søndag 25. juli 2010

Ei fundamentert tru

Det ser ut til at Jesus vil at me skal vera fundamentalistar. Iallfall seier han at me må ha eit godt fundament for livet vårt og bygga huset vårt på fjell.

Nedanfor følgjer preika i Os kyrkje 25. juli 2010, med utgangspunkt i Matt 7,21-29

Ordet "fundamentalisme" er ikkje så populært i dag, for me assosierar det med muslimske sjølvmordsbombarar og terroristar, som dei som skaut og drepte to prestar i Pakistan nylig. Men det er jo ein feil bruk av ordet.
Opprinneleg blei ordet fundamentalistar brukt om konservative kristne i Amerika som ville halda fast ved ein del grunnleggande prinsipp ved den kristne trua. Seinare er det blitt brukt om konservative grupper i alle religionar, og no altså mest i forbindelse med terroristar, og det er jo synd at ordet er blitt ødelagt slik. For det å ha eit godt fundament, ei god grunnvoll for trua vår og livet vårt, det er jo viktig.

Eit godt fundament er viktig"
Gi meg eit fast punkt, og eg kan flytta heile jorda!" Arkimedes, den greske filosofen og matematikaren som levde eit par hundre år før Kristus, er kjend for mange ting. Han sa mellom anna desse orda. Han snakka om vektstongprinsippet. Og alle som skal flytta tunge steinar, veit at viss du har eit spett og eit fast punkt å støtta spettet mot, så kan du flytta på steinar som du aldri hadde klart å løfta med berre armane. "Gi meg eit fast punkt, og eg kan flytta heile jorda!"
På ein måte kan du seia at dette skjedde med disiplane til Jesus. Dei var ikkje mange, og dei var ikkje sterke, men dei hadde eit fast punkt i trua på Jesus, og med det faste punktet rokka dei ved grunnvollane til sjølvaste Romarriket, den sterkaste makta i verda på den tida. Og den kristne kyrkja har endra heile verda - på godt og på vondt - opp gjennom historia.

For kong David i det gamle Israel er det Gud som er hans faste punkt. I fleire salmar tar han det opp. Salme 62,8: "Mi frelse og mi ære har sin grunn i Gud. Han er mitt faste fjell, eg flyr til han".

Og Jesus brukar bildet om det faste fjellet når han skal forklara kor viktig det er at me ikkje berre lyttar til orda hans, men at me faktisk rettar oss etter dei og.
Det må vera forferdeleg å oppleva at flom eller jordras tar hus og heim frå deg, og kanskje til og med folk og. Me har opplevd det her til lands nokre gonger. No er det fem år sidan det store raset i Hatlestad terrasse. Og denne veka har me sett nokre få glimt av den store flomkatastrofen som skjer i Kina no. Når det ikkje skjer i Europa eller i USA er det jo ikkje så interessant nyhetsstoff for oss nordmenn virkar det som. Men det var skremmande bilde. Me fekk sjå korleis store betonghus berre blei tatt av vannmassane og raste ut som om dei skulle vore bygde av lego. Og det blir rapportert om at meir enn ein halv million hus er blitt øydelagde av flommen, og millionar av menneske er blitt huslause.

Dette vart for meg ein skræmande realistisk illustrasjon av det bildet Jesus brukte når han var i ferd med å avslutta Bergpreika si. Og me kan alle stilla oss det same spørsmålet: Korleis har du fundamentert livet ditt og trua di når den store stormen kjem? Vil byggverket halda, eller vil alt kollapsa?

Kva er fundamentet for vår tru?
Jesus er tydeleg på kva trua vår må vera fundamentert på: Det er hans ord, og spesielt dei orda han nettopp har talt, nemlig det han har sagt i Bergpreika, som me finn gjengitt i Matteus-evangeliet kap 5, 6 og 7. Den kloke mann, seier han, det er den som høyrer orda hans, og som set orda hans ut i praksis.

Kva betyr det for oss i dag?
Dette er jo både ein sterk advarsel og ei utfordring til alle som vedkjenner seg til den kristne trua. Først ein advarsel til alle som stiller seg fram som profetar - prestar, predikantar, forkynnarar og andre - om at ein dag vil det komme ein storm. Ein dag vil det komma eit oppgjer med alt som er falskt. Og den dagen risikerer me å bli stengt ute frå fellesskapet med Gud. "Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!"
Dette legg eit sterkt alvor over den offentlege tenesta med Guds ord, at me ikkje berre må ha ein fin fasade og ei tilsynelatande vellukka teneste, men at me faktisk må leva slik me lærer - eller rettare sagt: etterleva dei orda som Jesus lærer.
Og så er det ei utfordring for oss alle, uavhengig av kva slags teneste me har, om å ta Jesu ord på alvor.
Kva betyr det for oss å bygga på fjell i dag? Som enkeltpersonar, som samfunn og som kyrkjelyd?

Kva betyr det for oss som enkeltpersonar?
Er det verkeleg mogleg å leva med Bergpreika som rettesnor? Er ikkje det Jesus seier i denne talen berre overdrive, slik at me skal innsjå at me er syndarar og treng Guds nåde alle saman?
Det er sant at Bergpreika har overraska dei fleste som les henne. Og eg vil tru at dei fleste som samanliknar sitt eige liv med dei utruleg høge krava som Jesus stiller, dei vil innsjå at dei ikkje held mål. Ta for eksempel dette med drap og vreide (Kap 5,21ff)
De har høyrt det er sagt til fedrane: "Du skal ikkje slå i hel. Den som slår i hel, skal vera skuldig for domstolen." Men eg seier dykk: Den som blir sint på bror sin, skal vera skuldig for domstolen, og den som seier til ein bror: 'Din tosk!' skal vera skuldig for Det høge rådet, og den som seier: 'Din gudlause narr!' er skuldig til helvetes eld.
Er det i det heile tatt eit einaste menneske på jord som ikkje må seia seg skuldig etter ein slik standard?

Så det er nok sant at orda er meint å få oss til å innsjå at me alle er syndarar og treng Guds nåde. Og dermed kan me seia at me alle må grunnfesta trua vår i Jesus, han som gjer kvar av oss rettferdig, ikkje på grunn av gjerningane våre, men på grunn av Jesu blod. På grunn av det han gjorde for oss.
Men når det er sagt, så er det ingenting i Bergpreika som skulle tilseia at Jesus ikkje meinte det han sa Og han avsluttar heile talen sin med å seia kor viktig det er at me faktisk tar han på alvor, at me faktisk set orda hans som ein fast grunnvoll for trua vår og livet vårt. Men til det treng me hjelp frå Den heilage ande, for utan hans kraft kan me ingenting gjera.

Det norske hus
Kva betyr det for oss som samfunn å bygga huset på fjell?
Huskar de uttrykket "Det norske hus"? Det var Torbjørn Jagland som lanserte det uttrykket den gong han blei statsminister, i 1996. Det var eit fengande uttrykk, men Jagland fekk jo mykje mediekritikk i den tida han var statsminister, og det slo liksom aldri heilt an. Det blei nesten som månelandinga til Stoltenberg.
"Det norske hus" skulle vera eit uttrykk for verdifellesskapet i samfunnet vårt. Grunnmuren skulle vera verdiskapinga, dvs. økonomien, og så var det då søyler for viktige sider ved samfunnslivet.
Det er ikkje vanskeleg å vera enig i at økonomien er vesentleg for eit samfunn. Kanskje så viktig at det kan stå for sjølve grunnmuren. Men det som blir det avgjerande spørsmålet er: Kva står grunnmuren på? Er det grunnlagt på grådighet, på egoistisk sjølvhevding, eller er det grunnlagt på eit ønske om å bygga eit samfunn i fellesskap? Og det me dessverre ser i samfunnet vårt i dag, er jo at mens mange blir rikare og rikare, så blir fellesskapet fattigare og fattigare.
Mot dette seier Jesus i Bergpreika: Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel. Men samla dykk skattar i himmelen. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.
Det er vel tvilsamt om Jesus hadde blitt anerkjent som så veldig politisk korrekt om det var i våre dagar han hadde komme til oss med dei same orda.
Men kva med "Det norske hus"? Vil "Det norske hus" verta ståande når dei vanskelege tidene kjem? Kva skjer når økonomien vaklar, slik me har sett på Island, og slik me ser det i Hellas? Kva gjer me når olja tar slutt om nokre år? Då treng me verdiar som er meir varige enn kroner og øre.
Då treng me orda frå Jesus i Bergpreika:
"Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta og kva de skal drikka, og kva de skal kle dykk med."
"Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de og gjera mot dei."
"Be så skal de få"
"Gjev til den som bed deg, og vend ikkje ryggen til den som vil låna av deg"

Kva betyr det for oss som kyrkjelyd å bygga huset på fjell?
Os kyrkjelyd er mangfaldig. Me har ein stor breidde i meiningar. Me er menneske med ulik bakgrunn, ulike erfaringar, ulike interesser. Desse ulikhetane skal me respektera.

Og så lever me i spenningsfeltet mellom dei få av oss som er regelmessig med på gudsteneste, og dei mange døypte som er sjeldan å sjå i kyrkja. Mellom dei som er ope bekjennande og praktiserande kristne, og dei som har eit uavklart forhold til trua - eller kanskje ei direkte negativ innstilling. Me er eit truande kyrkjelydsfellesskap og ein folkekyrkjelyd på same tid. Og me har eit ønske om at flest mogleg skal føla seg heime i kyrkja vår - det trur eg dei aller fleste av oss er enige om.

I dette spenningsfeltet beveger me oss. Me har eit budskap frå Gud, eit godt budskap, men også eit alvorleg budskap. Me vil gjerne vera opne og inkluderande i forhold til alle menneske, for me veit at Gud vil at alle menneske skal bli frelst og læra sanninga å kjenna. Men kva gjer me når det budskapet me har, støyter mot folkemeininga? Dette er det vanskeleg å forhalda seg til, for me vil ikkje støyta menneske bort frå kyrkja på feil grunnlag.

Så veit me likevel at evangeliet er ein støytestein for mange. Det er ikkje alt ved Bibelen sitt bodskap som blir tatt like godt imot av alle. Og me seier i den nikenske truvedkjenninga, som me av og til brukar, at me trur på ei heilag, allmenn og apostolisk kyrkje. Apostolisk, det betyr ei kyrkje som er bygd opp på grunnvollen av Jesus og hans apostlar. Då må me undervisa slik Jesus og apostlane underviser, som me høyrde frå Johannes første brev i dag, der han skriv om dei falske profetane: "Dei er av verda, difor er og deira tale av verda, og verda høyrer på dei. Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Slik kan vi skilja sannings ånd frå villfarings ånd."

Derfor må det alltid vera slik, i kyrkjelyden vår, at den som skal undervisa, må undervisa slik Bibelen lærer. Også dei sidene ved trua vår som ikkje er politisk korrekt til ei kvar tid. Guds ord må vera rettesnora vår i alt me gjer, frå barnearbeid til eldrearbeid.

Så er me sjølvsagt klar over at det er nyansar i korleis me forstår Skrifta. Me er ein stor kyrkjelyd, og her er fleire bibelsyn representerte, og så får me snakka saman om korleis me skal forstå det som er gitt oss i Ordet. Men for meg er dette fundamentalt: At arbeidet vårt i kyrkjelyden må vera grunnfesta i Guds ord,

Og så må det ikkje vera slik at me berre høyrer ordet, men også slik at me gjer etter det, slik også Jakob sa det i brevet sitt: "De må gjera det Ordet seier, ikkje berre høyra det. Elles lurer de dykk sjølve".

I Bergpreika oppfordrar Jesus for eksempel disiplane sine til å vera salt på jorda og lyset i verda. Kvifor? Jo, slik at folk kan sjå dei gode gjerningane våre. Ikkje for at me skal få æra av det, men for at fok kan prisa Far vår i himmelen. Våre gode gjerningar - så sant dei ikkje er gjort for at me skal bli stilt i eit godt lys sjølv - våre gode gjerningar skal føra til at folk prisar Gud.

Men ikkje berre det - det er i seg sjølv ei gudsdyrking, som Jakob skriv i brevet sitt: "Ei rein og feilfri gudsdyrking for Gud, vår Far, er dette: å sjå til enkjer og foreldrelause born i deira naud, og ikkje la seg flekka til av verda."

Jesus har mange utfordringar til oss i Bergpreika. Mange av desse utfordringane virkar beint ut umulige å setja ut i praksis. Likevel, i dag seier Jesus til oss at me skal ta orda hans på alvor, ikkje berre høyra dei og gløyma dei, men gjera etter dei og, slik at det kan bli med vårt liv som Jesus sa om den kloke mannen: Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar