onsdag 18. november 2009

Klimakrisa

Kva har filmen 2012, Noas ark, døypefonten og klimakrisa med kvarandre å gjera? Dei vart alle omtalte under gudstenesta i Os kyrkje sist søndag, som ein del av 'konfehelga'. Nedanfor er filmen me viste i gudstenesta:



Utdrag frå preika følgjer nedanfor:
I går spurte eg konfirmantane om dei hadde sett filmen 2012, eller hadde tenkt å sjå han.
Det var iallfall ein som hadde sett han, og han meinte det var ein dårleg film.
Det er endå ein av desse amerikanske katastrofefilmane, og han har Norgespremiere i desse dagar.
Dei som har laga denne filmen, har klart å skremma mange med å bygga opp eit massehysteri om ein katastrofe som skal skje i desember 2012. Ein katastrofe på linje med syndefloden som me kjenner frå Bibelen. Det som er heilt sikkert, er at filmskaparane tener mykje pengar, akkurat som dei gjorde då dei lagde filmar som ’Armageddon’, ’Independence Day’ og ’The Day After Tomorrow’.

Det som likevel ser ut til å bli meir og meir sikkert, er at verda står overfor ei klimakrise.
Ikkje så dramatisk som i katastrofefilmane, der alt skjer på ein dag, men på ein langsiktig måte som kanskje ikkje får store negative konsekvensar for oss, men som likevel påverkar folk i andre delar av verda.

Me har sett videoen om toppmøtet i København neste månad.
Klimaendringar trugar balansen i naturen.
Isen smeltar.
Havet stig, som følge av klima-endringane.
I andre delar av verda merkar dei konsekvensane av dette.
Dersom det er sant at vårt overforbruk er ei sterkt medvirkande årsak til endringane, kan me då trekka samanlikningar til syndefloden? På den måten at det er vår egoistiske livsstil som fører til at klimaet endrar seg?

Me kjenner den eldgamle forteljinga om Noah.
Han som bygde arken. Han og familien vart berga, saman med to av ulike slags dyr.
Mange har sett for seg korleis det må ha vore då Noah bygde arken, korleis folk må ha ledd av han og latterleggjort tiltaket hans, kanskje slik me har lett for å tenka no.
Me har det jo så bra. Kvifor skal me bekymra oss for framtida?

At det har vore store katastrofar i den gamle, førhistoriske verda, er det ingen tvil om. Bibelen er ikkje den einaste kjelda til slike hendingar.
Eitt døme: I Svartehavet ved Tyrkia har arkeologar funne landsbyar som ligg hundre meter under havflata, og dei meiner ein heil sivilisasjon vart overfløymd ved at havet steig og rann over frå Middelhavet ved Bosporosstredet ved Istanbul og inn i Svartehavet.

Me skal ikkje her og no spekulera i dette. Poenget mitt er å visa til den gamle forteljinga om Noah, han som bygde arken. For i den kristne trua er arken eit symbol på dåpen. 1. Pet 3,20 seier at i arken 'vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn, det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen.'
Eg vart for nokre veker sidan gjort merksam på at døypefontar ofte er åttekanta, nettopp for å symbolisera arken. Poenget er at dåpen bergar oss inn i kyrkja, som er som arken.
I Egypt er taket på kyrkjene forma som botnen på eit skip.
Tanken: Kyrkja skal berga oss frå det vonde i verda og føra oss trygt fram til himmelen.
Derfor er det viktig for kvar av oss at me tenker over om me fortsatt er om bord i dette skipet, eller om du har hoppa ut. Kanskje føler du at du berre heng på rek etter ei snor, og at det er på tide å komma om bord skikkelig. Konfirmasjonstida er ein mulighet du har til å tenka skikkelig over kva forhold du har til Gud og til den kyrkja du blei døypt inn i ein gong.

Men, sjølv om me er glad for å vera berga, så betyr ikkje det at me skal gløyma resten av verda. Gud har lova at det ikkje skal komma ein ny flom, sånn som den på Noas tid. Og til teikn på det, står det i Bibelen, gav han oss regnbogen.

Men likevel er det folk i dag som blir truga av at vatnet stig.
Dei kjenner det på kroppen. Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp går til å byggja flomsikre hus.

Filmen 2012 handlar om ein del rike og mektige menneske som først og fremst ville berga seg sjølv. Slik treng det ikkje vera. Det er ikkje me her i Norge som blir hardast ramma av klimakrisa. Tvert imot vil eit varmare klima ha positiv effekt på ein del ting. Men me treng ikkje berre tenka på oss sjølv.

Neste månad er det eit stort toppmøte i København. Møtet som mange har venta på lenge. Forventningane har vore høge – kanskje for høge. Likevel, mange håpar at dette møtet skal vera starten på ein prosess mot eit forpliktande samarbeid for å snu utviklinga.
Laurdag 12. desember reiser alle biskopane i kyrkja vår til København. Over 1000 menneske reiser i eit eige skip frå Oslo for å delta på konferansen. Det blir eit kjempeløft for å visa at mange ønsker å gjera noko.

Til slutt – det er mykje snakk om krise, og om klima-endringar og om å berga jorda. Me trur på ein Gud som har skapt alt dette, og eg trur at han ikkje vil stå stille og la oss ødeleggja alt saman. Eg er sikker på at han har ein plan for å berga skaparverket sitt – med eller utan oss menneske. Som me song i den første salmen i dag: ”Gud er Gud om alle land lå øde, Gud er Gud om alle mann var døde.” Gud er ikkje avhengig av oss, men me er avhengige av han, og me kan velja om me vil spela på lag med han eller ikkje. Han ønskjer å ha oss med på laget, for han er glad i oss. Han vil at alle menneske skal bli frelst, og eg trur han vil at me skal ha det godt på den jorda han har skapt, heilt til den dagen han skal gjera alle dei skapte ting nye.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...