mandag 26. september 2011

Medialitet - mellom profeti og okkultisme

 ”Medialitet. Den skumma gråzonen”, Torbjörn Freij, Eagle Perspective 2010.
Kva skjer når karismatiske rørsler går for langt i forhold til det profetiske og opnar seg for åndelege krefter som ikkje kjem frå Gud? I denne boka tar den svenske tidlegare baptistpastoren og journalisten for seg ein del karismatiske rørsler som har opna seg for medialitet på ein usunn måte. At medialitet kan bli eit problem i karismatiske rørsler viser døme som Knutby i Sverige og Lysbærerne i Norge.

Forfattaren står sjølv med begge beina planta midt i den karismatiske rørsla som medlem av Stockholm Vineyard. Han skriv ikkje denne boka for å kvela åndelege vekkingar, men for å oppmuntra dei kristne til å prøva åndene og læra seg å skilja det ekte frå det usunne.

Forfattaren definerer medialitet som ”mennesket sin eigen, psykiske evne til å ha kontakt med det overnaturlege.” Dette er eit fenomen som bevegar seg i grenselandet mellom karismatikk og okkultisme. Medialitet kan bli ein døropnar for det demoniske. Mennesket er fødd med naturlege grenser for både sjel og kropp, meiner forfattaren. Medialitet er å overskrida desse grensene. Forfattaren skiljer tydeleg mellom profetisk openberring, som kjem frå Gud, og medial formidling, som kjem frå mennesket sin psykiske evne til varhet overfor det overnaturlege.

Etter å ha drøfta ulike tolkingsmodellar, forklarar forfattaren korleis han ser på det mediale som ein del av den naturlege gråsona mellom det guddommelege og det demoniske. Men det tilhøyrer den falne delen av skaparverket, og det kan ikkje helgast. Når me brukar det, vil me før eller seinare opna oss for det demoniske. I motsetnad til det falne mediale, tenkjer han seg at intuisjonen høyrer til den positive sida av denne naturlege gråsona. Intuisjon kan minna om det profetiske, men det tilhøyrer den naturlege dimensjonen.

Styrken til boka er den store kunnskapen Torbjörn Freij har om karismatikk, både i vår tid og gjennom kyrkjehistoria, og han tar oss gjennom ei interessant reise gjennom dette landskapet, frå montanismen i oldkyrkja til Lakelandvekkelsen i Florida. Svakheten er at den bibelske drøftinga blir noko tynn og kortfatta. Boka har heller ikkje noko omfattande drøfting av det prinsipielle i definisjonen av det mediale, men det er ei svært interessant første innføring i eit tema som underteikna ikkje har vore medviten nok om. Eg er sikker på at mange med meg vil ha utbytte av å lesa denne boka.

Moster, 19. september 2011

tirsdag 13. september 2011

Gudsteneste – kjært barn har mange namn

«Familiefokus», eller litt spøkefullt: «5 på 11», har me brukt som arbeidstittel på gudstenesta førstkommande søndag. Når 5’aren berre er ein gong kvar månad, var det behov for ei liknande 11-gudsteneste i månaden, der born kan trivast og dei vaksne få litt «grovbrød» for trua. Frivillige som er engasjert i 5’aren har tatt utfordringa med å organisera band og lovsongsteam, og det blir barnesamling der me brukar søndagskulen sitt opplegg «Sprell levande».

Gudstenesta vil i utgangspunktet følgja strukturen i høgmessa, men songvalet vil bli variert, og med nyare musikalske uttrykk. Borna går ut før tekstlesingane, og kjem tilbake etter preika, slik at dei kan vera med på nattverden. Førstkommande søndag vil nattverden inngå som ein del av ei bønevandring, der ein kan ta heile kyrkjerommet i bruk på ulike måtar.

 «Kva skal barnet heita?» Etter å ha strevd ei stund utan å finna eit dekkande namn, har me innsett at me kanskje ikkje treng gi denne gudstenesta noko særskilt namn. Det er først og fremst ei gudsteneste der alle generasjonar kan møtast for å tena Gud og la han tena oss med sine gåver. I haust er det planlagt tre slike gudstenester: 18. september, 16. oktober og 27. november.

Om adventstid og rett til arbeid

Vigra og Valderøy skulekorps spelte på julegrantenninga. På den årlege julegrantenninga på Roald hadde eg ord for dagen, der eg snakka l...