tirsdag 9. juni 2015

Olavskrossen på Dragseidet

"HER KRISTNET OLAV 4 FYLKER"
Slik lyder innskrifta på Olavskrossen på Dragseidet i Nordfjord. Steinen vart reist her i 1913 til minne om at Olav Tryggvason gjennomførte ein massedåp av sogningar, fjordingar, sunnmøringar og romsdalingar på tinget her i år 997.   Då var han på veg til Trondheim, byen han skal ha grunnlagt same året.  To år tidlegare, i 995, hadde han bygd den første kyrkja i Noreg på Moster i Sunnhordland.

I sommar skal pilegrimsvandringa langs Sunnmørsleia gå denne vegen til Selja kloster. Dagen før Seljumannamessa kjem me med båt til Leikanger på Stadlandet.  Frå Leikanger kyrkje går me opp stien til Olavskrossen.  Derfrå skal me følgja den gamle kyrkjevegen over fjellet til Liset, like ved Selje sentrum.


Var det verkeleg Olav som kristna desse fire fylka?  Både ja og nei, kan me sikkert svara på det.  Ytre sett var nok dette ei viktig maktpolitisk hending som var med å vippa balansepunktet. Samstundes hadde nordmenn lenge vore påverka av kristendomen. Langs norskekysten frå Jæren til Trøndelag finn me omtrent 60 steinkrossar og runesteinar frå 900-talet.

"Tolv vintrar hadde kristendomen vore i Noreg".  Dette er ein del av innskrifta på Kulisteinen på Nordmøre. Det er usikkert når steinen er reist.  Innskrifta kan knyta seg til Olav Haraldsson og Mostratinget i 1024, eller til Olav Tryggvason og Dragseidtinget i 997.  Men den kan òg knyta seg til Håkon den gode sitt kristningsforsøk så tidleg som rundt år 950.

Impulsar frå det kristne Europa hadde likevel nådd Noreg mykje tidlegare. Allereie i folkevandringstida har nok handelsmenn og andre reisande vore i kontakt med kristendomen og blitt påverka av denne trua.  Nokre har tatt desse impulsane med seg heim igjen, men det tok lang tid før den nye trua fekk så stort gjennomslag i folket at det vart politisk mogleg å gjennomføra ein slik massedåp som Olav Tryggvason gjorde i år 997.

torsdag 4. juni 2015

Kan ei bok om gamle manuskript vera spennande?

Kan ei bok om gamle, tørre håndskrifter på papyrus og pergament verkeleg vera interessant lesestoff?  Ja, det ser me jo på dei mange krim-bøkene som tar opp dette temaet - på meir eller mindre spekulativt vis.  Men Hans Johan Sagrusten har klart å gjera fagstoffet spennande også.

Krimforfattaren Tom Egeland skriv:" For en bok! Velskrevet, fengslende og intenst spennende - den rene vitenskapsthriller for alle som er fascinert av Bibelen, teologi og mystiske manuskripter".

Dette er jo ting me lærte på teologistudiet, så i og for seg er det ikkje noko nytt tema for meg,  men boka er lettlest og er ein god repetisjon.   Dessutan - og det er viktigast - så ser me liksom for oss dei gamle manuskripta på ein heilt annan måte enn når me berre ser ei liste med namn som A, B, D, p45, L, N osb. Dette er fordi han tar med så mykje bakgrunnsstoff som gjer stoffet levande for oss.

Forfattaren tilbakeviser også ein del innvendingar mot Bibelen, som t.d. dette at det var eit tilfeldig kyrkjemøte som avgjorde kva slags bøker som skulle vera med i Bibelen, eller at keisar Konstantin skulle ha revidert teksten til Bibelen på 300-talet.

Boka er anbefalt for alle som er interessert i å vita meir om korleis Bibelen er blitt slik me har han i dag.

Hans Johan Sagrusten:  Det store puslespillet.  Jakten på de tidligste manuskriptene til Bibelen. Verbum 2014.

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...