søndag 27. desember 2015

Me flyttar ut av prestegarden

I januar 2016 flyttar me ut av Valderøy prestegard, etter 3 ½  år.  Onsdag  30. desember inviterer me til "Open prestegard" mellom kl 17 og 21 for dei som har lyst til å ta ein kopp kaffi med oss og ta ein kikk på huset medan me framleis bur der. 


Då buplikta vart oppheva den 1. september  i år, måtte me tenka over om me skulle fortsetta å bu i prestegarden, eller ikkje.  I utgangspunktet var me innstilte på å kjøpa huset, dersom det vart lagt ut til sals til ein pris me kunne betala.  Eigarane, Opplysningsvesenets Fond (OVF) hadde i første omgang ikkje sett huset opp på lista over bygningar “med særleg kulturhistorisk verdi”, men Møre bispedømeråd bad om at OVF skulle behalda huset.   Dermed vart det til at me kjøpte hus på Vigra i staden.
Det er eit fint hus me flyttar frå, og beliggenheten er det aller finaste med huset, med ein fantastisk utsikt over Valderøyfjorden, med Ålesund  og Sula i bakgrunnen.  Her går skipsleia like utanfor, og naustet med båtplassen har vore kjekk å ha, sjølv om det har vore nokså verhardt.  Huset ligg også sentralt til, med 5 min å gå til kyrkjekontoret på Rådhuset, og med 11 km i kvar retning, anten eg skal til Vigra eller Godøya å ha gudsteneste.  Opprinneleg var huset mindre enn i dag.  Det vart bygt som fyrvaktarbustad i 1866.  Det er blitt brukt til prestebustad sidan 1878, den gongen som kapellanbustad i Borgund prestegjeld.  
Giske sokn vart oppretta i 1898, med øyane Godøy, Giske, Valderøya og Oksbåsen.  Dei som budde her var residerande kapellanar i Borgund prestegjeld fram til 1966, då Vigra sokn vart overført frå Haram og slått saman med Giske sokn til Giske prestegjeld.  I dag heiter det ikkje lenger “prestegjeld”.  Giske kommune, med dei tre sokna Giske, Vigra og Valderøya er eit “samarbeidsområde” i Nordre Sunnmøre prosti.  Huset er i dag eigentleg bustad for soknepresten på Valderøya, men då min gode kollega André Sjåvåg vart tilsett i den stillinga, hadde han allereie hus på Giske, og fekk dispensasjon frå buplikta.   
Prestebustaden hadde den siste store oppussinga i 1995.  Då vart det skifta vindauge og lagt isolasjon i golv og tak.  Då me flytta inn hit i 2012, vart hovudetasjen måla opp igjen, og det vart sett inn ny vedomn i stova.    Naustet hadde orkanen Dagmar herja stygt med vinteren før, og det fekk ein grundig reparasjon den sommaren.

No står me altså på flyttefot igjen.  Det er me etter kvart blitt vane med, men det er alltid spennande å komma til eit nytt hus og eit nytt nabolag.

Og  så blir det spennande å sjå kva som skjer med prestebustaden vidare: Kven flyttar inn? 

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...