I dag er eg takksam for mange gode ord,
fine gåver og varme handtrykk og klemmar frå folk i Os kyrkjelyd. Etter tre og eit halvt år som kapellan, takkar
eg av. Om litt over ein månad skal
flyttelasset nordover til Valderøya og Giske kommune. Med på flyttelasset får me med oss dei fine
gåvene me fekk.
Litt ekstra gøy for meg var det at eg endeleg
fekk spela tuba i kyrkja. Saman med
Vegard Hodneland på piano og Øyvind Gjerde på saksofon synest eg me fekk det
til å svinga godt med litt dixieland-rytmar i formiddag. No kan eg levera
tubaen tilbake til Os musikkforening, der eg har hatt gleda av å spela i eit
par år.
Etter gudstenesta diska soknerådet opp med
kaker og kaffi, og det var tid for takketalar.
Det varma! Kjære alle i Os kyrkjelyd:
Saman med familien min er me glade og takksame for alt me har fått med
oss dei åra me har vore her. Snart seks
år har me budd i kommunen, og eg har arbeidd i kyrkjelyden i tre og eit halvt
av desse åra.
Her er noko av det eg sa i takketalen
under kyrkjekaffien:
”For fire år sidan, på den tida eg
søkte på stillinga som kapellan i Os, var eg veldig usikker på om eg eigentleg
passa til å vera prest i folkekyrkja.
Den tida eg har hatt her i Os, har gitt
meg trua på at eg hadde, og framleis vil ha ein plass i kyrkja vår.
Derfor vil eg takka dåke, gode kollegar
og medarbeidarar, folk eg har fått møta i arbeidet, både i sorg og i
glede. Eg vil takka dåke for all den
oppmuntringa de har gitt meg. Takk for
gode ord og smil, takk for konstruktiv kritikk når det har vore på sin plass. ”
No gjenstår eit par veker til før ferien, og når me så har feira bryllaup for dotter og svigerson, er det tid for å venda nasen nordover. Me gler oss!