tirsdag 2. august 2011

Har terroren her heime opna oss for lidinga i andre land?

Nyhetsinnslaget på Her og Nå like før dei braut inn med saka om terrorbombinga i Oslo den 22. juli, handla om at nordmenn ikkje brydde seg om internasjonale nyheter. Dei var berre opptatt av kor dei ville finna sommarsola. Det blir no meldt om at nordmenn har gitt meir enn normalt til dei sveltramma på Afrikas horn denne første veka etter terrorangrepet. Har omsorgen me fekk frå andre delar av verda gjort oss meir opne for lidinga i andre land?

Det skal mykje til for å røra nordmenn til ekstra medkjensle med dei sveltramma. Bileta av utsvelta born gjer ikkje lenger like stort inntrykk som det gjorde då filmar frå Biafrakrigen rulla over skjermane på slutten av sekstitalet. Me er blitt numne.

Mandag kveld trur eg det var, gjekk det ein film på fjernsyn: "When Harvey met Bob". Filmen handla om Bob Geldof og det som skjedde i 1984 då han tok initiativet til å gi ut Band Aid-singelen til inntekt for dei sveltramma i Etiopia, og som seinare førte til den store konserten Live Aid. Det som var så spesielt, var den intense gløden som dreiv Geldof til å gi alt for å få dette til. Han hadde fått augene opp for lidinga, og følte eit moralsk imperativ til å handla. Eg synest me ser ein refleksjon av Jesus sin reaksjon då han metta fire tusen i øydemarka (Markus 8,1-9):"Eg synest inderleg synd i folket".

I dag er vel det største underet at det faktisk finst meir enn nok mat i verda til å brødfø oss alle. Desto større blir tragedien over at dei uskuldige menneska døyr fordi dei ikkje har vatn og mat. Kirkens Nødhjelp seier at dette er den største katastrofen i området på 60 år.

Det gjer meg sint å høyra om krigshandlingane i Somalia som gjer hungersnauden større. Om grupper som Al-Shabab som nektar for at det er matkrise, og som legg hindringar i vegen for hjelpeorganisasjonane.

Då er det godt å sjå at verda er i ferd med å vakna igjen. At me har hjelpeorganisasjonar som står klare til innsats og berre ventar på at kontoen skal fyllast. Og at me ser at nordmenn viser medkjensle med dei som lir i andre land. Det har me gode tradisjonar for.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...