fredag 28. august 2015

Eit vanskeleg samliv

Samlivsetiske spørsmål er noko av det som er vanskelegast for kyrkja å forhalda seg til. Det gjeld ikkje berre den saka som er brennheit akkurat no, spørsmålet om ja eller nei til likekjønna ekteskap.  I alle år har også skilsmisse og gjengifte vore debattert, og i dei seinare tiåra har sambuarskap blitt ein heilt vanleg praksis sjølv om det har vore og framleis er omdiskutert i kyrkja.   Det kan vera vanskeleg å samarbeida i kyrkja når ulike syn står steilt mot kvarandre.  Samlivet blir vanskeleg i dobbel forstand.

Eg skal ikkje her og no gå inn i den konkrete diskusjonen om sambuarskap, skilsmisse og gjengifte eller om samkjønna ekteskap, men berre reflektera rundt dette at det vil vera vanskeleg i lengda å halda fast på at det er to likeverdige syn som gjeld i kyrkja.

Det er himmelvid forskjell frå den gongen på åttitalet då sambuande foreldre ikkje fekk komma opp til døypefonten når barnet deira vart døypt, og til no når me diskuterer likekjønna ekteskap .  Ikkje at eg vil tilbake til den praksisen me hadde på åttitalet.  Det var ein dårleg måte å ønskja unge foreldre velkomne i kyrkja, å la dei stå til spott og spe nede på kyrkjegolvet, medan fadrane bar barnet til dåpen.  I dag er det ikkje sambuarskap som er det store etiske spørsmålet, men likekjønna ekteskap.  Det spørsmålet har så stor sprengkraft i seg at det splittar kyrkja i to. I utlandet har det ført til at store kyrkjesamfunn har brote samarbeidet med kvarandre.  I USA var det mange kyrkjelydar og einskildpersonar som melde seg ut av det største lutherske trussamfunnet, ELCA, då den kyrkja opna for homofilt samliv i 2011.  ELCA misser stadig medlemer, medan dei konservative alternativa veks.  Berre på tre år miste ELCA 600.000 medlemer.  Den same trenden gjeld for andre store, liberale kyrkjer, ifølge denne artikkelen  .

Det store spørsmålet er om medlemene i Den norske kyrkja vil halda fram i eit vanskeleg samliv, eller om mange vil seia at tida er inne for skilsmisse.  Då kyrkjemøtet i 2014 ikkje hadde fleirtal for å innføra liturgi for samkjønna vigsel, var det mange liberale som melde seg ut i protest, medan ein god del konservative valde å bli verande.  Dersom kyrkjemøtet i 2016 eller -17 opnar fullt ut for samkjønna vigsel, kan resultatet bli motsett.  Det kan då bli dråpen som får begeret til å flyta over for endå fleire av dei mest aktive kyrkjefolka som ønskjer å ta på alvor det Bibelen seier om eit kristent samliv. Eg trur nok likevel ikkje at det vil bli noko masseflukt ut av Den norske kyrkja, uansett utfall i valet.  Folkekyrkja her til lands har ein heilt annan sosial struktur enn dei store kyrkjesamfunna i USA.  Dessutan er det ikkje mogleg for heile lokalkyrkjelydar å melda seg ut av Den norske kyrkja og  inn i noko anna.  Indremisjonsforbundet og Misjonssambandet har eit utprega spiritualistisk kyrkjesyn – dvs at det formelle kyrkjemedlemsskapet ikkje er så viktig som det åndelege bandet som knyter dei truande saman på tvers av alle ytre organisasjonar.  Derfor har desse organisasjonane heller ikkje blitt eigne trussamfunn, men berre oppretta formelle medlemsregister for dei som ikkje ønskjer å vera medlem av Den norske kyrkja. Det er også mange andre grunnar til at kyrkjemedlemer vel å bli ståande i kyrkja, sjølv om ein kjenner seg meir og meir framand i sitt eige trussamfunn.   Så dersom det ikkje blir eit stort og relevant alternativ å melda seg inn i, trur eg at dei fleste aktive kyrkjefolk med konservativ innstilling vil bli verande i kyrkja – iallfall som  formelle medlemer.

Men korleis blir samarbeidet internt i kyrkja?  Og korleis blir tilhøvet mellom den offisielle kyrkjelyden og organisasjonane som samlast på bedehusa? Her i Giske opplever eg for tida at samarbeidsklimaet er godt, sjølv om me veit at det kan vera store teologisk sprik på mange område. Eg håpar at me også i framtida kan samarbeida godt med kvarandre her på lokalplanet.  Det er her kyrkja lever.  Det er her me byggjer fellesskap og hjelper kvarandre fram gjennom livet i trua på Frelsaren vår, Jesus Kristus.

Dersom kyrkja skulle velja å innføra ein liturgi for likekjønna ekteskap, så vil det truleg bli slik at prestar som ikkje ønskjer dette, vil få reservasjonsrett, slik ein har praktisert det i forhold til gjengifte. På lengre sikt trur eg likevel at prestar med eit konservativt syn i dette spørsmålet vil oppleva seg marginaliserte.  Eg treng ikkje vera profet for å seia at eg trur ein vil få spørsmål om desse sakene i jobbintervju.  Det vil kunna bli vanskeleg å få jobb ein del stader, på same måten som det i dag er vanskeleg for jobbsøkarar som er motstandarar av kvinnelege prestar.  I ein slik situasjon vil nok ein del av oss byrja å sjå oss om etter noko anna å gjera. Det vil også bli vanskeleg å rekruttera nye prestar frå slike sterke og levande ungdomsfellesskap som me ser mange stader, ikkje minst her ute på øyane.

I skrivande stund er det litt over to veker til me skal gå til valurnene og stemma, også i kyrkjevalet. Kvar må sjølvsagt stemma etter si overtyding.  Men det er såpass mange som skriv i massemedia til støtte for den alternative lista til bispedømerådet, at eg vil nytta høvet til å oppmoda lesarane mine til å gi si støtte til nominasjonskomiteen si liste. I år er det ikkje høve til å stryka kandidatar, men du kan gi ekstrastemmer til inntil tre personar på lista.    

I dette innlegget har eg ikkje diskutert sjølve saka – eller sakene – samlivsetikken i kyrkja.  Det er eit stort og omfattande saksområde.  Men på same måten som at samlivet mellom to menneske i ekteskap kan vera vanskeleg, står me no overfor store utfordringar til samlivet i kyrkja.  Eg håpar at me kan snakka saman med respekt også i framtida – og at me "for borna si skuld" kan halda saman så lenge det går.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar