søndag 4. desember 2011

Kvifor stå under lesinga av evangeliet?

”Menigheten trimmer lett, de spretter opp og ned”.  Slik skildra Bjørn Eidsvåg gudstenesta i songen ”På bakerste benk”, som kom ut i 1978, eitt år etter den førre liturgireforma.  Første søndag i adventstida gjekk startskotet for innføringa av endå ein reform. Det er ikkje mindre trim denne gongen, men den nye liturgireforma endrar på ein del godt innarbeidde vanar i gudstenesta vår.  Før sat me under salmesongen og sto under tekstlesingane.  No skal me stå ved nokre salmar og sitja ved nokre, og me skal reisa oss når evangeliet blir lese, men sitja under dei to første lesingane.  Kvifor?  Etter to år med reformliturgi i prøvekyrkjelyden Os, klarar eg ikkje for min eigen del å mana fram det heilt store engasjementet, men for nokre av oss er det tydelegvis visse ting som er viktig.  Til dømes er det ein del som reagerar på at me skal stå berre under evangelielesinga.  Er ikkje alt Guds ord like viktig, spør dei.

Eg har ikkje vore med i dei innerste sirklane i reforma,  så eg kjenner ikkje argumentasjonen som er brukt, men eg kan iallfall gjetta litt:

Frå mange har det vore eit ønske å kunna stå under salmesongen. For min del kunne me gjerne stått under alle salmane.  Utgangspunktet vårt er jo at dei første kristne stod under så godt som heile gudstenesta.  Benker og stolar er eit relativt nytt fenomen i kyrkjene våre. Ikkje meir enn rundt fem hundre år.  Det å stå framfor Gud med løfta hender i bøn og tilbeding, er ein måte å visa han respekt på.  Eg kan tenkja meg at om Paulus kom innom på ein visitt, ville han ha blitt svært forundra over å sjå ein kyrkjelyd som vart sitjande under bøna!

Frå eit inkluderingsperspektiv skjønar eg at ikkje alle synest det er så greitt når kyrkjelyden står i store delar av gudstenesta.  Det kan følast ekskluderande for dei som er dårleg til beins.  Utsikten framover blir også hindra når dei andre står.  Det er nok ein av grunnane til at ein ikkje ønskjer at kyrkjelyden skal stå under alle salmane, og heller ikkje under alle tekstlesingane.
Eit anna argument for å kunna sitja under tekstlesingane, er at ein då lettare kan konsentrera seg om det ein høyrer.  Men kvifor då gjera forskjell på lesingane? Er det ikkje Guds ord alt saman?  Og er det ikkje slik at me kan finna evangeliet i mange tekstar, også frå Det gamle testamentet og frå brevlitteraturen i NT?

Ønsket om å knyta seg nærare til den økumeniske tradisjonen er kanskje den viktigaste grunnen til at ein har valt at det no berre er ved evangelielesinga me skal stå.  Slik gjer dei det i den katolske tradisjonen og i den anglikanske kyrkja.  Då passar det godt å innføra høgtidelege skikkar som evangelieprosesjon med ministrantar. Det var vel det same ønsket som låg til grunn då dei  innførte den nye prestedrakta med alba og stola på syttitalet. Sjølv om Martin Luther i si tid meinte at ein burde kvitta seg med dei kvite messekleda når kyrkjelydane vart modne for det. Det er visst ein lang modningsprosess.

Frå eit hermeneutisk perspektiv kan ein også argumentera for at evangelielesinga skal ha ein forrang framfor dei andre skriftene.  Dette er fordi heile skrifta skal tolkast i lys av evangeliet om Jesus Kristus.  Det er evangeliet som er utgangspunktet for lesinga i gudstenesta. Dei andre tekstane blir førebuingar for og hjelpetekstar til evangelieteksten.
Gudstenesta hos oss er langt frå fullkomen.  Men ho skal avspegla tilbedinga i himmelen, og då blir det eigentleg noko slapt å sitja seg gjennom ei gudsteneste som ikkje varer meir enn litt over ein time.  Så for min del må folk få lov til å stå så mykje dei vil, både under salmesong og tekstlesing.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...