Første søndag i advent blir den nye salmeboka tatt i bruk. Her i kommunen er Giske sokn først ute, og har kjøpt inn hundre bøker, der dei fleste
vil bli verande i Giske kyrkje. I Godøy
bedehuskapell vil vi bruka ei digital løysing.
Den nye
salmeboka vil erstatta dei to bøkene me har brukt til no: Den gamle grøne
salmeboka frå 1985 og den nyare «Salmer 1997». Den nye boka har 991 salmar. 272 av desse er nye, og mange er overførte
frå dei to gamle bøkene. Bak i boka er
ei samling bøner og liturgiar.
I tida
framover vil me prøva å introdusera ein del av dei nye salmane i gudstenestene. Mange av dei «nye» salmane vil nok mange
kjenna frå før. Ein av dei gamle
adventssalmane som har fått ny melodi, er «Opp gledest alle, gledest no». Eg veit ikkje om eg i heile mi prestetid nokon gong har brukt denne salmen i ei gudsteneste, men for nokre år sidan blei salmen gjort kjend av Odd Nordstoga ogSissel Kyrkjebø, og i morgon vil me bruka denne i
gudstenesta i gamle Giske kyrkje.
Me gler oss også til å høyra "Kor du e" frå Giske synga i gudstenesta i morgon.
God
adventstid!