fredag 9. februar 2018

Pilegrimskyrkja på Giske

Langs kystpilegrimsleia mot Nidaros ligg Giske kyrkje som ei lita perle.  Kyrkja har vore pilegrimsmål sidan mellomalderen og vart kanskje bygd til minne om pilegrimar frå Giske. 

Året 1102 sigla fem langskip med korsfararar frå Sunnmøre. Målet var Jerusalem og leiar for ferda var Skofte Aagmundsson frå Giske.  Skofte hadde med seg tre av sønene sine, og alle fire omkom på denne reisa, skriv Elias Giske i boka om Giske kyrkje.  Skofte la ut som korsfarar, men døydde som pilegrim, og han nådde eit anna mål enn han hadde tenkt.  Det er ikkje bevart skriftlege kjelder om bygginga av kyrkja, men Elias skriv at «det er naturleg å gjere seg tankar, fable om ein vil.  Skofte var ein av Norges mektigaste menn, og var komen i arvestrid med sin nære slektning kong Magnus.  Hans store mål var å fullføre reisa til Jerusalem.  Men så låg han for døden i Roma.  Ein av sønene som var med, var kanskje allereie død.  Det vart ikkje slik han vona og trudde.  Men i Rom hadde han sett dei mange kyrkjer, og andre praktfulle små og store bygg i marmor.  Kanskje sette han fram eit ynskje på sitt dødsleie, om å reise ei fin, lita marmorkyrkje i gardstunet heime på Giske.»

Nesten tre hundre og femti år seinare, i 1345, fekk Giske kyrkje eit brev frå pave Clements VI, som gav hundre dagar fritak for pålagde botsøvingar til alle truande som kom hit som pilegrimar på kyrkja sine helgendagar.  Her står det at kyrkja var vigsla til jomfru Maria, den heilage Nicolas og evangelisten Johannes.   Den heilage Nicolas (som er opphavet til julenissen) sin festdag er 6. desember, evangelisten Johannes vert feira 27. desember, og den viktigaste festdagen for jomfru Maria er hennar himmelfart den 15. august.

På austveggen utanfor kyrkja er det framleis tydelege teikn etter pilegrimar.  Her har dei skore inn kors i veggen – såkalla kyssekors – som pilegrimane kyste når dei kom hit.

Moderne pilegrimar kjem framleis til Giske.  Årleg kjem om lag ni tusen turistar hit, dei fleste frå cruise-skipa til Ålesund, og dei kjem som regel hit med buss.   No når kystpilegrimsleia etter kvart blir meir kjend, håpar me å få fleire pilegrimar som kjem hit på veg langs leia.
Les meir her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar