tirsdag 14. april 2020

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samband med den jobben har eg laga ein ny blogg som heiter "Sendt"

Elles er det usikre tider på mange område no, pga den pågåande pandemien. Mine eigne arbeidsoppgåver kan også bli endra som følge av dette. Eg håpar sjølv at eg får bruka mykje tid på kontakt med kyrkjelydane i bispedømet for å inspirera til å dela trua både lokalt og globalt, men akkurat no skjer det meste elektronisk eller over telefon.

lørdag 30. november 2019

Om adventstid og rett til arbeid

Vigra og Valderøy skulekorps spelte på julegrantenninga.
På den årlege julegrantenninga på Roald hadde eg ord for dagen, der eg snakka litt om biskop Stålsett, litt om mor mi og litt om Jesus: 

Det er godt å ha eit hus å bu i og eit arbeid å gå til.

Det tenkjer eg på no i desse førjulstider. 
Og det er ikkje først og fremst fordi eg sjølv har fått meg ny jobb.  Neste år skal eg jobba på bispekontoret i Molde.  Men eg tenkjer på dei som ikkje har rett til å tena pengar for å livnæra seg.  Dei papirlause flyktningane.  Dei som ikkje har fått innvilga rett til å bu i landet vårt, men som er livredde for å reisa tilbake.  Og utan jobb og inntekt, kan dei heller ikkje betala for ein plass å bu.

Tidlegare biskop Gunnar Stålsett såg eit menneske i ein slik situasjon, og han såg det som si kristenplikt å hjelpa henne til å livberga seg, så han gav henne arbeid, sjølv om han visste det var ulovleg.  Det er han villig til å gå i fengsel for.  Han gjorde det i sivil ulydighet mot ei lov som han meinte var ukristeleg. Og det er han villig til å ta straffa for.  Eg har slett ikkje alltid vore enig i alt biskop Stålsett har stått for.  Tvert imot. Men dette har eg stor respekt for.  Han har valt å lyda ein annan Herre enn fleirtalet på Stortinget.

Eg tenkjer også på noko som hendte ei mørk vinternatt heime på Stord for mange, mange år sidan, i åra like etter krigen.  Mor mi døydde no i haust, og i dagane før begravelsen sat eg og las noko ho hadde skrive om gamle dagar.  Der fortalde ho korleis det var då dei budde i ein trang, liten loftsleilighet nede på kaien.  Om kvelden banka det på døra.  Der stod ei splintakone og ein liten unge, og spurde om dei kunne få sova der i natt.  «Splintar», det var det dei kalte omreisande folk som ikkje hadde fast arbeid og fast plass å bu.  Dei skulle bli henta av ein båt dagen etter, men no hadde dei ingen plass å sova, fortalde dei.  Men mor mi sa nei.  Dei hadde ikkje plass, for no hadde dei fått besøk av svogeren hennar,  onkelen min, og han skulle sova på sofaen i stova.  Meir sengeplass hadde dei ikkje.  Så ho måtte spørja om husly andre plasser, sa mor mi.

Men så sat dei der inne og fekk ikkje ro i sjela.  Ute var det mørkt og kaldt.  Kva ville skje viss dei ikkje fekk husrom nokon annan stad? Etter ei stund gjekk far min ut og leita.  Då fann han dei nede på kaien, dei stod og hutra og fraus utanfor eit hus.  Skorne var gjennomvåte. Så fekk dei komma inn, likevel.  Ho serverte dei varm kakao og mat, og dei fekk ligga på sofaen i stova. Onkel fekk plass i dobbeltsenga attmed pappa og mamma. Dei var berre så utruleg takknemlige for at dei fekk ein plass å sova og varma seg, og om morgonen etterpå gav ho mamma ein visp som takk for hjelpa før dei reiste.

Så tenkjer eg på Josef og Maria og det vesle Jesusbarnet som måtte flykta til Egypt.  Eg trur nok at Josef fekk lov til å livberga seg og familien sin som bygningsarbeidar i dei åra dei budde i Egypt som asylsøkarar. Og eg trur at landet vårt har råd til å la slike såkalla «ureturnerbare» og papirlause menneske få lov til å jobba for å livberga seg.  For det er ein menneskerett å ha mulighet til å jobba for å livberga seg, slik også grunnlova vår slår fast.   

Det tenkjer eg på no i desse førjulstider. God advent!

mandag 25. november 2019

Drømmejobben?

"Skal du legga opp som prest no?" "Skal du få deg kontorjobb?" "Det blir vel mykje pendling til Molde?"
Eg får mange spørsmål om jobben min no, og det er heilt greit at folk spør.  Det er kjekt at dei viser interesse for presten sin.  Men no har det seg altså slik at eg har fått ny jobb.  I februar ein gong byrjar eg som rådgjevar for misjon og kyrkjefag i Møre bispedøme, og arbeidsplassen min blir på bispekontoret i Molde.  Iallfall nokre dagar i veka. Hovuddelen av jobben (75%) blir som misjonsrådgivar tilknytta SMM - Samarbeid menighet og misjon, og i den resterande fjerdedelen av jobben skal eg arbeida med ulike faglege ting på bispekontoret. Eg håpar at eg får komma rundt i heile bispedømet i jobben, og at det ikkje berre blir ein kontorjobb.

Då eg høyrde at stillinga som misjonsrådgjevar skulle lysast ut tidlegare i haust, kjende eg med ein gong at dette hadde eg lyst til. Det er ikkje det at eg mistrivest som prest, men eg har no vore kyrkjelydsprest i 10-11 år no, og kjende på eit behov for å gjera noko anna.  Men først og fremst var det muligheten til å få jobba med misjon som gjorde at eg fekk lyst til å søka på denne. For dei to siste åra har eg jobba ein del med misjon i samband med eit deltidsstudium ved Høgskulen i Volda.  Masteroppgåva som eg akkurat no har skrive ferdig, handlar om NMS sin historie i Midtausten. I arbeidet med denne oppgåva er eg blitt veldig inspirert av alt det flotte som NMS har drive med i åra etter at familien min og eg flytta frå Kairo til Bergen. No gler eg meg til å begynna, men framleis er det ei stund til. Arbeidet her i Giske kommune skal avsluttast på ein skikkeleg måte, og det er altså ikkje før i februar 2020 eg tar til i den nye jobben.

Så spørst det korleis det går med den stillinga som eg no har sagt opp. Stillinga som sokneprest i Giske og Vigra blir lyst ut med det første, og me håpar det blir gode folk som søker. Allereie frå januar kjem det ein vikarprest på kyrkjekontoret i Valderøy rådhus, men han er vikar for soknepresten i Valderøy, og skal gjera teneste inntil vidare. Eg håpar folket på øyane tar godt imot han!

tirsdag 23. april 2019

Så no er påska over - eller?

Nei, slett ikkje.  Det er no det  byrjar! Påska varer til pinse, men det er ikkje slutt då heller. 

I kyrkja påskedag sa eg at påska varer til Kristi himmelfartsdag.  Det er for så vidt sant, for i desse førti dagane viste Jesus seg for læresveinane mange gonger før han forlét dei på fjellet.  Men den liturgiske påsketida i kyrkjeåret varer dei femti dagane fram til pinse (eller 49 alt etter korleis ein tel).   Det blir 7 x 7 veker til den femtiande dagen i påsketida, då Gud sende Den heilage ande over læresveinane.  Pinse kjem som kjent av det greske ordet "pentekoste", som tyder "den femtiande".  I den gamle pakta var dette ein takkefest etter kornhausten, men det var også ein fest til minne om at Moses mottok lova på Sinaifjellet femti dagar etter utgangen av Egypt.

Med "Påskeveka" tenkjer dei fleste på skuleferien mellom Palmesøndag og Påskehelga, men frå gammalt av er det den første veka i påsketida, som er den eigentlege påskeveka.  Og på den åttande dagen - oktaven - gjentok dei den store festen frå påskedag. Dette har jo sin naturlege bakgrunn i forteljingane frå evangelia.  Johannes skriv t.d. at "åtte dagar etter var dei igjen samla".  Det var då Jesus viste seg for Tomas, han som ikkje ville tru før han fekk sjå såra til Jesus og stikka handa i sida hans.

Kvar einaste søndag året gjennom er slik sett ein påskedag, for på den dagen - Herrens dag - feirar me at Jesus stod opp av grava.  Slik var det særleg i den første kristne tida, til ein gjekk over til å feira den årlege påskedagen med ein ekstra stor fest. Og dette var utgangspunktet for kyrkjeåret med alle sine ulike festdagar og markeringar.

Så påska er ikkje over.  Det er no det byrjar, og det held fram.  Det held fram gjennom heile livet, også når døden når oss.  For Jesus sigra over døden, og den sigeren har me del i ved trua på han.  Kvar dag skal me stå opp til eit liv med Den oppstadne, og ein dag skal me stå opp til evig liv med han.

torsdag 3. januar 2019

Vegansk eller kjøt?


Debatten mellom veganarar og kjøt-etarar går friskt for tida. Men må det vera eit anten eller? Tradisjonell kristendom, t.d. som i den koptisk-ortodokse kyrkja i Egypt, har ein to tusen år gammal tradisjon med å eta vegansk mat til visse tider på året.

Ifølge ortodoks tankegang vender me tilbake til mennesket sitt opprinnelege kosthald når me et vegansk mat.  Mat utan kjøt eller andre animalske produkt er «paradis-mat», altså den maten dei første menneska fekk lov av Gud til å eta, slik Bibelen fortel i 1. Mosebok 1,29: «Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på jorda, og alle tre som ber frukt med frø i.  Det skal de ha å eta.»   

Etter storflaumen, derimot, gjer Gud ei pakt med Noah og seier: «Alt som lever og rører seg, skal no vera mat for dykk. Som eg gav dykk dei grøne plantene, gjev eg dykk no alt dette.» 
Koptiske kristne fastar meir enn 180 dagar i året, og i mange av fasteperiodane avstår dei frå alle animalske produkt.  Gjennom å fasta frå dette, prøver dei å finna tilbake til noko av paradis-tilstanden i sitt eige liv.

Kanskje norske kristne kan gjera bruk av noko av denne tankemåten i diskusjonen om vegansk eller kjøthaldig mat?  Det er  jo mange gode grunnar til å eta mindre kjøt.  Dyrevern er ei side av saka:  Kjøtindustrien gjer dyra om til produkt som kjem ferdig pakka i plast i butikken, og mange er bekymra for om dei har eit godt liv før dei blir slakta.  Klima-endringar er ei anna viktig side: Kjøtproduksjon er ofte dårlegare for miljøet enn produksjon av frukt og grønsaker.   Men produksjon og import av visse typar grønsaker er heller ikkje alltid så miljøvennlig.  For min del hellar eg til at eit balansert kosthald med utstrakt bruk av kortreist mat – anten det er fisk, kjøt eller vegetariske produkt – er det beste alternativet.  Kvifor ikkje då avstå frå kjøt eit par dagar i veka og til visse tider på året? Onsdag og fredag har tradisjonelt vore fastedagar: Onsdag fordi det var den dagen Judas sveik Jesus, og fredag fordi han hang på krossen.   Kyrkja her til lands har også hatt lengre periodar for faste, t.d. dei førti kvardagane før påske, eller i adventstida før jul.  Kan dei gamle kristne fastetradisjonane visa veg i ei ny tid med nye utfordringar?

tirsdag 11. desember 2018

God bok om Midtausten etter "Den arabiske våren"

Eg har vore på leit etter ei bok som oppsummerer dei viktigaste trekka i moderne historie i Midtausten etter  den såkalla "arabiske våren" i 2011. Det har eg funne i "Brennpunkt Midtøsten" av Nils A. Butenschøn og Rania Maktabi (red.). Lånte boka på det nyopna biblioteket på Moa, og tok henne med meg på tur no i frihelga mi. Boka les historia med nokre viktige storbyar som prisme. Anbefalt!

søndag 18. februar 2018

Snart 30 år med misjon i Midtausten


Eg er på veg til Stavanger for å dykka ned i misjonsarkivet til NMS.  For snart 30 år sidan byrja Det Norske Misjonsselskap arbeidet sitt i Midtausten, og no skal eg skriva historia om dette misjonsfeltet.  Eg gler meg til å ta fatt! No har eg vore deltidsstudent ved Høgskulen i Volda i to år på masterprogrammet «Kulturmøte», og har gjennomført fire semester og like mange fag.  Eg synest det er kjempekjekt å vera student igjen, etter så mange år vekke frå skulebenken, og opplever at lesinga og arbeidet med semesteroppgåver så langt har vore veldig berikande for arbeidet mitt som prest.  Eg har fått repetert ein del kunnskap som eg har vore innom tidlegare, og så har eg fått lært mykje nytt stoff også.

Denne veka har eg tre studiedagar i Stavanger. Eg skal gå gjennom arkivstoff og sjå om eg kan finna ut kva som var dei viktigaste grunnane til at NMS valde å satsa på Midtausten som eit nytt misjonsfelt den gongen i 1990, og korleis prosessen var då dei valde samarbeidsorganisasjonar. Det byrja med støtte til organisasjonen «Middle East Media» i 1990. Tre år seinare sende dei ut dei første misjonærane – dvs. min eigen familie.  Arbeidet gjekk over i ein ny fase då den kristne satellitt-TV-stasjonen «SAT 7» vart stifta midt på 90-talet.   NMS har også samarbeidd med Bibelselskapet, med menneskerettsorganisasjonen «MIddle East Concern», og med ulike utviklingsprosjekt i Egypt.

For meg personleg har eg merka at eg er blitt meir oppglødd for NMS sitt arbeid etter at eg bestemte meg for å skriva om arbeidet i Midtausten, og det blir kjekt å komma i gang, kjenner eg.

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...