nede.  I mellomtida kan me rydda rom i vårt eige hjarte, så barnet kan stiga inn og laga fred – der inne iallfall. Så får kvar av oss sjå om me ikkje kan våga å strekka ut ei hand til dei me møter i kvardagen.

Fredeleg jul!


lørdag 22. desember 2012

Klar til å feira jul?


No hadde det vore veldig greitt å kunna skriva at alle julepreikene no låg klare, ferdigskrivne og klare til å leverast frå preikestolen dei neste dagane.  Så kunne eg gitt uttrykk for at eg var vellukka og på hogget og hadde alt på stell.  Fullt så vel er det ikkje.  Men midt i ei hektisk førjulstid for presten, vart det tid til nesten ein heil fridag i dag, laurdag før jul.  Og det hjalp godt på at eg endeleg fekk klarhet i kva eg skal fokusera på i preika på juledag: Nemlig dei to fødslane som skjer når me feirar jul:  Gud let seg føda av eit menneske for at me menneske skal bli fødd av Gud. 

Elles er det mange som samanliknar det å preika med det å føda.  Ei kvinne vil sikkert protestera, og seia at det iallfall ikkje er så smertefullt som ein fødsel.  Heilt sikkert.  Men iallfall går du svanger ei stund med nokre tankar som veks inni deg, og når tida er inne, blir preika fødd – ikkje på papir eller i  PC, men i det øyeblikket orda blir avlevert.  I så fall har eg vore  svanger med femlingar den siste tida.  Den eine vart avlevert i to omgangar på julegudsteneste med skulane i Giske og i Vigra; søndag før jul skal eg feira gudsteneste på aldersheimen på Godøya; deretter blir det gudstenester både julaftan, juledag og 2. juledag.  Etter det er det min gode kollega André Sjåvåg som held fram åleine nokre dagar, så eg får fri i nyttårshelga dette året.

Korleis blir me klar til jul? Sjølvsagt er det alltid ting som skal gjerast.  I dag kom til dømes juletreet på plass i prestegarden på Valderøya.  Ein dag for tidleg i forhold til gamle familietradisjonar, men det var no kjekt å ha treet på plass når dei utflytta borna skulle heim.

Elles var det til god hjelp for julestemninga å vera med på fleire førjulsarrangement i kyrkjene denne veka. Barnehagegudstenesta i Vigra kyrkje var i så måte eit bra kick-off.  Borna hadde laga stjerner, som me hengde opp og pynta kyrkja med.  Og under preika til menighetspedagog Anne-Helen Roaldsnes fekk underteikna æra av å vera tredje vismann.  Fredag kveld var det “julenattiné” i den same kyrkja, med korpsmusikk og julesongar og mykje god julestemning.

Alt dette er med å gjera oss klar til jul.  Men framfor alt gjeld det å gjera klar eit rom i hjarta, der Guds Son kan ta plass og gjera sin gjerning i oss.  Slik at den fødselen som skjedde den gongen for lenge sidan, også kan skje i dag, i vår kvardag.

Kom, la min sjel dog finne
sin rette gledes stund,
at du er født herinne
               i hjertets dype grunn. 

onsdag 5. desember 2012

Vigra sigra!

På tide eg legg ut bildet av konfirmantlaget frå Vigra som fekk eit napp i vandrepokalen i Nattcupen i Ålesund siste helga i november.  Stor stas!  Også dei andre laga frå øyane i Giske kommune gjorde ein bra innsats. 


For min eigen del var dette ei ny oppleving.  Første gong på nattcup, faktisk.  Forvirringa var bortimot total i byrjinga, men det klarna etter kvart som eg fekk oversikt over banar og kamp-oppsett. Neste år skal me vera betre organiserte, så spørst det om pokalen får stå i Vigra kyrkje endå eit år, eller om me må levera trofèet frå oss.

søndag 11. november 2012

Sprell levande kristenliv på Møre - og inspirasjon frå Egypt


Det er travelt å vera prest på Møre, men det gir meg også mykje tilbake: 

Eg kjem akkurat heim frå ei ”sprell levande gudsteneste”  i ei fullstappa Giske kyrkje. Fem fireåringar fekk kyrkjeboka si, søndagskulen deltok med bøner og lystenning, og to barnekor song: Giske barnekor og dei større borna i ’Kor du e’. Dei kyrkjeleg tilsette fekk då den takknemlige oppgåva å sy saman det heile.  Eg trur nok dei fleste synest at Giske barnekor sette eit kjempeflott punktum med den siste songen, med ein flink femåring som solist, og med eit volum i refrenget som presten  knapt har høyrt make til!

Sist fredag var også ei flott oppleving.  Då var det ”Vennekveld” på Vigra bedehus (bildet), med mykje song og musikk.  Det var allsong og framføringar i mange stilartar, frå gamle salmer og bedehus-slagarar til moderne lovsong.  Det var fint å vera med der, kjenna på fellesskapet i forsamlinga og sjå kor mykje frimodige folk det er her ute på øyane.


Laurdag fekk eg privilegiet å vera i Molde saman med biskop Thomas frå Egypt.  Der mottok han årets Bjørnson-pris saman med to andre:  Den unge, kvinnelege journalisten  Wojoud Mejalli frå Yemen og offiseren David Zonsheine frå Israel.  Tre sterke personlegdomar som representerar tre land og tre religionar, men har same visjon om rettferd og demokrati for alle grupper i Midtausten.
I den økumeniske gudstenesta som var leia av vår eigen biskop Ingeborg, talte biskop Thomas med utgangspunkt i evangelieteksten frå saligprisingane i Bergpreika.  Han delte ei gripande historie frå sin eigen barndom, der han kom på kant med den snille bestemora si på grunn av tiggaren Gawargi (Georg).  Niåringen frå Kairo lurte på kvifor Gawargi ikkje fekk koma inn og eta i lag med dei, og fekk til svar at han hadde sin plass og dei hadde sin, og slik måtte det vera.
Når tiggaren ikkje fekk koma inn, gjekk guten ut og var saman med Gawargi.  Den gamle, skjeggete mannen lærte han mykje, sjølv om han var utanfor det gode selskap.  Og når Gawargi døydde, utan at nokon var med han i gravferda, var det ei stor sorg for guten.

”I dag leitar eg etter Gawargi over alt”, seier biskop Thomas.  Og om me finn han, så oppfordrar biskopen oss til å gi han meir enn allmisser.  Allmisser er berre det første steget.  Det andre steget er å utrusta folk og gi dei muligheten til å få det like godt som deg.  Det tredje steget er å skjøna at dette er deira rett.  Det siste steget er å løfta Gawargi heilt opp til toppen, og gi han den verdien han har i seg sjølv som menneske. ”Derfor har eg omsorg for dei små”, smiler biskopen.   

onsdag 7. november 2012

Biskop Tomas til Molde


Laurdag 10. november kjem biskop Tomas frå Egypt til Molde domkyrkje for å tala på ei økumenisk gudsteneste.  Denne gongen kjem den koptisk-ortodokse biskopen hit for å motta Bjørnsonprisen, som han deler med to andre frittalande personar frå Midtausten: Den israelske offiseren David Zonsheine og den jemenittiske journalisten Wojoud Mejalli. 

Tomas er biskop i Quosia, ein by i nærleiken av Assiut, sør i Egypt.  Der driv han eit omfattande sosialt arbeid gjennom den lokale kyrkja.  Mellom anna driv dei ein lokal barneskule som er open for både muslimar og kristne, og på den måten driv dei eit viktig brubyggjararbeid.  
I ørkenen mellom Kairo og Alexandria, ikkje langt frå dei gamle koptiske klostera i Wadi Natroun, har han bygd opp eit økumenisk retreat-senter (bildet) og eit yrkesopplæringssenter.    Eg har sjølv fått fleire høve til å besøka Anafora og Anastasia, som sentera heiter.   No ser eg fram til å få delta på gudsteneste saman med biskop Tomas, biskop Ingeborg og fleire andre i Molde domkyrkje på laurdag kl 12.00 

søndag 23. september 2012

Hausttakkefest på Godøya

 Det var stappfullt i Godøy bedehuskapell i dag då kyrkjelyden var samla til hausttakkefest. Det skuldast ikkje minst at det var mange born som deltok i gudstenesta.  Born frå søndagskulen hadde fleire oppgåver.  Nokre bar inn skåler med frukt og grønsaker og pynta i kyrkja.  Andre bad bøner, og nokre samla inn takkofferet.

Godøy barnekor song to friske songar, og det var tydeleg at sanggleda var stor!

Så var det nokre born som hadde gleda seg spesielt til å vera i kyrkja, og det var 4-åringane som fekk kyrkjeboka si denne dagen.  Ikkje rart då at kyrkja vart full, med så mange born og vaksne.

Etterpå var det grøn kyrkjekaffi i kjellaren, som nokre spreke damer frå kvinne- og familielaget (les: husmorlaget) hadde stelt i stand.

For presten var det kjekt å vera med og feira ei slik gudsteneste, særleg når så mange samarbeider for å få det til.  Stor takk til trusopplærar Anne Helen!


søndag 16. september 2012

Lei av regnet?

Det er tida for hausttakkefestar. Mange lurar på om det er noko å takka for – at hausten er her, med sur og kald vind og regn kvar dag. Og kor vart det eigentleg av sommaren?

For andre er det ikkje regnet som er problemet, men sola. Etter sju år i Egypt lovde eg meg sjølv at når me flytta til Noreg igjen, skulle eg aldri klaga på regnet.

I Giske kyrkje i dag skal eg fortelja om ein mann som stoppa regnet i tre og eit halvt år: Profeten Elia. (1. Kongebok 17) Kong Akab hadde opna for heidensk fruktbarhetskult, og Elia ba Gud visa kven det er som eigentleg gjer landet fruktbart. Då slutta det å regna. I mellomtida tok Gud seg av Elia på ulike måtar.

På ein hausttakkefest takkar me Gud for alt han gir oss. Me har meir enn nok. Andre har lite. Korleis kan Gud vera så urettferdig?  Men det er han jo ikkje. For det er nok mat i verda til å brødfø oss alle. Det er me som ikkje klarar å fordela det rett, som me syng i bordverset:

Herre, din jord bærer mat nok for alle, 
takk for den delen du vil vi skal ha.
Lær oss å dekke et langbord i verden, 
som alle kan reise seg mette fra.
Amen, amen.

Herre, vi reiser oss mette fra bordet. 
Takk for de kreftene vår kropp har fått. 
Nye skal sitte ved bordet og spise. 
 Når du får fordele, har alle nok.
Amen, amen.

fredag 24. august 2012

Kyrkja i lokale media

Eg har lyst til å gi honnør til redaktør Jan Erik Andreassen i lokalavisa Øy-Blikk for glimrande dekking av kyrkje- og kristenliv i Giske kommune.

I siste nummer var det i tillegg til ein fyldig reportasje frå innsetjingsgudstenesta på Godøy, også referat frå songkvelden i Valderøy bedehus og omtale av bibelskulen på Godøya. Alt er skrive på ein god måte, og med ei positiv vinkling.  Dessutan er det kvar veke den faste spalta "helgetankar" med ulike skribentar. Å ha slike artiklar i ei sekulær avis som blir lesen av alle, er betre enn å ha det i eit eige kyrkjeblad, iallfall når me kan kombinera det med gode heimesider.

Organist Richard Powell gjer meir enn å spela orgel.  Denne veka lanserte han dei nye nettsidene til kyrkja i Giske kommune. Gode, oppdaterte nettsider i kombinasjon med artiklar i lokalpressa, er ein god måte for kyrkja å vera til stades i massemedia på.

søndag 19. august 2012

"Fire øyar i havgapet"


Det er tittelen på boka eg fekk i velkomstgåve frå ordføraren i Giske etter innsetjingsgudstenesta på Godøya i dag, ei nydeleg billedbok av Jan Rabben.  I eit stappfullt bedehuskapell hadde folk frå denne flotte øykommunen like nord for Ålesund samla seg for å vera med og ønskja den nye presten velkommen.  For Helga og meg var dette ei flott oppleving som me vil huska når me no skal bu her ute.  Kanskje kjem det vel med når vinterstormane herjar, og me har lyst å reisa sørover.  Så langt har det heile vore som ei festreise.  Me har følt oss veldig velkomne på alle måtar. Alle me møter, er positive.  Etter gudstenesta var det "brennsnut" og sunnmørsk kakebord, helsingar, gåver og blomar, og det var veldig oppmuntrande å høyra alt som vart sagt.

No har me fått vore med på tre gudstenester her sidan me kom.  To av dei har eg hatt ansvaret for.  Detaljane i liturgien dei brukar her er litt annleis enn det eg er van med frå Os, men slik er den nye liturgireforma. Det skal ikkje vera einsarta over heile landet. Eg er no elles van med mykje forskjellig, både frå Os, frå Bergen International Church og frå den anglikanske kyrkja, så eg vil vel læra å seia ”amen” på dei rette stadene snart.

I dag vart eg høgtideleg innsett i den nye stillinga av prosten i Nore Sunnmøre prosti, Svend Klemetsby.  Og soknerådsleiar Arnfinn Rune Giske las opp kallsbrevet frå biskop Ingeborg.  Det var fint, og samstundes alvorleg.  Og eg måtte tenkja på om eg hadde levd opp til det løftet eg ein gong avla i ordinasjonen.  Og vil eg kunna leva opp til alle forventningane folk har, og dei eg sjølv har, til prestetenesta?  Prosten helste oss med eit løfte frå Gud som apostelen Paulus held fram for oss, og det løftet vil eg ta til meg:
”Og Gud er mektig til å gje dykk alle gåver i rikt mål, så de alltid og i alle høve skal ha alt de treng, ja, ha overflod til all god gjerning.” (2 Kor 9,8)

I dag vart også dotter vår, Miriam, innsett i si teneste som barne- og ungdomsarbeidar i Ung Misjon, Sunnmøre Indremisjon si barne- og ungdomsavdeling.  Det var det einaste dumme med dagen at desse to tinga kolliderte, så me ikkje fekk høve til å vera med henne på innsetjinga.  Lukke til, Miriam, med den tenesta du skal ha!

lørdag 11. august 2012

Lause teltpluggar



Eg har aldri budd samanhengande i det same huset meir enn sju år.  Eg og familien min har levd livet vårt med nokså lause teltpluggar, og denne sommaren har me vore på flyttefot igjen.  No er me komne til ein stad der det bles mykje, på øyane i Giske kommune utanfor Ålesund, så me må vel banka teltpluggane nokså djupt ned i jorda denne gongen.  Kanskje me då kan bli buande lenge her?  Gud veit.

Det er vel litt drøyt å kalla det for eit telt, det huset me bur i no.  Prestegarden på Valderøy er ein stor, staseleg  tømmerbygning  frå 1850, og det kan nok vera ein solid og god heim for oss.  Det var godt å komma opp hit og pakka ut flyttelasset her no.  Endå lever me med rotet frå pappesker rundt oss, men dag for dag kjem me meir i orden.   

Visst kjenner me på stress over å leva i rot, men samanlikna med andre som må leva ufrivillig med lause teltpluggar, er det ingenting.  Medan me kjenner på gleda over å bli ønskte velkomne til den nye staden, føler andre seg lite velkomne.  Eg tenkjer på Rom-folket.  Den siste tida har massemedia lært oss meir om bakgrunnen til dette reisande folket som aldri heilt har fått til å slå seg til ro nokon stad.  Det er tankevekkande kor lite me veit om alle dei grusomme tinga dei har opplevd i Europa gjennom tidene, om korleis dei i mange tilfelle bokstaveleg tala har vore fritt vilt. Det er å vona at me saman kan finna løysingar for at dette folket kan få leva i fred med sin eigenart i dei ulike landa dei vil busetja seg i.

Som kristne har me mange grunnar til å vera tolerante overfor reisande menneske av ulik slag som leitar etter eit betre liv for seg og familiane sine.  Vår åndelege stamfar Abraham var ein nomade som levde som framand i dei landa han reiste gjennom.  Barnebarnet hans, Jakob, flykta til Egypt då dei opplevde tørke.  Seinare flykta heile israelsfolket frå Egypt og levde i mange år i ørkenen.  Dei første kristne følte seg som framande i verda.  Liksom Abraham lengta dei etter byen med dei faste grunnvollane.  I dag lever me og i spenningsfeltet mellom det samfunnet me prøver å byggja, og den komande verda, når Guds rike skal openberrast og hans bustad skal vera mellom oss. Me kan aldri slå oss heilt til ro før Guds rike har invadert jorda. Me ventar på byen med dei faste grunnvollane.  I mellomtida lever me med lause teltpluggar, og gjer det me kan for å leva atter dei ideala me har i byen med dei faste grunnvollane.

Men no er det altså her på Valderøya me skal bu for ei tid.  Kanskje i mange år. Denne veka har eg gjort meg kjend med kollegane mine på kyrkjekontoret, og andre som arbeider på rådhuset.  Om nokre timar skal eg feira gudsteneste for første gong i Valderøy kyrkje.  Eg er spent, men gler meg til å komma i gang med tenesta her i Giske. 

søndag 24. juni 2012

Avskil med Os kyrkjelyd


I dag er eg takksam for mange gode ord, fine gåver og varme handtrykk og klemmar frå folk i Os kyrkjelyd.  Etter tre og eit halvt år som kapellan, takkar eg av.  Om litt over ein månad skal flyttelasset nordover til Valderøya og Giske kommune.  Med på flyttelasset får me med oss dei fine gåvene me fekk.

Litt ekstra gøy for meg var det at eg endeleg fekk spela tuba i kyrkja.  Saman med Vegard Hodneland på piano og Øyvind Gjerde på saksofon synest eg me fekk det til å svinga godt med litt dixieland-rytmar i formiddag. No kan eg levera tubaen tilbake til Os musikkforening, der eg har hatt gleda av å spela i eit par år.

Etter gudstenesta diska soknerådet opp med kaker og kaffi, og det var tid for takketalar.  Det varma! Kjære alle i Os kyrkjelyd:  Saman med familien min er me glade og takksame for alt me har fått med oss dei åra me har vore her.  Snart seks år har me budd i kommunen, og eg har arbeidd i kyrkjelyden i tre og eit halvt av desse åra.

Her er noko av det eg sa i takketalen under kyrkjekaffien:
”For fire år sidan, på den tida eg søkte på stillinga som kapellan i Os, var eg veldig usikker på om eg eigentleg passa til å vera prest i folkekyrkja.
Den tida eg har hatt her i Os, har gitt meg trua på at eg hadde, og framleis vil ha ein plass i kyrkja vår. 
Derfor vil eg takka dåke, gode kollegar og medarbeidarar, folk eg har fått møta i arbeidet, både i sorg og i glede.  Eg vil takka dåke for all den oppmuntringa de har gitt meg.  Takk for gode ord og smil, takk for konstruktiv kritikk når det har vore på sin plass. ” 

No gjenstår eit par veker til før ferien, og når me så har feira bryllaup for dotter og svigerson, er det tid for å venda nasen nordover.  Me gler oss!

torsdag 17. mai 2012

Gjev keisaren det som høyrer keisaren til...


Preike 17. mai 2012 i Os kyrkje
Tekstar: 1 Krøn 29,10-14, 1 Tim 2,1-4 og Matt 22,17-22
17. mai og Kristi himmelfartsdag på same dag, det er sjeldan.  Rett nok skjedde det for 5 år sidan, men før det igjen var det gått 79 år, og no er det 79 år til neste gong, i år 2091.
Det er både ein samanheng og ein motsetnad mellom desse to dagane.   Begge dagane handlar om ein konge.   17. mai feirar me grunnlova, me gler oss over nasjonalstaten og fridomen, og me hyller kongen vår.  Kristi himmelfartsdag handlar om at Jesus er konge.  Han som for opp til himmelen og sette seg ved høgre handa åt Majesteten.
Så er det interessant at nettopp i år, om nokre få dagar, på mandag 21. mai, skal Stortinget vedta ei viktig endring i grunnlova vår, når kyrkja sitt forhold til staten skal endrast, og staten løyser opp sitt forhold til den evangelisk-lutherske konfesjonen.  Ein del kristne er bekymra over at Gud på denne måten skal forsvinna ut av lovverket vårt, men eg trur det kjem heilt an på kva me gjer ut av mulighetane i den nye lovteksten. 

«Så gjev då keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til.»  Kjende ord av Jesus.  Brukt og misbrukt av mange opp gjennom tidene.  Eit ynda bibelvers for maktglade politikarar som helst vil ha ei tannlaus kyrkje til å kasta glans over festdagar.

Kva kan Jesus ha meint når han sa at dei skulle gi keisaren det som høyrer keisaren til?
No skal ikkje eg gi meg ut for å ha det klare svaret på det som teologane har strevd med gjennom skiftande tider.  Men nokre tankar må det vera lov til å gjera seg for ein einfaldig landsbyprest.

For det første så må me vel kunna seia at det var eit lurt svar på eit umulig spørsmål.  For motstandarane hans ville få noko å klaga han for. Men som vanleg snudde Jesus situasjonen heilt og tok brodden av kritikken.  Elles veit me no at Jesus innordna seg under dei styresmaktene som var, men at han heller ikkje var redd for å tala direkte til dei, slik han gjorde til Pilatus.  "Du hadde inga makt over meg om du ikkje hadde fått han ovanfrå".   

Paulus lærer oss vel noko av det same, at me som hovudregel skal lyda styresmaktene.  I dagens episteltekst blir me oppmoda om å "be for kongar og alle som er i leiande stillingar".  Så det skal me gjera i dag, slik som me pleier i gudstenesta.
Men det Jesus ikkje seier, er at det som har med pengar å gjera, ikkje har noko med Gud å gjera.  Mynten er prega med bildet av keisaren, så den kan han gjerne få.  Men kva er det som høyrer Gud til?

Gjev Gud det som høyrer Gud til
1) Me har høyrt ein bibeltekst frå GT som seier kva som høyrer Gud til.  Ei bøn av David.
          11 Deg, Herre, høyrer stordom til og makt,
          herlegdom, ære og majestet,
          alt som er i himmelen og på jorda.
          Ditt er riket, Herre,
          og du er opphøgd som overhovud over alt.
      12 Rikdom og ære kjem frå deg,
          og du rår over alle ting.
Det er altså Gud som er opphavet til all rikdom.  Dermed er det til sjuande og sist Gud som rår over myntane som keisaren har fått. Til og med det norske oljefondet.

2) Denarmynten var prega med bildet av keisaren. Men kvart menneske er prega med Guds bilde. Kva konsekvensar får det, viss me skal gje Gud det som høyrer Gud til? Betyr ikkje det at alt i livet angår Gud?  At me ikkje kan ha eit skarpt skilje mellom det åndelege og det timelege?

At religion og kultur får konsekvensar for verdiane i samfunnet, det er tydeleg. 
Det vekte naturleg nok oppsikt sist veke då me fekk høyra om levedyktige foster som er blitt lagt til side for å døy. I enkelte andre land veit me at det dessverre er nokså vanleg med selektiv abort basert på kjønn, eller at nyfødde jentebarn blir drept. I vårt eige land var det heller ikkje uvanleg i førkristen tid, at uønska born blei satt ut i skogen for å døy.  Men kor tidleg går eigentleg grensa for når det blir moralsk akseptabelt å drepa born?

Me treng å minna kvarandre om at livet er heilagt, fordi kvart menneske er prega med Guds bilde, både kvinne og mann, både født og ufødt liv.  Skal me gi Gud det som høyrer Gud til, gjeld det framfor alt livet. Og me treng å verna om menneskeverdet frå livet byrjar og til det endar.

3) Kva er det som høyrer Gud til?  Me kan snu litt på spørsmålet:  Kva er det som ikkje høyrer Gud til?  Når det er han som er opphavet til alle ting, han som er konge over alle kongar og han som har sett sitt bilde på oss.  Høyrer ikkje då heile menneskelivet Gud til?

Den lutherske toregimentslæra er ein god måte å skilja mellom ulike maktområde.  Staten har makt på eitt område og kyrkja på eitt område.  Men det handlar ikkje om at Gud berre høyrer til i privatlivet.  Derfor der det godt og naturleg at Gud framleis skal vera med i grunnlova. 
"Verdigrunnlaget forbliver vor kristne og humanistiske Arv".  Slik står det i forslaget til ny paragraf 2.
Me kan nok diskutera mykje kva det i praksis vil innebera.  Og meiningane vil vera mange og motstridande om uttrykket "kristen og humanistisk".   Men det som står fast, er at me har ein kristen arv å ta vare på.  Ein arv me har fått frå fedrene og mødrene vår.  Den arven ligg i botn som verdigrunnlaget for lovgjevinga vår.  Gud betyr framleis noko for lova.  

tirsdag 3. april 2012

"Det er ikkje deg, det er meg"


Når ein prest søker jobb ein annan stad, følest det litt som å slå opp med kjærasten sin.  Ein føler at ein sviktar sin kjære til fordel for ei anna. Eg har kjent det litt slik dei siste par månadane.  Kjære Os kyrkjelyd:  ”Det er ikkje deg, det er meg”.  Både eg og familien min har likt oss godt her.  Me hadde tenkt å bli verande her i fleire år også.   Men ein vakker dag i januar fekk me sjå ei stillingsannonse, og brått hadde me fått slik ei uforklarleg lyst til å søka oss til Sunnmøre.
Eg har ikkje hatt så lyst til å snakka veldig høgt om at eg hadde søkt.  Kanskje fekk eg ikkje jobben likevel.  Men no er det offisielt:  eg har sagt ja til å bli sokneprest på Giske og Vigra utanfor Ålesund.  Det er nok med litt blanda kjensler me seier det.  Me gler oss til å flytta til Valderøya, til sommaren ein gong, men kvir oss til me skal ta avskil med gode vener me har fått sidan me flytta til Os for meir enn fem år sidan.

fredag 30. mars 2012

Påskegudsteneste med Os skule


No er eg klar til å feira påske!  Det har elevane ved Os skule hjelpt meg med.  I dag hadde me skulegudsteneste i ei fullsett Os kyrkje, og det var ei glede å ”vandra” gjennom dei ulike dagane i påskehøgtida saman med elevane.  Eg er imponert over arbeidet skulane legg ned i gudstenestene rundt dei store høgtidene, og gled meg over korleis borna deltek med liv og lyst i det som skjer.  Andreklassingane gjekk i prosesjon med kors, palmegreiner og det som skulle ligga på altaret.  Elles var det song og musikk, tekstlesing, drama og forbøn ved fleire andre klassetrinn, alle like seriøse og entusiastiske.  Og på veggene hang teikningar som elevane hadde laga. Takk til Os skule for å ha hjelpt presten til å gå inn i påskehøgtida endå eit år! 

fredag 17. februar 2012

Vegen til herlegdom og ære


Vegen til herlegdom og ære gjekk først gjennom døden for Jesus. På søndag er preiketeksten frå Johannes 12,20-33.

Jesus var i Jerusalem, og han var blitt berømt. Så kjent at greske pilegrimar ville sjå han. Jesu svar såg ut til å anerkjenna berømmelsen: ”Timen er komen då Guds herlegdom skal lysa om menneskesonen”.  Men det var ein annan herlegdom enn berømmelse og ære, Jesus tenkte på. Vegen til herlegdom gjekk gjennom døden.  ”Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn, men døyr det, gjev det stor grøde”. 

Det er ikkje noko herleg med eit korn som blir lagt i jorda.  Det var det heller ikkje med Jesus då han døydde. Som Jesaja spår (Jes 53): "Han hadde ingen herleg skapnad vi kunne sjå på." Men det var for vår skuld og for våre synder han gjekk i døden.

Me veit ikkje om grekarane fekk møta Jesus den dagen.  Men seinare skulle dei få høve til å sjå han, når Gud hadde løfta han opp – først på krossen og seinare frå grava.

Når me no står framfor fastetida utfordrar Jesus oss.  Kva er vårt ”kveitekorn”? Har du og eg noko som må falla i jorda og døy for at det skal veksa fram ei stor grøde?  

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...