søndag 27. desember 2015

Me flyttar ut av prestegarden

I januar 2016 flyttar me ut av Valderøy prestegard, etter 3 ½  år.  Onsdag  30. desember inviterer me til "Open prestegard" mellom kl 17 og 21 for dei som har lyst til å ta ein kopp kaffi med oss og ta ein kikk på huset medan me framleis bur der. 


Då buplikta vart oppheva den 1. september  i år, måtte me tenka over om me skulle fortsetta å bu i prestegarden, eller ikkje.  I utgangspunktet var me innstilte på å kjøpa huset, dersom det vart lagt ut til sals til ein pris me kunne betala.  Eigarane, Opplysningsvesenets Fond (OVF) hadde i første omgang ikkje sett huset opp på lista over bygningar “med særleg kulturhistorisk verdi”, men Møre bispedømeråd bad om at OVF skulle behalda huset.   Dermed vart det til at me kjøpte hus på Vigra i staden.
Det er eit fint hus me flyttar frå, og beliggenheten er det aller finaste med huset, med ein fantastisk utsikt over Valderøyfjorden, med Ålesund  og Sula i bakgrunnen.  Her går skipsleia like utanfor, og naustet med båtplassen har vore kjekk å ha, sjølv om det har vore nokså verhardt.  Huset ligg også sentralt til, med 5 min å gå til kyrkjekontoret på Rådhuset, og med 11 km i kvar retning, anten eg skal til Vigra eller Godøya å ha gudsteneste.  Opprinneleg var huset mindre enn i dag.  Det vart bygt som fyrvaktarbustad i 1866.  Det er blitt brukt til prestebustad sidan 1878, den gongen som kapellanbustad i Borgund prestegjeld.  
Giske sokn vart oppretta i 1898, med øyane Godøy, Giske, Valderøya og Oksbåsen.  Dei som budde her var residerande kapellanar i Borgund prestegjeld fram til 1966, då Vigra sokn vart overført frå Haram og slått saman med Giske sokn til Giske prestegjeld.  I dag heiter det ikkje lenger “prestegjeld”.  Giske kommune, med dei tre sokna Giske, Vigra og Valderøya er eit “samarbeidsområde” i Nordre Sunnmøre prosti.  Huset er i dag eigentleg bustad for soknepresten på Valderøya, men då min gode kollega André Sjåvåg vart tilsett i den stillinga, hadde han allereie hus på Giske, og fekk dispensasjon frå buplikta.   
Prestebustaden hadde den siste store oppussinga i 1995.  Då vart det skifta vindauge og lagt isolasjon i golv og tak.  Då me flytta inn hit i 2012, vart hovudetasjen måla opp igjen, og det vart sett inn ny vedomn i stova.    Naustet hadde orkanen Dagmar herja stygt med vinteren før, og det fekk ein grundig reparasjon den sommaren.

No står me altså på flyttefot igjen.  Det er me etter kvart blitt vane med, men det er alltid spennande å komma til eit nytt hus og eit nytt nabolag.

Og  så blir det spennande å sjå kva som skjer med prestebustaden vidare: Kven flyttar inn? 

mandag 12. oktober 2015

Samliv: Harde hjarte og varme hjarte

Det var tre familiar til dåp i Giske kyrkje sist søndag, og den vesle kyrkja var fylt til siste benk: Her er manuset til preika:

Preiketekst for 20. søndag i treeiningstida, 2. rekke:  Markus 10,2-9:

2 Då kom det nokre farisearar og spurde han: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si?» Dei ville setja han på prøve. 3 «Kva bod fekk de av Moses?» sa Jesus. 4 Dei svara: «Moses har gjeve mannen lov til å skriva skilsmissebrev og senda henne frå seg.» 5 Då sa han til dei: «Fordi hjarta dykkar er så harde, har Moses gjeve dykk dette bodet. 6 Men i opphavet, då alt vart til, skapte Gud dei som mann og kvinne. 7  Difor skal mannen forlata far sin og mor si og halda fast ved kvinna si, 8  og dei to skal vera éin kropp. Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp. 9 Og det som Gud har bunde saman, skal ikkje menneske skilja.»
 (Tekst frå bibel.no )

Det å finna det gode samlivet, det er ikkje lett.  Men det som er hovudpoenget i dag, det er at Gud vil hjelpa oss til å halda saman.  Me lever i ein verden som er prega av mange slags konfliktar rundt dette med samliv.  Her kan Jesus hjelpa oss.  I staden for å bli hengande fast i diskusjonar som aldri tar slutt, så peikar Jesus tilbake på Guds opphavlege skapartanke for mann og kvinne.  Meir enn det.  Han viser oss i praksis kva ekte kjærleik er.

Jesus: Dei harde hjarta er grunnen til problema
Det er ikkje berre i våre dagar me diskuterer ulike spørsmål knytt til dette med samliv.  Dei siste åra er det homofili og likekjønna ekteskap som er det store stridsspørsmålet.  Det skal me legga til sides i dag, men me veit at kyrkja vår er delt i synet på dette, og at diskusjonen på mange måtar lammar oss og tar frimodigheten frå oss.  

Det er mange andre slike område at kyrkja ikkje nødvendigvis er på linje med det som folk flest elles meiner er rett og gale.  Det kan gå på dette med gjengifte etter skilsmisse eller på det å bu saman utan å vera gifte.  I slike spørsmål som er så djupt personlege for folk, er det vanskeleg å kommunisera tydeleg Guds gode vilje utan å virka fordømmande.  Men eg trur at Bibelens ord er godt for oss å bygga på .  Også det Jesus seier om ekteskapet, at me er skapt i Guds bilde som mann og kvinne for at dei to skal vera eitt og halda saman livet ut.  Sjølv om det kan vera store sprik mellom det me ser på som eit ideal, og det me opplever i realiteten i våre eigne liv.

Det er ikkje berre her i vår norske, lutherske kyrkje at me diskuterer desse tinga.  I desse dagar er det ein stor katolsk konferanse i Roma. “Familiesynoden” skal vera samla i tre veker for å samtala om dette, korleis kyrkja kan peika på Guds gode vilje for oss på ein måte som kommuniserar godt i dagens samfunn.  For kyrkja skal ikkje tilpassa seg skiftande samfunnstrendar, men vera eit eksempel, og alltid peika på Guds gode vilje, slik Jesus gjorde. Pave Frans sa til dømes, sist søndag, at familien er Guds draum for skaparverket.  “Her er Guds draum fullenda, når mann og kvinne finn saman i kjærleik”, seier paven.

Det er våre harde hjarte som er grunnen til problema, seier Jesus.  Det var derfor Moses gav mannen lov til å skilja seg frå kona si, seier han.  Fordi me lever i ei verd prega av synd.  Fordi me har rota til Guds draum.

Frå opphavet var det ikkje slik. Gud skapte oss til mann og kvinne for at dei to skulle vera eitt.  Jesus vil at me skal finna tilbake til Guds eigentlege vilje for oss.  

[Diakon Berit Johansen gir litt informasjon om Temakveld med samliv i sentrum onsdag 14.10] 


Jesus viser oss i praksis kva ekte kjærleik er.
Det som er så fint med Jesus, er at det var ikkje berre snakk med han.  Han ikkje berre snakka med fine ord om kjærleik.   Han viste det i praksis, kva ekte kjærleik er for noko.  Paulus kallar det eit mysterium, dette at Jesus gav seg sjølv for oss.  Paulus er ofte blitt utskjelt fordi folk ikkje alltid likar det han skriv, men samtidig er det jo han som har gitt oss ein av dei mest brukte bibeltekstane om kjærleik, nemlig det som står i 1 Kor 13:
“Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig, misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.
Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige, er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde.
Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. 
Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han”

Dette er meir enn ein abstrakt filosofisk tekst med fine, vakre ord.  Det er ei skildring av Jesus og det han gjorde for oss.  Han gav livet sitt for oss.  På den måten viste han oss kva ekte kjærleik er.  Han viste oss kor høgt Gud elska oss. 

I teologien snakkar me av og til om brudemystikk.  Forholdet mellom oss og Gud er som forholdet mellom ei brur og brudgommen.  Gud er brudgommen, og Guds folk er brura.  Jesus har elska kyrkja, brura, med ein evig kjærleik.  Og denne kjærleiken som han har vist oss, den skal me få ta imot, og me skal få gi den vidare til dei menneska som er rundt oss.    Derfor skriv Paulus dette om ekteskapet:  “Mannen skal forlata far og mor og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp.  Dette er eit stort mysterium. Eg tenkjer på Kristus og kyrkja.  Men det gjeld dykk òg: Kvar og ein av dykk skal elska kona si som seg sjølv, og ho skal ha respekt for mannen sin. “

Så har me vel alle ting som me angrar på.  Ting som ligg i fortida som ikkje kan gjerast ugjort.  For nokon av oss har det ført til samlivsbrot eller dårlege relasjonar i familien, mellom foreldre og born, eller mellom søsken.   Så er det slik at me framleis lever i denne falne verda vår.  Me må leva med konsekvensane av dei vala me gjer, og med dei vala me gjorde tidlegare.  

Det som gjekk sund for fleire år sidan, kan kanskje ikkje reparerast.  Men våre hjarte kan bli fornya, og forholdet til dei menneska me har rundt oss i dag, kan bli nytt.
Jesus ønskjer å ta våre harde hjarte, våre knuste hjarte, og gjera dei nye.  Varme hjarte som bankar for kvarandre, for Gud, for dei menneske me har rundt oss. 

Lat oss be:  
Evige Gud, kjærleiks kjelde,   du har skapt oss til å leva i fellesskap med deg og med kvarandre. Vi bed deg:
Bygg heimane våre i fred  og velsign alle ekteskap, familiar og fellesskap.
Fyll oss med din kjærleik, så vi kan tena deg i glede,
ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve.  Amen

søndag 13. september 2015

Kystpilegrimsleia med hurtigbåt og sykkel


Utsikt frå Haramsøya mot Ullasundet


Langs store delar av kysten mellom Stavanger og Trondheim går det an å kombinera sykling med hurtigbåt eller ferje.  Du kjøper personbillett på båten, og tar sykkelen med gratis.  Underteikna og fruen prøvde dette på ein liten del av strekninga, nemlig øyane frå Ålesund og nordover eit stykke, og med elsykkel fekk me sjå den fantastiske naturen på Løvsøya, Haramsøya og Skuløya i Haram kommune. 

Frå ruteheftet til Møre og Romsdal fylkeskommune
Vil ein reisa lenger på Sunnmøre, kan ein byrja på Hareid og ta hurtigbåten til Ålesund eller til Valderøya.   Så kan ein byta båt og reisa nordover til Harøya heilt nord i Haram kommune.  Ein kort sykkeltur derifrå kan ein ta ferje ut til Ona fyr eller vidare mot fastlandet ved Molde. 

Dei som vil ta heile kystpilegrimsleia med båt og sykkel, kan reisa med hurtigbåt frå Stavanger gjennom Ryfylke og Sunnhordland til Bergen og vidare heilt til Selje.  I Søre Sunnmøre og mellom Molde og Kristiansund blir det lengre strekningar på sykkel, før ein igjen kan setja seg i båten til Trondheim.
Austnes ferjekai, Haramsøya


Undervegs på ein slik tur kan ein få med seg mange pilegrimsmål, som til dømes den vakre mellomalderkyrkja på Giske.  Frå hurtigbåtkaien på Valderøya er det berre ein kort sykkeltur på 6 km til Giske kyrkje.   

fredag 28. august 2015

Eit vanskeleg samliv

Samlivsetiske spørsmål er noko av det som er vanskelegast for kyrkja å forhalda seg til. Det gjeld ikkje berre den saka som er brennheit akkurat no, spørsmålet om ja eller nei til likekjønna ekteskap.  I alle år har også skilsmisse og gjengifte vore debattert, og i dei seinare tiåra har sambuarskap blitt ein heilt vanleg praksis sjølv om det har vore og framleis er omdiskutert i kyrkja.   Det kan vera vanskeleg å samarbeida i kyrkja når ulike syn står steilt mot kvarandre.  Samlivet blir vanskeleg i dobbel forstand.

Eg skal ikkje her og no gå inn i den konkrete diskusjonen om sambuarskap, skilsmisse og gjengifte eller om samkjønna ekteskap, men berre reflektera rundt dette at det vil vera vanskeleg i lengda å halda fast på at det er to likeverdige syn som gjeld i kyrkja.

Det er himmelvid forskjell frå den gongen på åttitalet då sambuande foreldre ikkje fekk komma opp til døypefonten når barnet deira vart døypt, og til no når me diskuterer likekjønna ekteskap .  Ikkje at eg vil tilbake til den praksisen me hadde på åttitalet.  Det var ein dårleg måte å ønskja unge foreldre velkomne i kyrkja, å la dei stå til spott og spe nede på kyrkjegolvet, medan fadrane bar barnet til dåpen.  I dag er det ikkje sambuarskap som er det store etiske spørsmålet, men likekjønna ekteskap.  Det spørsmålet har så stor sprengkraft i seg at det splittar kyrkja i to. I utlandet har det ført til at store kyrkjesamfunn har brote samarbeidet med kvarandre.  I USA var det mange kyrkjelydar og einskildpersonar som melde seg ut av det største lutherske trussamfunnet, ELCA, då den kyrkja opna for homofilt samliv i 2011.  ELCA misser stadig medlemer, medan dei konservative alternativa veks.  Berre på tre år miste ELCA 600.000 medlemer.  Den same trenden gjeld for andre store, liberale kyrkjer, ifølge denne artikkelen  .

Det store spørsmålet er om medlemene i Den norske kyrkja vil halda fram i eit vanskeleg samliv, eller om mange vil seia at tida er inne for skilsmisse.  Då kyrkjemøtet i 2014 ikkje hadde fleirtal for å innføra liturgi for samkjønna vigsel, var det mange liberale som melde seg ut i protest, medan ein god del konservative valde å bli verande.  Dersom kyrkjemøtet i 2016 eller -17 opnar fullt ut for samkjønna vigsel, kan resultatet bli motsett.  Det kan då bli dråpen som får begeret til å flyta over for endå fleire av dei mest aktive kyrkjefolka som ønskjer å ta på alvor det Bibelen seier om eit kristent samliv. Eg trur nok likevel ikkje at det vil bli noko masseflukt ut av Den norske kyrkja, uansett utfall i valet.  Folkekyrkja her til lands har ein heilt annan sosial struktur enn dei store kyrkjesamfunna i USA.  Dessutan er det ikkje mogleg for heile lokalkyrkjelydar å melda seg ut av Den norske kyrkja og  inn i noko anna.  Indremisjonsforbundet og Misjonssambandet har eit utprega spiritualistisk kyrkjesyn – dvs at det formelle kyrkjemedlemsskapet ikkje er så viktig som det åndelege bandet som knyter dei truande saman på tvers av alle ytre organisasjonar.  Derfor har desse organisasjonane heller ikkje blitt eigne trussamfunn, men berre oppretta formelle medlemsregister for dei som ikkje ønskjer å vera medlem av Den norske kyrkja. Det er også mange andre grunnar til at kyrkjemedlemer vel å bli ståande i kyrkja, sjølv om ein kjenner seg meir og meir framand i sitt eige trussamfunn.   Så dersom det ikkje blir eit stort og relevant alternativ å melda seg inn i, trur eg at dei fleste aktive kyrkjefolk med konservativ innstilling vil bli verande i kyrkja – iallfall som  formelle medlemer.

Men korleis blir samarbeidet internt i kyrkja?  Og korleis blir tilhøvet mellom den offisielle kyrkjelyden og organisasjonane som samlast på bedehusa? Her i Giske opplever eg for tida at samarbeidsklimaet er godt, sjølv om me veit at det kan vera store teologisk sprik på mange område. Eg håpar at me også i framtida kan samarbeida godt med kvarandre her på lokalplanet.  Det er her kyrkja lever.  Det er her me byggjer fellesskap og hjelper kvarandre fram gjennom livet i trua på Frelsaren vår, Jesus Kristus.

Dersom kyrkja skulle velja å innføra ein liturgi for likekjønna ekteskap, så vil det truleg bli slik at prestar som ikkje ønskjer dette, vil få reservasjonsrett, slik ein har praktisert det i forhold til gjengifte. På lengre sikt trur eg likevel at prestar med eit konservativt syn i dette spørsmålet vil oppleva seg marginaliserte.  Eg treng ikkje vera profet for å seia at eg trur ein vil få spørsmål om desse sakene i jobbintervju.  Det vil kunna bli vanskeleg å få jobb ein del stader, på same måten som det i dag er vanskeleg for jobbsøkarar som er motstandarar av kvinnelege prestar.  I ein slik situasjon vil nok ein del av oss byrja å sjå oss om etter noko anna å gjera. Det vil også bli vanskeleg å rekruttera nye prestar frå slike sterke og levande ungdomsfellesskap som me ser mange stader, ikkje minst her ute på øyane.

I skrivande stund er det litt over to veker til me skal gå til valurnene og stemma, også i kyrkjevalet. Kvar må sjølvsagt stemma etter si overtyding.  Men det er såpass mange som skriv i massemedia til støtte for den alternative lista til bispedømerådet, at eg vil nytta høvet til å oppmoda lesarane mine til å gi si støtte til nominasjonskomiteen si liste. I år er det ikkje høve til å stryka kandidatar, men du kan gi ekstrastemmer til inntil tre personar på lista.    

I dette innlegget har eg ikkje diskutert sjølve saka – eller sakene – samlivsetikken i kyrkja.  Det er eit stort og omfattande saksområde.  Men på same måten som at samlivet mellom to menneske i ekteskap kan vera vanskeleg, står me no overfor store utfordringar til samlivet i kyrkja.  Eg håpar at me kan snakka saman med respekt også i framtida – og at me "for borna si skuld" kan halda saman så lenge det går.  

mandag 27. juli 2015

Kystpilegrimar til Giske


Giske kyrkje er ein naturleg stoppestad for pilegrimar som reiser langs kystpilegrimsleia.  I tillegg til dei fleire tusen turistane som er innom her med buss frå cruise-skipa som legg til kai i Ålesund, hender det at det kjem andre pilegrimar hit.  Søndag kveld kom det ein gammal båt tokkande inn på Giskehamna.  Det var den 99 år gamle MK Faxsen som var på veg nordover.  Med seg hadde kuttaren nokre pilegrimar som var på veg frå Stavanger til Trondheim for å feira olsok.  Eg fekk gleda av å ta imot dei på hamna og vera med dei på kveldsbøn i kyrkja vår.

I dag tok eg imot ei anna lita gruppe med pilegrimar på veg til Trondheim.  Dei reiste annleis:  Snøggbåt frå Bergen til Selje, buss til Giske og Hurtigruta siste etappen. Men kjekt er det at Giske er lagt inn som eit delmål på vegen mot Nidarosdomen.

Sjølv fekk eg også gleda av å reisa innom Giske kyrkje som pilegrim i sommar.  Tysdag 30. juni kom me dit med Borgundknarren.  Det var første etappen vår på reisa langs “Sunnmørsleia” til Selje kloster. Knarren tok oss vidare til Valderøya, og etter eit besøk i prestegarden gjekk ferda vidare med hurtigbåten til Hareid.  Eg var slett ikkje åleine om å synast at det var ei flott oppleving å vera kystpilegrim.  Nokre erfarne pilegrimar som var med på turen sa det omtrent slik: "Caminoen i Spania var bra.  Pilegrimsleia i Gudbrandsdalen var betre.  Men Sunnmørsleia er det beste me har opplevd!" (Les meir)
Knarren legg til på Valderøya.

Borgundknarren kjem hit ein gong til i sommar. Torsdag 6. august kl 15.00 blir det pilegrimsmesse i Giske kyrkje, som avslutning på ei reise som byrjar i Romsdal to dagar før, i regi av Det Norske Misjonsselskap (NMS).  Pilegrimsmessa er open for alle som ønskjer å delta, og på den måten ønskja pilegrimane vel møtt til Giske. 


tirsdag 9. juni 2015

Olavskrossen på Dragseidet

"HER KRISTNET OLAV 4 FYLKER"
Slik lyder innskrifta på Olavskrossen på Dragseidet i Nordfjord. Steinen vart reist her i 1913 til minne om at Olav Tryggvason gjennomførte ein massedåp av sogningar, fjordingar, sunnmøringar og romsdalingar på tinget her i år 997.   Då var han på veg til Trondheim, byen han skal ha grunnlagt same året.  To år tidlegare, i 995, hadde han bygd den første kyrkja i Noreg på Moster i Sunnhordland.

I sommar skal pilegrimsvandringa langs Sunnmørsleia gå denne vegen til Selja kloster. Dagen før Seljumannamessa kjem me med båt til Leikanger på Stadlandet.  Frå Leikanger kyrkje går me opp stien til Olavskrossen.  Derfrå skal me følgja den gamle kyrkjevegen over fjellet til Liset, like ved Selje sentrum.


Var det verkeleg Olav som kristna desse fire fylka?  Både ja og nei, kan me sikkert svara på det.  Ytre sett var nok dette ei viktig maktpolitisk hending som var med å vippa balansepunktet. Samstundes hadde nordmenn lenge vore påverka av kristendomen. Langs norskekysten frå Jæren til Trøndelag finn me omtrent 60 steinkrossar og runesteinar frå 900-talet.

"Tolv vintrar hadde kristendomen vore i Noreg".  Dette er ein del av innskrifta på Kulisteinen på Nordmøre. Det er usikkert når steinen er reist.  Innskrifta kan knyta seg til Olav Haraldsson og Mostratinget i 1024, eller til Olav Tryggvason og Dragseidtinget i 997.  Men den kan òg knyta seg til Håkon den gode sitt kristningsforsøk så tidleg som rundt år 950.

Impulsar frå det kristne Europa hadde likevel nådd Noreg mykje tidlegare. Allereie i folkevandringstida har nok handelsmenn og andre reisande vore i kontakt med kristendomen og blitt påverka av denne trua.  Nokre har tatt desse impulsane med seg heim igjen, men det tok lang tid før den nye trua fekk så stort gjennomslag i folket at det vart politisk mogleg å gjennomføra ein slik massedåp som Olav Tryggvason gjorde i år 997.

torsdag 4. juni 2015

Kan ei bok om gamle manuskript vera spennande?

Kan ei bok om gamle, tørre håndskrifter på papyrus og pergament verkeleg vera interessant lesestoff?  Ja, det ser me jo på dei mange krim-bøkene som tar opp dette temaet - på meir eller mindre spekulativt vis.  Men Hans Johan Sagrusten har klart å gjera fagstoffet spennande også.

Krimforfattaren Tom Egeland skriv:" For en bok! Velskrevet, fengslende og intenst spennende - den rene vitenskapsthriller for alle som er fascinert av Bibelen, teologi og mystiske manuskripter".

Dette er jo ting me lærte på teologistudiet, så i og for seg er det ikkje noko nytt tema for meg,  men boka er lettlest og er ein god repetisjon.   Dessutan - og det er viktigast - så ser me liksom for oss dei gamle manuskripta på ein heilt annan måte enn når me berre ser ei liste med namn som A, B, D, p45, L, N osb. Dette er fordi han tar med så mykje bakgrunnsstoff som gjer stoffet levande for oss.

Forfattaren tilbakeviser også ein del innvendingar mot Bibelen, som t.d. dette at det var eit tilfeldig kyrkjemøte som avgjorde kva slags bøker som skulle vera med i Bibelen, eller at keisar Konstantin skulle ha revidert teksten til Bibelen på 300-talet.

Boka er anbefalt for alle som er interessert i å vita meir om korleis Bibelen er blitt slik me har han i dag.

Hans Johan Sagrusten:  Det store puslespillet.  Jakten på de tidligste manuskriptene til Bibelen. Verbum 2014.

fredag 16. januar 2015

Bibeldagen 2015

Foto: Tor Tjeransen

Kyrkja i Giske løftar fram Bibelen med fleire arrangement i månadsskiftet januar – februar.   Det byrjar i Godøy bedehuskapell søndag 25. januar kl 11.  Denne gudstenesta er ein del av Lys Våken-arrangementet for 10- og 11-åringar frå Giske og Godøya, og dei som går i 5. klasse får utdelt Bibelen.  Takkofferet går til Bibelselskapet og arbeidet som dei driv saman med Bibelselskapet i Egypt.  I år skal dei dela ut Lukasevangeliet til hundre tusen skuleborn.   Søndag 1. februar er det også takkoffer til Bibelselskapet i Giske kyrkje.  Bibelselskapet skriv at for berre 300 kroner kan ein klasse med 40 elevar få både Lukasevangeliet og ei oppgåvebok som følgjer med.

Torsdag 29. januar får me besøk frå Egypt.  Då er det møte i Valderøy bedehus kl 19.30, og dette er eit samarbeid med Valderøy indremisjon.  Det er Nashat Megalaa, informasjonsleiar i Bibelselskapet i Egypt som kjem hit saman med Bernt G. Olsen frå Det Norske Bibelselskap.  Dei vil fortelja om det store bibelarbeidet dei driv i Egypt. 




Video: Det Norske Bibelselskap

mandag 5. januar 2015

Sunnmørsleia til Selja 30. juni - 5. juli

Bli med på ei pilegrimsreise langs Sunnmørskysten til Seljumannamessa på Selje kloster.



Reisa startar ved Borgund kystmuseum i Ålesund tysdag 30. juni og endar opp på Selje kloster søndag 5. juli.  Dette blir ei vandring over sjø og land med ulike former for båttransport langs kystpilegrimsleia.  På vegen vil me gå innom gamle kyrkjer og stader med kulturhistorisk interesse.  Det vil bli avsett tid til bøn og stille stunder undervegs.

Ruta byrjar med ei tidsreise på tusen år på ein dag: Først med vikingskipet “Borgundknarren” frå Sunnmøre museum på Borgund over fjorden til Giske kyrkje, og vidare med hurtigbåt til Hareid.  Der går me over fjellet til Ulsteinvik.  Dagen etter ror me vidare – mellom anna i eit mindre vikingskip –  gjennom skjergarden i Herøy. Tredje dagen vandrar me over Gurskøya og får båtskyss til Sandsøya.   Fjerde dagen går ferda vidare med båt til Vanylven, der det blir ei vandring til Åheim.  Til slutt går me over fjellet til Selje og tar båt ut til klosteret på øya Selja.  Søndag formiddag avsluttar me pilegrimsreisa med å delta i den økumeniske gudstenesta i Selje kloster.  

Bagasjetransport vil bli organisert, men dei som melder seg på turen må vera i god nok fysisk form til å vandra opp til 4-5 timar dagleg med oppstigingar på opp til 500 høgdemeter.

Når sjølve pilegrimsreisa er slutt, kan dei som vil gjera reisa endå litt meir spennande, ta turen tilbake til Ålesund med hurtigruta frå Måløy måndag morgon.  
Leiar for pilegrimsreisa blir sokneprest i Giske, Geir Sakseid.

Påmelding
Det er plass til 20 deltakarar på denne turen.
Du melder deg på ved å senda ein epost til: gesa@giske.kommune.no  Du vil då få informasjon om betaling.  Når depositum er innbetalt, er påmeldinga stadfesta.

Pris
Kr 5000,-  Dette skal dekka båttransport, overnattingar, måltid og andre fellesutgifter.  Depositum ved påmelding kr 1000,- Dette blir kun tilbakebetalt dersom turen blir avlyst. Prisen dekker ikkje retur til Ålesund.

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...