mandag 27. juli 2015

Kystpilegrimar til Giske


Giske kyrkje er ein naturleg stoppestad for pilegrimar som reiser langs kystpilegrimsleia.  I tillegg til dei fleire tusen turistane som er innom her med buss frå cruise-skipa som legg til kai i Ålesund, hender det at det kjem andre pilegrimar hit.  Søndag kveld kom det ein gammal båt tokkande inn på Giskehamna.  Det var den 99 år gamle MK Faxsen som var på veg nordover.  Med seg hadde kuttaren nokre pilegrimar som var på veg frå Stavanger til Trondheim for å feira olsok.  Eg fekk gleda av å ta imot dei på hamna og vera med dei på kveldsbøn i kyrkja vår.

I dag tok eg imot ei anna lita gruppe med pilegrimar på veg til Trondheim.  Dei reiste annleis:  Snøggbåt frå Bergen til Selje, buss til Giske og Hurtigruta siste etappen. Men kjekt er det at Giske er lagt inn som eit delmål på vegen mot Nidarosdomen.

Sjølv fekk eg også gleda av å reisa innom Giske kyrkje som pilegrim i sommar.  Tysdag 30. juni kom me dit med Borgundknarren.  Det var første etappen vår på reisa langs “Sunnmørsleia” til Selje kloster. Knarren tok oss vidare til Valderøya, og etter eit besøk i prestegarden gjekk ferda vidare med hurtigbåten til Hareid.  Eg var slett ikkje åleine om å synast at det var ei flott oppleving å vera kystpilegrim.  Nokre erfarne pilegrimar som var med på turen sa det omtrent slik: "Caminoen i Spania var bra.  Pilegrimsleia i Gudbrandsdalen var betre.  Men Sunnmørsleia er det beste me har opplevd!" (Les meir)
Knarren legg til på Valderøya.

Borgundknarren kjem hit ein gong til i sommar. Torsdag 6. august kl 15.00 blir det pilegrimsmesse i Giske kyrkje, som avslutning på ei reise som byrjar i Romsdal to dagar før, i regi av Det Norske Misjonsselskap (NMS).  Pilegrimsmessa er open for alle som ønskjer å delta, og på den måten ønskja pilegrimane vel møtt til Giske. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar