tirsdag 9. juni 2015

Olavskrossen på Dragseidet

"HER KRISTNET OLAV 4 FYLKER"
Slik lyder innskrifta på Olavskrossen på Dragseidet i Nordfjord. Steinen vart reist her i 1913 til minne om at Olav Tryggvason gjennomførte ein massedåp av sogningar, fjordingar, sunnmøringar og romsdalingar på tinget her i år 997.   Då var han på veg til Trondheim, byen han skal ha grunnlagt same året.  To år tidlegare, i 995, hadde han bygd den første kyrkja i Noreg på Moster i Sunnhordland.

I sommar skal pilegrimsvandringa langs Sunnmørsleia gå denne vegen til Selja kloster. Dagen før Seljumannamessa kjem me med båt til Leikanger på Stadlandet.  Frå Leikanger kyrkje går me opp stien til Olavskrossen.  Derfrå skal me følgja den gamle kyrkjevegen over fjellet til Liset, like ved Selje sentrum.


Var det verkeleg Olav som kristna desse fire fylka?  Både ja og nei, kan me sikkert svara på det.  Ytre sett var nok dette ei viktig maktpolitisk hending som var med å vippa balansepunktet. Samstundes hadde nordmenn lenge vore påverka av kristendomen. Langs norskekysten frå Jæren til Trøndelag finn me omtrent 60 steinkrossar og runesteinar frå 900-talet.

"Tolv vintrar hadde kristendomen vore i Noreg".  Dette er ein del av innskrifta på Kulisteinen på Nordmøre. Det er usikkert når steinen er reist.  Innskrifta kan knyta seg til Olav Haraldsson og Mostratinget i 1024, eller til Olav Tryggvason og Dragseidtinget i 997.  Men den kan òg knyta seg til Håkon den gode sitt kristningsforsøk så tidleg som rundt år 950.

Impulsar frå det kristne Europa hadde likevel nådd Noreg mykje tidlegare. Allereie i folkevandringstida har nok handelsmenn og andre reisande vore i kontakt med kristendomen og blitt påverka av denne trua.  Nokre har tatt desse impulsane med seg heim igjen, men det tok lang tid før den nye trua fekk så stort gjennomslag i folket at det vart politisk mogleg å gjennomføra ein slik massedåp som Olav Tryggvason gjorde i år 997.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...