søndag 11. mai 2014

Presteliv på øyane

I dag har eg vore på båttur til Hamnsund.  Det var ei frisk oppleving, med mykje bølgesprut over den vesle jolla vår som har fått namnet «Kjapp» - oppkalla etter gummibåten til redningsskøyta «Elias» i barne-TV.  Det var såvidt plass til meg og eldste sonen min, Simon, i båten vår.  På turen tenkte eg på korleis det må ha vore for prestane før i tida, som måtte ut i båt i all slags ver heile året gjennom. Dei hadde iallfall større båtar! 

I år er det forresten hundre år sidan han som budde i prestebustaden på Valderøya, vart ramma av  hjerneslag.  Det var den 23. august i 1914 at residerande kapellan Bent Wettergren Bøysen hadde gjort ferdig gudstenesta i Hamnsund kyrkje, då han brått vart dårleg.  Tre år seinare døydde Bøysen, 66 år gammal. Bøysen var fødd i Skien 14. august 1851.  Kor lenge han var prest her, veit eg ikkje, men frå januar 1915 var det Nils Holte som var res.kap. her på øyane.

Den gongen var øyane her ein del av Borgund prestegjeld.  Losbygningen på Løeg-garden på Valderhaugstranda blei omgjort til prestebustad i 1878.  Giske sokn vart oppretta tjue år seinare, i 1898, og det omfatta Godøya, Giske, Valderøya og Oksebåsen. Vigra høyrde den gongen til Haram prestegjeld, men presten på Valderøya gjorde altså teneste også i Hamnsund, som var ein del av Borgund prestegjeld. Korleis var det å reisa med båt dit den gongen, mon tru? Det må no ha vore strabasiøst til tider, for me veit korleis veret kan vera her ute.
Bildet av Hamnsund kyrkje blei tatt på ein biltur for ei veke sidan.   

Eg byrja dagen i dag med konfirmasjonsgudsteneste i Godøy bedehuskapell.  Den turen tar meg berre litt meir enn ti minutt med bil.   Det var forresten ei fin avslutning på konfirmasjonsåret.  No har eg gjennomført fem konfirmasjonsgudstenester på tre søndagar; to i Vigra kyrkje, to i Giske kyrkje, og ei i dag.  Til saman førtini kjekke konfirmantar.  

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...