lørdag 9. mai 2009

Kva vel du?


”Det er ikkje evnene våre, Harry, som viser kven me eigentleg er, men det er dei vala me tar.” Orda kjem frå professor Humlesnurr i boka ’Harry Potter og mysteriekammeret’, ein gong Harry er forskrekka over sine eigne evner. I morgon skal eg preika i to fullsette kyrkjer i Os. Det er konfirmasjon for andre søndag på rad, og eg har valt å snakka om at livet handlar om å velja.

Eg var personleg svært spent på korleis møtet med konfirmantane skulle bli då eg byrja her i Os i januar. Ville eg få god kontakt med ungdommane? Ville eg få respekt? Det har vore ulike erfaringar. Til tider har det vore slitsomt. Enkelte gonger har eg følt meg både frustrert og sint. Og nei, eg vil slett ikkje gå i detaljar om kva som har forårsaka det. Likevel må eg seia at eg har hatt mest positive opplevingar. Eg er blitt glad i ungdommane, til og med i bråkebøttene.

Nedanfor følgjer talen eg skal halda til konfirmantane i morgon.

Livet handlar om å velja. Gud har valt deg og gitt deg livet, og du må velja kva du gjer med det.
Me kjenner vel alle Harry Potter. Mange av oss har enten lest bøkene eller sett nokre av filmane om denne engelske guten med dei heilt spesielle magiske evnene. Ein gong var Harry ganske forskrekka over nokre av evnene sine. Professor Humlesnurr seier då til han: ”Det er ikkje evnene våre, Harry, som viser kven me eigentleg er, men det er dei vala me tar.” Enten du føler at du har mange evner eller få evner: Du kan velja korleis du vil bruka evnene dine, og det er dei vala du tar som viser kven du er.

Livet handlar om å velja.
Fram til no har dei vaksne rundt deg gjort val for deg, men no må du ta fleire og fleire val sjølv.

I gamle dagar, den gong foreldrene dåkas var unge, var det ein president i Amerika som heitte Ronald Reagan. Ein gong når han var liten, gjekk han til skomakaren for å få seg nye sko.
Skomakaren spurte: ’Skal du ha runde eller firkanta tuppar på skoa dine?’
Men guten klarte ikkje å bestemma seg.
Litt seinare såg skomakaren vesle Ronny på gata, og han spurte endå ein gong: Skal du ha runde eller firkanta tuppar? Men han klarte ikkje å bestemma seg då heller.
’Vel, kom innom og hent skorne dine om eit par dagar, så skal dei vera ferdige’, sa skomakaren. Og då han kom for å henta dei, såg han at den eine skoen hadde rund tupp, og den andre hadde firkanta tupp.
’Dette vil læra deg at du ikkje skal la andre folk velja for deg’, sa skomakaren.
’Den dagen lærte eg’, sa Reagan seinare, ’at viss eg ikkje gjer mine eigne val, så vil andre folk velja for meg.’

Du har valt å bli konfirmert i kyrkja. Kanskje var det andre som gjorde det valet for deg.
Alle foreldre gjer jo val for ungane sine. Dei som er opptatt av sport, påverkar dei små håpefulle til å driva idrett. Me vil at borna skal læra å lesa, hjelper dei på skulen.
Mange tar og valet om å døypa borna sine. Me kan sjølvsagt seia at det berre er ein tradisjon, ja visst. Men det som skjer ved døypefonten, er faktisk at dei lover å gi borna ein kristen oppdragelse. Og konfirmasjonen har liksom alltid vore siste etappe på den kristne oppdragelsen.

Ein gong sette Jesus disiplane sine på eit val.
Jesus var jo først veldig populær. Så begynte populariteten hans å dala. Han sa ting som gjorde at mange syntes han var blitt for ekstrem. Folk slutta å henga med han.

66 Etter dette drog mange av disiplane hans seg unna og gjekk ikkje omkring med han lenger. 67 Då spurde Jesus dei tolv: «Vil de òg gå bort?» 68 Simon Peter svara: «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord, 69 og vi trur og veit at du er Guds Heilage.» (Johs 6,66-69)

Jesus hadde mange disiplar, mange fleire enn dei tolv som me høyrer mest om. Og dei fleste av dei valde å gå bort frå Jesus. Då gav Jesus ei utfordring til dei tolv. Han gav dei eit val. Vil de og gå bort?
Men Peter svarte på vegne av dei alle: Herre, kven skulle vi gå til?

Eigentleg så var ikkje det noko sjølvsagt svar. Dei hadde mange dei kunne ha gått til. Faktisk så likna samfunnet den gong svært mykje på vårt samfunn i dag, på den måten at det var mange religionar å velja mellom. Det var mange livssyn å velja mellom den gong, akkurat som no. Dei kunne gå til andre jødiske rabbiar – viss dei hadde tatt imot dei då, for det var ikkje kven som helst som blei utvalt til å vera disippel av ein rabbi. Elles så var det fullt av sekter, filosofiar og politiske retningar som dei kunne ha engasjert seg i viss dei ville.
Men svaret dei gav var: Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord, og vi trur og veit at du er Guds heilage.

Landet vårt har i mange år vore inne i ein prosess bort frå kristendommen som felles verdigrunnlag. Me kan lika det eller mislika det, men slik er det berre. Samfunnet vårt er blitt sekularisert, og det er blitt fleirkulturelt. Det viser igjen både i lovgjevinga, i skulen og i andre offentlege institusjonar. Det betyr at våre eigne val blir viktigare. Foreldre kan ikkje overlata til skulen å gi borna ein kristen oppdragelse. Det er familien sjølv som må ta aktive val viss dei vil gi vidare det dei trur på. Og det er det enkelte mennesket som sjølv må gjera eit val om kva verdigrunnlag du skal bygga livet ditt på – viss ikkje du berre skal la deg flyta viljelaust med straumen og la massemedia, og det som til ei kvar tid er politisk korrekt, få bestemma over deg.

Konfirmasjon i dag handlar ikkje så mykje om ditt val, som at Gud har valt deg.
Dei tolv disiplane til Jesus, dei var det Jesus sjølv som hadde valt ut.

Du er og utvalt av Gud. For det første så har Gud skapt deg og gitt deg mange utruleg flotte eigenskapar og evner. For det andre så er du blitt døypt – dei fleste då dei var små. Den gongen hadde du ikkje noko du sjølv skulle ha sagt. Foreldra dine og fadrane dine bar deg til dåpen.
Og no har Gud valt å gi deg ein mulighet til å tru på han. Han synest nemlig at du er utruleg verdifull. Derfor vil han gjerne at du skal fortsetta å leva livet ditt saman med han.
Men han tvingar ingen. Han legg berre fram for deg ein mulighet, og så må du velja, når tida er moden for det, kva du vil gjera med den muligheten.
Ikkje alle er klare til å gjera eit val for resten av livet når dei er femten.
Sjølv hadde eg ikkje gjort noko personleg val om å vera kristen då eg var konfirmant. Det var først eit år seinare eg gjorde det. Eg har angra på ein del val opp gjennom livet, men akkurat det valet har eg aldri angra på. For eg trur og veit at Jesus er vegen som fører til livet.

Kven skulle vi gå til? Sa Peter. For han var svaret sjølvsagt. For deg er det kanskje ikkje så sjølvsagt. Du har mange mulighetar til kva du kan bruka livet ditt til. Mange retningar du kan gå i. Kvifor akkurat Jesus?
Det må du sjølv finna svaret på, for det er ditt liv. For min eigen del var det tre ting som var avgjerande: Det eine var tilhørighet – eg kjende meg heime i det kristne fellesskapet. Det andre var sannhet – eg satsa på at Bibelen kunne gi meg sannheten om Gud og sannheten om meg sjølv. Det tredje var meining med livet. Jesus gav meg ein heilt ny retning i livet. ”Eg er Vegen, Sanninga og Livet”, seier Jesus. ”Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.”

Men i dag handlar det om deg. Det handlar ikkje om Peter og dei andre disiplane. Det handlar ikkje om presten eller om Arne eller om andre konfirmantlærarar. Det handlar om deg og ditt liv. Alt du har fått – kva vil du gjera ut av det?

Vil du ha eit lett liv? Vil du ha det komfortabelt? Vil du bli rik? Jesus lover deg ingen av dei tinga. Men vil du ha ein som går saman med deg gjennom livet? Vil du ha spenning og utfordringar? Vil du ta opp kampen mot urettferdighet? Vil du leita etter sannheten om deg sjølv? Vil du finna vegen til evig liv? Det er ditt liv, og det er du som må velja.

Eitt val har du allereie gjort: Du har allereie valt å bli med på konfirmasjonstida. Eg håpar du har hatt utbytte av det, og at du har blitt møtt med både omsorg og med utfordringar. Så har du valt å komma hit til kyrkja for å bli konfirmert. Eg håpar du vil kjenna at Gud velsignar deg i dag.

Og så har du eit liv framfor deg der du må ta nye val kvar einaste dag. Og dei vala du gjer kvar dag, dei er med og avgjer kva retning livet ditt skal få. Det er ikkje evnene våre som viser kven me eigentleg er, men dei vala me tar.

Kjære konfirmantar. Eg ønsker dåke alle Guds velsigning, og lukke til vidare i livet.

1 kommentar: