mandag 25. april 2011

2. påskedag på Liafjell

I dag var eg skikkeleg utpest etter gudstenesta! Då hadde eg først stått opp tidleg om morgonen for å henga opp spørsmål ved postane i o-løypa på Liafjellet, gått ned igjen, og så klatra opp til Storevarden med tubaen på ryggen.


Godt over hundre menneske hadde samla seg ved Storevarden i dag for å feira påske. 2. påskedag har Os kyrkjelyd tradisjon med friluftsgudsteneste, og dei siste åra har denne vore på Liafjellet.

Her ser me i tillegg til presten på Tuba: Aina Herheim på trombone, som var kapellmester, og konfirmantane Sunniva og Mariell som spelte saksofon (med Silje Marie som notestativ...)


Nytt av året var at me laga til ei o-løype i terrenget. Geir Rognsvåg, som underviste KRIK eXploregruppa om orientering i haust, la ut postar. På kvar post var det spørsmål frå preika, som handla om dei to Emmausvandrarane.
Dessverre var det ikkje meir enn knappe tjue stykke som våga seg ut i o-løypa. Uansett er eg veldig fornøyd med arrangementet. Takk til konfirmantane Mathias og Sondre for bra innsats med å samla inn postane!

Her er forresten RadiOs sin artikkel frå gudstenesta.

søndag 17. april 2011

Ei gåve til Jesus er aldri bortkasta


Det vart ei fin gudsteneste i ei nokså full Os kyrkje i dag på Palmesøndag. Heldigvis var det mange born som kom i dag, så eg fekk delt ut alle "palmegreinene" til borna. Mellom tekstlesingane laga me til ein liten prosesjon for dei minste borna medan me song "Hosianna, syng for Jesus".

Preika til dei vaksne sleit eg litt med. Det er ikkje alltid ein får tydeleg klarhet i korleis ein skal spissa bodskapen. Her finn eg at twitter kan vera til hjelp. Preika er ikkje ferdig utforma før eg kan spissa bodskapen i ei twitter-melding. Denne gongen vart det slik: "Ei gåve til Jesus er aldri bortkasta".

Preiketeksten på Palmesøndag var frå Johannes 12,1-13.

Her er utdrag frå preika eg haldt i Os kyrkje i dag:

Glede og alvor
Palmesøndagen har ein dobbelthet over seg. Både glede og alvor.
Alvoret handlar om det som me veit skjedde med Jesus berre nokre dagar seinare. Det blir spesielt symbolsk i det Jesus seier om salven som Maria tømer over han. Nardussalve var den dyraste og flottaste salven dei hadde på den tida, ein veldig velluktande salve som dei brukte til forskjellige ting, for eksempel parfyme.

Ei bortkasta gåve?
Eg trur ikkje så mange er klar over kor dyr og kostbar denne salven var. Men det var ein utruleg overdådig og nærmast sløsande ting Maria gjorde. Det forstår me på måten disiplane reagerte på. ”Kvifor vart ikkje denne salven seld for tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige?” seier Judas. Han syntes dette var bortkasta. ”Tre hundre denarar” – det høyrest ikkje så mykje ut, men når du tenkjer på at ein denar var ei dagsløn, så kan me jo tenkja oss kor mykje det ville ha vore omrekna til norske kroner i dag. Viss ei dagsløn er 1000 kroner, så blir 300 denarar 300 000 kroner. Det er litt meir enn eg ville betalt for ein salve på apoteket.

Samtidig var det ei mørk og trist side ved denne salven. ”Ho har gøymt salven til gravferdsdagen min” sa Jesus. Når nokon var død, pleidde dei å smørja dei inn med velluktande salve før dei la dei i grava. No blei Jesus balsamert med salve før han døydde. Det blei eit varsel om det som skulle skje nokre dagar seinare i Jerusalem. Slik var det både glede og alvor over Palmesøndag den gongen.

På same måten er det i dag. Her hos oss.
De som er her for å døypa borna i dag, eg reknar med at det er glede som pregar denne dagen mest. Håpar det iallfall. De er jo her fordi de feirar borna. Og når me får born, har me verkeleg grunn til å feira. Feira at me har fått dei som ei gåve frå Gud. Det gir oss grunn til å ha ein gledeleg fest.
Samtidig ligg det eit alvor over oss. Borna har eit heilt liv framfor seg. Kva vil dei oppleva gjennom livet sitt? Som me syng i den kjende gamle songen av Åge Alexandersen: ”Mykje lys og mykje varme” – og samtidig veit me at det vil bli ”mange tåra, tunge stunder”.

Dåpen er meir enn ein fest for at me har fått eit barn. Djupast sett er dåpen ei innviing til Jesus, som hans disippel. Og når me lar borna våre bli døypte, så gir me dei til han. Det mest dyrebare me har, det er jo våre eigne liv, og livet til borna våre. Det er noko me kan gle oss over, men det inneber også eit alvor. Å vera ein disippel, inneber å gi seg sjølv til Gud. Det er ikkje alltid like lett. Men bortkasta er det aldri

Kva gir me til Jesus?
Me kan alle stilla oss det spørsmålet: Kva gir me til Jesus? Maria gav det dyraste ho hadde. Salve som var verd ei årsløn. Kunne det ikkje ha blitt brukt til noko betre, spurde Judas. Til dei fattige? Ja. Men ho valde å gi det til Jesus, og han velsigna henne for det valet.

Når me har gitt oss sjølv til Jesus som hans disippel, då er det naturleg at me lar det få konkrete utrykk i at me gir av vår tid, våre evner og våre pengar.

I dag skal me få gi ei gåve til misjonen, til misjonsprosjekta våre i Estland og England. Det er nok nokre som meiner ei gåve til misjon er unødvendig. Dei skal jo “berre” fortelja om Jesus. Kvifor ikkje heller gi til dei fattige? Det blir som når Maria berre tømte salven ut over føtene til Jesus, i staden for å selja det og gi pengane til dei fattige. Men det er slik at når eit menneske får høyra om Jesus av misjonærane, og blir kjent med Jesus på den måten, og blir ein ekte disippel, fører det også i neste omgang til at dei begynnar å bry seg med dei fattige. Fordi Jesu kjærleik driv oss.
Og Judas var jo eigentleg ikkje interessert i dei fattige. Han brukte det berre som ei unnskyldning, for han tok av kassen, står det i teksten vår.

Aldri bortkasta
Det å gi til Gud og gi til misjon er ikkje bortkasta. Det er som lukta av den dyre salven til Maria, som breier seg ut i heile rommet og i heile verda. Slik at alle skal vita om Jesus, han som ikkje berre døydde og vart gravlagd, men som også stod opp igjen. Og det gir oss verkeleg grunn til å feira påske og ropa Hosianna for kongen vår.

onsdag 6. april 2011

"Kva har dette med kristendom å gjera?"



Prestekvardagen er allsidig. Det er ikkje meg imot å bruka nokre timar ein laurdags formiddag på skytebanen for å trena leirdueskyting med konfirmantane.
"Men kva har dette med kristendom å gjera?" Det var ein av konfirmantane som spurde. Mitt umiddelbare svar var at det greske ordet for "synd" tyder å "bomma på målet". Men i gruppesamlinga tirsdag kveld tok me opp spørsmålet igjen.

Då snakka me om kva samanheng det kan vera mellom jakt og trua vår. Me var innom tema som forvaltaransvar og bærekraftig viltforvalting, og snakka også om ulike synspunkt på det å eta kjøt eller ikkje. Me såg mellom anna på bibeltekstar frå 1. Mosebok om kva oppdrag Gud gav til Adam og Eva, og me såg på kva dei fekk lov til å eta: nemlig frukt og grønsaker. Men me var også innom teksten om Noah, som fekk lov av Gud til å eta kjøt av dyr. Me såg også på andre argument for og imot det å eta kjøt.

For fleire bilde frå leirdueskytinga, klikk her.

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...