tirsdag 23. april 2019

Så no er påska over - eller?

Nei, slett ikkje.  Det er no det  byrjar! Påska varer til pinse, men det er ikkje slutt då heller. 

I kyrkja påskedag sa eg at påska varer til Kristi himmelfartsdag.  Det er for så vidt sant, for i desse førti dagane viste Jesus seg for læresveinane mange gonger før han forlét dei på fjellet.  Men den liturgiske påsketida i kyrkjeåret varer dei femti dagane fram til pinse (eller 49 alt etter korleis ein tel).   Det blir 7 x 7 veker til den femtiande dagen i påsketida, då Gud sende Den heilage ande over læresveinane.  Pinse kjem som kjent av det greske ordet "pentekoste", som tyder "den femtiande".  I den gamle pakta var dette ein takkefest etter kornhausten, men det var også ein fest til minne om at Moses mottok lova på Sinaifjellet femti dagar etter utgangen av Egypt.

Med "Påskeveka" tenkjer dei fleste på skuleferien mellom Palmesøndag og Påskehelga, men frå gammalt av er det den første veka i påsketida, som er den eigentlege påskeveka.  Og på den åttande dagen - oktaven - gjentok dei den store festen frå påskedag. Dette har jo sin naturlege bakgrunn i forteljingane frå evangelia.  Johannes skriv t.d. at "åtte dagar etter var dei igjen samla".  Det var då Jesus viste seg for Tomas, han som ikkje ville tru før han fekk sjå såra til Jesus og stikka handa i sida hans.

Kvar einaste søndag året gjennom er slik sett ein påskedag, for på den dagen - Herrens dag - feirar me at Jesus stod opp av grava.  Slik var det særleg i den første kristne tida, til ein gjekk over til å feira den årlege påskedagen med ein ekstra stor fest. Og dette var utgangspunktet for kyrkjeåret med alle sine ulike festdagar og markeringar.

Så påska er ikkje over.  Det er no det byrjar, og det held fram.  Det held fram gjennom heile livet, også når døden når oss.  For Jesus sigra over døden, og den sigeren har me del i ved trua på han.  Kvar dag skal me stå opp til eit liv med Den oppstadne, og ein dag skal me stå opp til evig liv med han.

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...