søndag 16. november 2014

Pilegrimsveien – en guide til livsvandringen

Ein pilegrim reiser både ein ytre veg og ein indre veg.  Den ytre vegen går over land eller sjø til eit konkret mål, men den indre vegen går i eit landskap som er unikt for kvar einskild av oss.


Det er mange år sidan Stein Solberg skreiv boka “Pilegrimsveien – en guide til livsvandringen”.  Sjølv fann eg boka i ei hylle på retreatstaden Åkerlehaugen, og lurte på om eg skulle spørja om eg kunne låna henne med meg, men tenkte eg heller ville sjå om eg kunne få tak i henne sjølv.  Boka vart gitt ut på Lunde forlag i 1996, og er ikkje lenger å få kjøpt, men ho er tilgjengeleg i elektronisk format på bokhylla.no , Nasjonalbiblioteket sitt elektroniske bibliotek.   Stein Solberg, teolog og forkynnar, skriv at boka vart til under ei pilegrimsvandring på Dovre i august 1995. “Vi var flere i følge som tenkte på og mediterte over Bibelens vandringsmotiver.”


Eg likte denne boka!  Det er ei god andaktsbok bygd på klassisk evangelisk teologi, og pilegrimsmotivet er lett å forholda seg til.  “Den bibelske vandreren kan ha menneskelige forbilder, men er først og fremst opptatt av Jesus, han som er den store Pilegrimen.   Hvordan var Jesus en pilegrim?  Han var stadig på vandring mot målet for sitt liv. Da han ble født, var han en fremmed, en pilegrim.  Han måtte flykte til Egypt.”


Boka kunne forresten med fordel blitt trykt opp i nye opplag. 

fredag 14. november 2014

"Men han skal òg bli forfølgd"

Angela Merkel sa i 2012: “Kristendommen er den mest forfølgde religionen i verda”.  Det fekk ho både kritikk og støtte for. Det er jo usikre tal, og det er ein konkurranse ingen har lyst til å vinna.  Me veit jo at det er mange frå ulike religionar som blir forfølgde.  I sommar såg me på nyhetane om  yazidiane i Syria/Irak, ein religion få i Vesten kjende til.   Me høyrde om dei då terroristane frå IS ville utrydda dei fordi dei meinte dei var djeveldyrkarar.

Kristne har også sjølv mange svin på skogen, dessverre.  Kristne har sjølv forfølgd dei som trudde annleis.  Me treng ikkje gå i detalj.  Historia er full av døme som me ikkje treng vera stolte av, men heller ta lærdom av.

Det er også slik at det som skjer i verdspolitikken, ofte får direkte følgjer for religiøse grupper som er i mindretal i eit land.  T.d. førte den amerikanske invasjonen av Irak i 2003 til at maktbalansen blei rokka, og dei kristne, som hadde hatt det relativt fritt under Saddam Hussein, blei offer for massiv forfølging.  Og det var mange kristne, t.d. Paven, som advarte sterkt mot å invadera den gongen.


Men uansett årsak, rapportar viser at det kan dessverre virka som at kristne er blant dei aller mest forfølgde religiøse gruppene i verda i dag. ( Sjå til dømes denne av Rupert Shortt: “Christianophobia”. Civitas – Institute for the Study of Civil Society, London 2012) 

Komande søndag markerar me "Søndag for forfølgde" i høgmessa i Godøy bedehuskapell. Preiketeksten handlar om kva ein kan rekna med å måtta forlata for Jesu skuld - og kva ein skal få igjen:  Markus 10,28-31


lørdag 25. oktober 2014

Åkerlehaugen – ein stille stad for travle sjeler

“Kom med meg til ein aud stad der vi kan vera åleine, og  kvil dykk litt!”  Dette sa Jesus til læresveinane sine ein gong det var så mange som kom og gjekk at dei ikkje fekk tid til å eta eingong, skriv Markus (6,31).

Åkerlehaugen utanfor Molde er ein slik stad der ein kan vera åleine med Jesus og kvila seg litt. Eg har nok visst om staden, for frå bispedømekontoret har det kome fleire invitasjonar til retreat, men eg hadde ikkje forestilt meg at det var ein så fin plass å vera.  Denne veka var eg på retreat for kyrkjeleg tilsette.  Møre bispedøme spanderer nokre dagar for sine tilsette, og  no var me åtte gjester i dette gamle gardshuset i Solemdalen ved foten av fjellet Skåla på sørsida av Fannefjorden.

Personleg har eg berre så vidt vore borti dette med stille retreat ein gong før.  Då varte det berre eitt døgn, og retreatane på Åkerlehaugen varer i bortimot tre døgn. For mange kan det virka litt rart å vera taus så lenge, og ikkje kunna snakka med dei som er i same rommet som ein sjølv.  Men ein venner seg til det.  Og det kan vera godt å sleppa å tenkja på kva ein skal seia – og for somme kan det vera godt å sleppa å høyra på alt det kollegane har lyst til å snakka om.

Åkerlehaugen er verkeleg ein flott oase.  Ein nydeleg plass å trekkja seg tilbake til frå ein travel kvardag.  Her får ein alt ein treng – god mat, eige rom, fellesrom med gamle, tømra vegger og fyr i peisen, og eit flott lite kapell til andaktar.  Sjølv  sette eg også pris på å bruka tid i vedbua  med kløyveøksa eller framfor høvelbenken på løa. 

Det er Edin Løvås som er kjend for å ha ført retreatrørsla hit til landet vårt, men dei åndelege røtene strekkjer seg langt tilbake, heilt til den tidlege klosterrørsla, ja like til Jesu invitasjon til læresveinane om å komma avsides med han.   På nettstaden retreater.no kan ein lesa meir om kva ein retreat er for noko, og kor i landet ein tilbyr dette.

Eit lite a pro pos:  I året for grunnlovsjubileet, er det interessant at jesuittmunken Ignatius av Loyola har vore ei viktig inspirasjonskjelde for den moderne retreatrørsla.  Jesuittrørsla var ein viktig del av den romersk-katolske “motreformasjonen”, for å avgrensa skadeverknadane frå det den opprørske tyske munken Martin Luther hadde starta.   Grunnlova i 1814 heldt fram det gamle forbodet mot jesuittane, og dette forbodet vart ikkje oppheva før i 1956, etter ein oppheta debatt på Stortinget.  Og no sender altså bispedømekontora i den lutherske folkekyrkja vår ut invitasjonar til ignatianske retreatar.  Eg seier som dei sa det heime på Stord i gamle dagar: “No står ikkje vero te påskje”.  

lørdag 28. juni 2014

Selja som pilegrimsmål


Den første helga i juli er det seljumannamesse.  Eigentleg er det den 8. juli som er sjølve merkedagen for Den heilage Sunniva og følgesmennene hennar, og Den katolske kyrkja skal ha messe på Selja den dagen, men Den norske kyrkja har lagt feiringa til den søndagen som kjem nærast, og i år blir det søndag 6. juli.   På sida seljumannamesse.no kan du lesa meir om årets program, der m.a. St Hallvardguttene frå Oslo skal delta.

Det var Olav Tryggvason som først utpeikte Selja som ein heilagstad.  Det skjedde i år 996.  Selja er framleis eit flott pilegrimsmål for Vestlandet.  Staden ligg midt i kystpilegrimsleia mellom Stavanger og Trondheim, og er ein sjølvsagt stoppestad for dei som reiser nordover mot Nidaros.  På strekninga mellom Kinn og Selja har dei gjennom fleire år arbeidd med å utvikla “Sunnivaleia”, og kvart år er det no vandringar mellom desse to historiske stadene. Sunnivaleia har ei eiga heimeside (som diverre ikkje er oppdatert for 2014). 


Også for oss som bur nord for Stad, kan Selja vera eit naturleg pilegrimsmål.  Denne veka besøkte eg øya for første gong, saman med mi kjære kone Helga.  Me kjørte frå Giske over Hareidlandet Gurskøya og var innom St Jetmundskyrkja i Åheim på vegen.  I Selja parkerte me bilen,  og tok med oss ryggsekk og telt i klosterbåten.  Tilfeldigvis var heile Bjørgvin bispedømeråd med i båten, saman med Sigurd Vengen, tidlegare prost i Midhordland og no prostiprest i Nordfjord. Han brenn for Selja som pilegrimsmål, og var der for å leia bispedømerådet på ei liturgisk vandring gjennom klosterruinane.  Heldigvis fekk me lov til å henga oss på denne flokken, så me fekk ein svært fin start på pilegrimsopphaldet vårt på Selja.  Nattverdfeiring i hola var eit høgdepunkt!

Då alle dei andre hadde tatt båt tilbake til Selje sentrum, var me åleine igjen ved klosteret. 15 timar til neste båt.  Med nokre travle dagar bak oss, var det godt å kjenna at tida gjekk sakte.  No hadde me ikkje anna å gjera enn å sjå på gamle murar, vera stille, be og venta.  Oppe i Sunnivahola venta me ein time på at sola skulle krypa innover i hola og skina på steinalteret inst i hola.


For dei som lurer på korleis ein kjem seg over til Selja, så kan det gjerast på fleire måtar.  Klosterbåten tar turistar ut på ein tur med guiding.  Det tar om lag to timar, og kostar 200 kroner per person.  Men det går også ein mindre rutebåt som tar åtte passasjerar og er mykje rimelegare.  Denne båten går ikkje så ofte, og ein bør kanskje bestilla på førehand.  Her er ei ruteoversikt.   Etter ei natt i telt ved klosteret, var det godt å sjå båten komma over frå fastlandet kl 8 om morgonen.

I år får eg ikkje med meg Seljumannamessa, men for dei som er her i området søndag 6. juli, er det absolutt å anbefala.   Kanskje kan me organisera ein pilegrimsvandring over sjø og land frå Giske til Selja neste sommar? 

søndag 11. mai 2014

Presteliv på øyane

I dag har eg vore på båttur til Hamnsund.  Det var ei frisk oppleving, med mykje bølgesprut over den vesle jolla vår som har fått namnet «Kjapp» - oppkalla etter gummibåten til redningsskøyta «Elias» i barne-TV.  Det var såvidt plass til meg og eldste sonen min, Simon, i båten vår.  På turen tenkte eg på korleis det må ha vore for prestane før i tida, som måtte ut i båt i all slags ver heile året gjennom. Dei hadde iallfall større båtar! 

I år er det forresten hundre år sidan han som budde i prestebustaden på Valderøya, vart ramma av  hjerneslag.  Det var den 23. august i 1914 at residerande kapellan Bent Wettergren Bøysen hadde gjort ferdig gudstenesta i Hamnsund kyrkje, då han brått vart dårleg.  Tre år seinare døydde Bøysen, 66 år gammal. Bøysen var fødd i Skien 14. august 1851.  Kor lenge han var prest her, veit eg ikkje, men frå januar 1915 var det Nils Holte som var res.kap. her på øyane.

Den gongen var øyane her ein del av Borgund prestegjeld.  Losbygningen på Løeg-garden på Valderhaugstranda blei omgjort til prestebustad i 1878.  Giske sokn vart oppretta tjue år seinare, i 1898, og det omfatta Godøya, Giske, Valderøya og Oksebåsen. Vigra høyrde den gongen til Haram prestegjeld, men presten på Valderøya gjorde altså teneste også i Hamnsund, som var ein del av Borgund prestegjeld. Korleis var det å reisa med båt dit den gongen, mon tru? Det må no ha vore strabasiøst til tider, for me veit korleis veret kan vera her ute.
Bildet av Hamnsund kyrkje blei tatt på ein biltur for ei veke sidan.   

Eg byrja dagen i dag med konfirmasjonsgudsteneste i Godøy bedehuskapell.  Den turen tar meg berre litt meir enn ti minutt med bil.   Det var forresten ei fin avslutning på konfirmasjonsåret.  No har eg gjennomført fem konfirmasjonsgudstenester på tre søndagar; to i Vigra kyrkje, to i Giske kyrkje, og ei i dag.  Til saman førtini kjekke konfirmantar.  

onsdag 9. april 2014

Kyrkjemøtet: siger med bismak

Det vart siger – litt overraskande – for dei konservative på Kyrkjemøtet i saka om vigsel for likekjønna.  For meg er det ein siger med bismak.

Det er ein siger med bismak fordi det berre utset ei vanskeleg sak nokre år til.  For meg personleg er det greitt med eit pusterom.   Eg slepp å forhalda meg til at kyrkja endrar teologi på ei så viktig sak som synet på kva ekteskapet er for noko.   Men homostriden har prega kyrkja i så mange år no, at for mange utanforståande verkar det som om dette er det einaste me er opptatt av. Då må eg minna om at det ikkje er dei konservative i kyrkja som har bede om striden. Me har berre respondert på utfordringa frå dei som vil endra ein to tusen år gammal praksis.

Det er ein siger med bismak fordi det er vondt å kjenna på smerten mange homofile par opplever.  Det er ikkje slik at me hatar homofile.  Det enklaste for oss hadde vore å gi etter for det massive medietrykket me opplever no. Det er også vanskeleg å seia nei til folk som ber om velsigning.  Og sjølvsagt seier me ikkje nei ut frå ei slags sadistisk hersketrang, men fordi me opplever at me ikkje har mandat til å velsigna noko som Guds ord kallar synd.  Derfor er det provoserande å bli kalla «homofob» av meiningsmotstandarane.


Det er ein siger med bismak fordi stemmeresultatet viser kor delt kyrkja er.  Nesten halvparten av delegatane stemde for å gi homofile par rett til å gifta seg i kyrkja.  Det mangla berre nokre få stemmer. Det vil vera naturleg å tenka seg at me taper ein omkamp i eit kyrkjemøte med ei anna samansetjing dersom dei konservative ikkje engasjerer seg tungt for å erobra plassar i neste valomgang.  Og sjølv om eit nesten einstemmig kyrkjemøte vedtok at dette synet ikkje er kyrkjesplittande, er eg ikkje sikker på kor lenge eg kan halda fram som prest i ei kyrkje som er så delt. Eg må iallfall tenka grundig gjennom det.  Mange av dei som støtta mindretalet i denne omgangen har allereie meldt seg ut av kyrkja, eller dei tenkjer på å gjera det. For ein del i den konservative leiren, kan det nok verka fristande å seia at «ja, berre meld dykk ut, så kan me ha kyrkja for oss sjølv».  Men kyrkja er heimen vår, og me bør ikkje ta lett på at medlemer kjenner seg heimlause her.  Jesus sa ein gong (i ein heilt annan samanheng, rett nok) at «kvart rike som kjem i strid med seg sjølv, blir lagt øyde; og ingen by eller heim som kjem i strid med seg sjølv, kan bli ståande» (Matt 12,25).   Det er trist å sjå korleis striden om ekteskapet ser ut til å øydeleggja den heimen vår som kyrkja er.  Men eg tvilar på om det er mogleg i lengda at to syn kan bli rekna som likeverdige i kyrkja vår.  

fredag 28. mars 2014

Pilegrimar på Mørekysten



I eit tidlegare blogginnlegg spør eg kva me kan gjera lokalt her i Giske i forhold til Kystpilegrimsleia.  No skjer det endeleg ein del ting her:

Frå Giske til Selja
Den 1. juli er det planlagt ei pilegrimsvandring over sjø og land frå Giske til Selja.  Målet er å delta på den årvisse Seljumannamessa første søndagen i juli.  Framleis er det mange detaljar som ikkje er fastlagde for denne turen, men tanken er at ein skal bruka både offentlege transportmiddel, robåtar og gå til fots.  På vegen tenkjer ein seg innom fleire av øyane sør for Giske, som Hareidlandet og øyane i Herøy kommune, før ein legg vegen til Åheim og St. Jetmundkyrkja.  Derifrå vil ein gå den gamle kongsvegen over Mannseidet til Selje, og ta båt ut til sjølve Selja og dei gamle klosterruinane.   Det vil bli lagt opp til enkel og rimeleg innkvartering.
Selja er eit naturleg pilegrimsmål langs vestlandskysten.  Ikkje berre som ein stasjon på veg til Nidarosdomen, men som eit mål i seg sjølv.  Hit kom dei første kristne innvandrarane som flyktningar på slutten av 900-talet, og legenda om den heilage Sunniva førte etter kvart til at Selja vart eit senter for kyrkja i Noreg.  Her var det første bispesetet for Bjørgvin bispedøme, som Sunnmøre tilhøyrde fram til Møre bispedøme vart oppretta i 1983.  
Dei som er interesserte i denne turen, kan kontakta Nils Krister Larsen gjennom facebook-gruppa Seljasamfunnet

Frå Stavanger til Trondheim
Veka før Olsok vil det gå ein seilas frå Stavanger til Trondheim for å lansera kystpilegrimsleia.  Når følgjet kjem til Giske, søndag 27. juli, er det planlagt middagsbøn  - ei enkel liturgisk samling –   i Giske kyrke kl 16.00.  
Dagen før, laurdag 26. juli, blir det ei større markering ved klosterruinane på Selja.  Detaljane rundt kva som skal skje, veit vi enno ikkje noko om, men det ville jo vore flott om folk frå Giske kunne reist ned til Selja den laurdagen og vore med på det som skjer.  Høyrest dette interessant ut, så ta kontakt med meg på tlf. 91325568 eller epost gsakseid@gmail.com.
Frå Giske går lanseringsseilasen vidare via Bud og Kristiansund, slik at ein kan feira olsok i Trondheim.

NMS Møre planlegg fleire vandringar
Den siste helga i august inviterer NMS Møre til pilegrimsvandring på Nordmøre , der dei mellom anna skal sjå Kulisteinen, eit av dei første spora av kristen tru i landet vårt.  Neste år tenkjer dei seg ein tilsvarande tur i Nordre Sunnmøre, med m.a. Giske kyrkje og Borgund kyrkje som mål.  Etter kvart tenkjer ein seg med desse turane å komma fram til Selja.

Stiftsdagar med seminar om Kystpilegrimsleia

For dei som er tilsette i Møre bispedøme, er det interessant å vita at det blir eit seminar om kystpilegrimsleia under stiftsdagane på Molde folkehøgskule.  Seminarhaldar er Margun Pettersen, som sjølv har reist leia som kystpilegrim, og som har gitt ut rapporten «Pilegrim på kjøl»

lørdag 1. mars 2014

Giske i fastetida


No byrjar snart den kristne fastetida:  Dei førti kvardagane frå oskeonsdag til påskenatta, då kristne tradisjonelt har avstått frå kjøt.  Mange meinar at ordet karneval kjem av det seinlatinske carne vale, som tyder «farvel til kjøtet». Faste kan definerast som å avstå frå noko godt for å oppnå noko endå betre. 


Fastelavnssøndag er det karnevalsgudsteneste i Valderøy kyrkje, med kyrkjelydspedagog Anne-Helen Roaldsnes som liturg. Same dagen er det «vanleg»  gudsteneste med dåp i Giske kyrkje.  Ja, ikkje heilt vanleg då, for konfirmantane blir spesielt delaktige i gudstenesta denne gongen. 

Feitetysdag (4. mars)  får konfirmantane besøk frå Kirkens Nødhjelp.  Etter skuletid møter konfirmantane frå Valderøya og Vigra i Valderøy kyrkje til undervisning om årets fasteaksjon.   Tradisjonelt er dette dagen då folk skulle eta restane av kjøt og annan feit mat.

Oskeonsdag (5. mars) er det gudsteneste kl 19.00 både i Johanneskapellet på Valderøya og i Vigra kyrkje.  I Johanneskapellet blir dette starten på ein serie kveldsgudstenester kvar onsdag fram mot påske.  Sidan soknepresten på Valderøya, Andre Sjåvåg skal på pilegrimsreise til Det heilage landet, blir tre av desse gudstenestene leia av diakon Berit Johansen og av underteikna.   I Vigra kyrkje blir det duka til langbordsgudsteneste på oskeonsdag.   «Lær oss å dekke et langbord i verden» blir temaet for denne kvelden, der konfirmantane har mykje av ansvaret.  Det blir bønevandring og eit enkelt måltid i denne gudstenesta, og takkoffer til Kirkens Nødhjelp.  

Sjølve fasteaksjonen går av stabelen tysdag 8. april, siste veka før Palmesøndag.  Då vil konfirmantane banka på dørene til husa på alle øyane i kommunen vår, og me håpar dei vil bli godt mottekne. 

God fastetid!

tirsdag 4. februar 2014

Kystpilegrimsleia - kva gjer me med den i Giske?


"Kystpilegrimsleia langs Norskekysten var ein av dei viktigaste og kanskje mest brukte pilegrimsrutene til Nidaros, og er nemnt i skriftkjelder allereie på slutten av 1000-talet. Både norske og utanlandske pilegrimar valfarta her, anten for å reise heile vegen til Nidaros eller for å besøke mange av dei lokale pilegrimsmåla."   

Slik står det på heimesidene til Møre og Romsdal fylkeskommune. Der er det no lagt ut ein rapport frå forprosjektet til kystpilegrimsleia mellom Rogaland og Nidaros.  I rapporten (side 68) er Giske kyrkje nemnd som ein av dei stadene som det er naturleg for moderne kystpilegrimar å stoppa innom.  

Kva kan me som bur her på øyane i Giske gjera for å gjera mest mogleg ut av dette?  Giske kyrkje er allereie etablert som eit viktig turistmål.  Me har dessutan giskespelet og sommarfestivalen som trekkjer mykje folk. Den nye kyrkjestova som er under planlegging kan kanskje også brukast for å ønska moderne pilegrimar velkomne.  Kva med gjestehamn for tilreisande båtturistar?  Korleis er tilhøva for dette på øyane våre? 

Kystpilegrimsleia er eit spennande prosjekt som tiltalar mange, meg sjølv inkludert.  Sjølv er eg mest fascinert av soga om den heilage Sunniva som kom i land på Selja.  Selja vart seinare eit senter for kristendomen på Vestlandet.  På strekninga mellom Kinn og Selja har dei også kome langt i planlegging og etablering av moderne pilegrimsturar.  Sjå t.d. Sunnivaleia.  



fredag 3. januar 2014

Verda treng framleis vismenn

Når eg i dag arbeidar med å førebu preika til gudstenesta i Valderøy kyrkje komande søndag, tenkjer eg på at i år er det 1400 år sidan persarane invaderte Det heilage landet.  Det er sagt om dei at då dei kom inn i fødselskyrkja i Betlehem, klare til å brenna og øydeleggja, såg dei mosaikken på golvet.  Der var vismennene avbilda med persiske klede på seg.  Då skal dei ha bestemt seg for å la fødselskyrkja vera i fred, blir det sagt.

Preiketeksten er frå Matteus 2,1-12

Stridane mellom romarar (bysantinarar) og persarar før og etter år 614 skulle seinare få store konsekvensar for Det heilage landet.   Det var med og danna grunnlaget for at dei muslimske hærane nokre år seinare kunne erobra landa så lett som dei gjorde.  Den gong som no, var det mange ulike krefter som kjempa om makta.

Palestina var i hovudsak eit kristent land på 600-talet, men det budde også ein del jødar i området.  Desse følte seg undertrykte av dei kristne, og allierte seg med persarane då dei invaderte.  Kristne kjelder frå denne tida (som me må rekna med har overdrive ein del), seier at jødane jubla, og var ivrig med på å drepa kristne og øydeleggja kyrkjer.   Dei hadde sterke Messias-forventningar i denne tida.  Liksom persaren Kyros hadde hjelpt dei heim frå fangenskapet i Babylon meir enn tusen år tidlegare, forventa dei no at persarane skulle bana veg for Messias.   Persarane utnemnde jøden Nehemia ben Hushiel til guvernør i Jerusalem, og han skal ha prøvd å bygga eit nytt tempel i byen.   Dette varte likevel berre ei kort tid.  Etter tre år avretta persarane den jødiske guvernøren og forviste jødane frå Jerusalem igjen, og fjorten år etter invasjonen, i 628, tok den bysantinske keisaren landet tilbake igjen.   Men berre ti år etter det igjen, blei Jerusalem erobra av muslimane.

Framleis er det mykje ufred i og omkring Det heilage landet. Det blir aldri ein ende på maktkampane mellom alle dei ulike gruppene.  Aust mot vest,  shia mot sunni, Israelarar mot palestinarar.  Framleis treng me vismenn.  Framleis treng me vise menn og kvinner som kan finna ein annan veg, vegen til han som er Fredsfyrsten.

Søndagspreika er ikkje klar enno, men det ser ut til at det går i retning av «Kven er vår tids vise menn og kvinner?»  

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...