Vårt Land melder at den nye leiande biskopen vår, Helga Haugland Byfuglien er utålmodig. Som leiar av samlivsutvalet meiner ho at det er på tide at kyrkja vår får ein liturgi for velsigning av homofile. Det er slike ting som gjer at eg får mindre lyst til å halda fram som prest. Og så lurer dei på kvifor kyrkja vår har vanskar med å rekruttera nye prestar.
Eg høyrer til dei som synest det var flott at biskopane våre no endeleg klarte å samla seg om ein kandidat til leiande biskop. Endeleg kan kyrkja ta innersvingen på staten. Jada... Eg er sikker på at Byfuglien blir ein dyktig leiar for bispekollegiet. Ingen tvil om det. Men frå min ståstad blir det ei blanda velsigning. At kyrkja løyser på banda til staten, gler eg meg over. Men at me tar med oss ein verdsleggjort teologi på vegen, gjer meg berre oppgitt.
Eg ønskjer meg ei kyrkje som eg kan tru på. Ei kyrkje eg kan identifisera meg med. Det finn eg i lokalkyrkjelyden her i Os, og i stor grad i Bjørgvin bispedøme. Men eg registrerer at kyrkja som heilskap går i ei retning eg ikkje ønskjer.
mandag 21. mars 2011
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Om adventstid og rett til arbeid
Vigra og Valderøy skulekorps spelte på julegrantenninga. På den årlege julegrantenninga på Roald hadde eg ord for dagen, der eg snakka l...


-
Debatten mellom veganarar og kjøt-etarar går friskt for tida. Men må det vera eit anten eller? Tradisjonell kristendom, t.d. som i den k...
-
The political parties in the Norwegian parliament, the "Storting", have agreed to give the church more independence. This is a ste...
-
Nei, slett ikkje. Det er no det byrjar! Påska varer til pinse, men det er ikkje slutt då heller. I kyrkja påskedag sa eg at påska var...
