lørdag 25. desember 2010

Kvit jul

Kvart år har eg som prest den same utfordringa: Å finna ein ny vinkling på den gode, gamle julebodskapen. Det er vanskeleg å forkynna i julehelga, fordi tekstane er så kjende. I år også gjekk eg lenge utan å ha ei klar "spissing" av bodskapen, men så fekk eg hjelp av Knut Grønvik, som for tida er prest i Korsvei. Han har skrive ei andaktsbok som heiter "Alle dager". For ein av dagane i desember hadde han ein andakt om "kvit jul". Han tok utgangspunkt i Jesaja 1, der det står at syndene våre skal verta kvite som snø. På ein festdag som julafta, følte eg ikkje at eg kunne ta så hardt i som Knut Grønvik gjorde, for han er ganske så utfordrande, men hovudideen hans sette meg på sporet. Og andakten hans er med dette tilrådd til alle.

Her er preika på julaftan 2010 i Os kyrkje:

Så blei det kvit jul i år og.
Kvart år høyrer me Bing Crosby synga om det: I'm dreaming of a white Christmas. Her på Vestlandet er me meir vane med "wet Christmas". Ikkje alle opplever den kvite jula like positivt: I Europa har snøen skapt store problem på flyplassane. Det er ikkje berre Maria Mena som vil gå "Home for Christmas". Tusenvis av passasjerar har venta i dagevis på å komma seg heim til familie og venner.
Men det er jo kjekt med snø til jul då. Alt det gøye me kan gjera i snøen! Laga snømann, og snøhole, gå på ski og renna på akebrett.

Uttrykket "kvit jul" kan bety mange ting
Eg var ein tur borte på Flåten [kjøpesenteret] på tirsdag: Der var det nokre ungdommar som hadde ein stand med slagordet "Kvit jul" og då meinar dei ei julefeiring utan alkohol. Fleire rusorganisasjonar har ein kampanje for å gi borna ei rusfri julefeiring. Det er dessverre slik at tusenvis av born i landet vårt kvir seg til jul fordi dei er redde for kva foreldra deira skal finna på når dei får eit glas for mykje. Borna treng ei "kvit jul", ei jul som ikkje blir øydelagt av alkohol. Og det var det ikkje vanskeleg å skriva under på.

Jula er heldigvis ikkje ei "kvit" feiring.
Og då meinar eg at jula ikkje er ei feiring for den kvite delen av verda. Me kan vel lett få følelsen av at jula er ei europeisk eller amerikansk feiring, der nissen og reinsdyra hans er viktigare enn barnet i krybba, og der våre gåver til kvarandre blir viktigare enn kva me gir til han som faktisk har bursdag.
Ikkje alle moderne juleskikkar har så mykje med den eigentlege bodskapen å gjera. Heldigvis er jula ikkje ei kvit feiring, men ei fargerik og internasjonal feiring.

Heile verda rettar augo sine mot Betlehem i natt, der eit jødisk barn vart født, i ein liten by som ligg i krysningspunktet mellom Afrika, Asia og Europa. Og han som blei lagt i ei krubbe, blei til velsigning for alle folkeslag.

Gud vil likevel gi oss ei kvit jul
Det har gått eit år sidan sist jul, og me har gjort mykje, sikkert både godt og gale. Eg veit ikkje om julenissen har slutta med å spørja om me har vore snille. Han gjorde iallfall det før i tida. "Har du vore snill gut i år, då?" "Ja... kanskje ikkje alltid..."

Tenk om livet vårt dette året var som spor i snøen. Og alt me har gjort var synleg for alle. Og så kom nysnøen og dekka over det. Alt blir så fint og reint når snøen lavar ned.

Det står noko om det i Bibelen. Gud har lova oss ei kvit jul: Profeten Jesaja: "Kom, lat oss gjera opp vår sak, seier Herren. Om syndene dykkar er som purpur, skal dei verta kvite som snø; om dei er raude som skarlak, skal dei verta kvite som ull" (Jes 1,18).

På den måten er det godt med ei kvit jul. Me kan få begynna heilt på nytt. Me kan setja nye spor i snøen, og me kan velja kva retning dei spora skal gå.

"I dag er det fødd dykk ein frelsar", sa engelen til gjetarane på markene utanfor Betlehem. At Jesus er vår frelsar, det betyr at han vil ta bort syndene våre og setta oss på rett kurs.

Og ein ny kurs treng me nok. At det er kvit jul og kaldt ver i Europa akkurat no, betyr til dømes ikkje at klimakrisa er over. Når me ser heile jorda vår under eitt, er det likevel slik at gjennomsnittstemperaturen held fram med å stiga. Og skal me ha håp om å unngå katastrofale endringar i klimaet vårt, må me endra vanane våre, og finna bærekraftige måtar å bruka ressursane på.

Og ser me rundt oss i verda, ser me at det framleis er det mykje urett. Framleis er det millionar som lever i djup fattidom og naud. Men framleis er det mogleg å vera med og gjera noko med det. I dag går takkofferet til Kirkens Nødhjelp: Ein av dei tinga dei gjer: Prøver å hjelpa menneske som merkar klimaendringane på kroppen. Nokre land har flaum, andre tørke. I Tanzania bur for eksempel nokre born saman med besteforeldra sine. Dei har fått hjelp til å låna litt pengar for å investera i ein liten grønsakhage og ein grisebinge, og slik klarar dei seg på sin enkle måte.

Englekoret sang om fred på jord. Det kan det bli, når me tar imot fredsfyrsten. Når Gud gir oss ei kvit jul. dekker over dei gamle spora og sender oss ut for å trakka heilt nye spor i snøen.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande,
som var og er og vera skal éin sann Gud
frå æve og til æve.
Amen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...