fredag 7. januar 2011

Ny framtid for Sør-Sudan


Søndag er det ein spennande folkeavstemning i Sør-Sudan. Det hovudsakleg kristne sør, som no er delvis sjølvstendig, skal avgjera om dei skal lausriva seg frå det arabiske og muslimske nord. Etter mange år med krig kom dei endeleg fram til ein fredsavtale i 2005. Presidenten i sør heiter Salva Kiir Mayardit, og har bakgrunn frå den langvarige borgarkrigen (bilde frå Wikimedia Commons).

Kirkens Nødhjelp er til stades i Sudan. Det har dei vore i 40 år, og dei er i beredskap dersom det blir urolige tilstandar i samband med valet den 9. januar. På KN sine heimesider kan du lesa meir om arbeidet deira.

Det er svært mange sør-sudanesarar som har flykta frå krigen i sør. Mange av dei bur i Nord-Sudan, der dei føler at dei er annanrangs borgarar. Også i Egypt bur det mange flyktningar frå sør, sidan Egypt tradisjonelt har hatt opne grenser til Sudan. I kyrkja vår i Kairo var det mange av desse som var aktive. Det gjer at eg kjenner eit personleg engasjement for det som no skjer. Eg var glad for å lesa at president Mubarak, så vel som den libyske president Qadhafi, nyleg uttalte at dei ville respektera utfallet av folkeavstemninga i Sør-Sudan, uansett kva dei vel. Eg håpar dei vil stå ved orda sine.

Tusenvis av menneske er no på reise frå nord til sør. Gjennomsnittleg 2000 kjem kvar dag over grensa for å delta i valet. For 105 år sidan knytta det seg spenning til om Sverige kom til å godta at Noreg lausreiv seg frå unionen. Kjem det til å gå like fredeleg for seg når sør-sudanesarane lausriv seg frå nord? Eit stort, uløyst spørsmål er kva som skal skje med dei store oljerikdomane som hovudsakleg ligg i sør. Vil nord gjera krav på desse, og kva skjer dersom nord og sør ikkje blir samde?

Vil dette bety slutten på mange hundre år med arabisk-islamsk kolonialisme i dette området? Det blir spennande å følgja med på kva som skjer vidare framover. Lat oss be for Sudan.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...