Eg er på veg til Stavanger for å dykka ned i misjonsarkivet
til NMS. For snart 30 år sidan byrja Det
Norske Misjonsselskap arbeidet sitt i Midtausten, og no skal eg skriva historia
om dette misjonsfeltet. Eg gler meg til å
ta fatt! No har eg vore deltidsstudent ved Høgskulen i Volda i to år på
masterprogrammet «Kulturmøte», og har gjennomført fire semester og like mange
fag. Eg synest det er kjempekjekt å vera
student igjen, etter så mange år vekke frå skulebenken, og opplever at lesinga
og arbeidet med semesteroppgåver så langt har vore veldig berikande for
arbeidet mitt som prest. Eg har fått
repetert ein del kunnskap som eg har vore innom tidlegare, og så har eg fått
lært mykje nytt stoff også.
Denne veka har eg tre studiedagar i Stavanger. Eg skal gå
gjennom arkivstoff og sjå om eg kan finna ut kva som var dei viktigaste
grunnane til at NMS valde å satsa på Midtausten som eit nytt misjonsfelt den
gongen i 1990, og korleis prosessen var då dei valde samarbeidsorganisasjonar.
Det byrja med støtte til organisasjonen «Middle East Media» i 1990. Tre år
seinare sende dei ut dei første misjonærane – dvs. min eigen familie. Arbeidet gjekk over i ein ny fase då den
kristne satellitt-TV-stasjonen «SAT 7» vart stifta midt på 90-talet. NMS har også samarbeidd med Bibelselskapet, med
menneskerettsorganisasjonen «MIddle East Concern», og med ulike
utviklingsprosjekt i Egypt.
For meg personleg har eg merka at eg er blitt meir oppglødd
for NMS sitt arbeid etter at eg bestemte meg for å skriva om arbeidet i
Midtausten, og det blir kjekt å komma i gang, kjenner eg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar