![]() |
Italiensk mosaikk, Ravenna 526 (Wikimedia Commons) |
I dag såg eg at den iranske pastoren
Yousef Nadarkhani var fengsla igjen. I gudstenesta i Valderøy kyrkje 2. juledag
brukte eg han som eit døme på at det av og til skjer gode ting også for
forfylgde kristne. På Stefanusdagen
ville eg fortelja om korleis det kan vera for kristne i andre land enn vårt
eige. Han som først hadde blitt dømt til
døden, vart sleppt fri frå fengselet i haust, og det var jo ein god nyhet. Men det eg ikkje visste, då eg viste bildet
av Nadarkhani på skjermen i kyrkja, var at dagen før var han blitt arrestert
igjen. Han skulle sona dei siste dagane
av straffa hans. Han vart opprinneleg
dømt til døden for fråfall, då han klagde over at dei to borna hans måtte lesa
frå Koranen på skulen, men dødsdommen hadde blitt omgjort til tre års fengsel. Også
mange andre kristne vart arresterte i julehøgtida, skriv Vårt Land.
Når eg
les om dette i dag, sit eg og førebur meg til kommande søndags gudsteneste. Det er “Kristi openberringsdag”, eller “Hellig
tre kongars fest”. I preiketeksten frå
Joh 12,42-47 seier Jesus at han er kommen som lys til verda. Og Johannes skriv at det var mange som trudde
på Jesus, også av dei religiøse leiarane, men dei var redde for å vedkjenna seg
dette. Her til lands er det visst også vanskeleg å vedkjenna seg dette. Vårt Land
skriv at det er “flauere å lese Bibelen enn mykporno”.
På denne
dagen, der me tradisjonelt feirar at dei vise menn kom frå austerland for å
hylla den nye kongen, tenkjer eg på dei kristne i Iran, også kjent som Persia,
landet i aust der vismennene kanskje kom frå. Regimet
i dagens Iran reknar kristendommen som ein vestleg religion. Men kor går grensa mellom aust og vest? Jesus
var fødd i Midtausten. Det blir sagt at
då persarane hærtok det heilage landet på 614-talet, øydela dei ikkje
fødselskyrkja i Betlehem fordi dei såg mosaikken på golvet. Der var det avbilda vise menn i persiske
klede som kom for å hylla Jesus. Lat oss
be om at dei kristne i dagens Iran også blir spart for meir øydelegging og
trakassering.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar