lørdag 11. august 2012

Lause teltpluggar



Eg har aldri budd samanhengande i det same huset meir enn sju år.  Eg og familien min har levd livet vårt med nokså lause teltpluggar, og denne sommaren har me vore på flyttefot igjen.  No er me komne til ein stad der det bles mykje, på øyane i Giske kommune utanfor Ålesund, så me må vel banka teltpluggane nokså djupt ned i jorda denne gongen.  Kanskje me då kan bli buande lenge her?  Gud veit.

Det er vel litt drøyt å kalla det for eit telt, det huset me bur i no.  Prestegarden på Valderøy er ein stor, staseleg  tømmerbygning  frå 1850, og det kan nok vera ein solid og god heim for oss.  Det var godt å komma opp hit og pakka ut flyttelasset her no.  Endå lever me med rotet frå pappesker rundt oss, men dag for dag kjem me meir i orden.   

Visst kjenner me på stress over å leva i rot, men samanlikna med andre som må leva ufrivillig med lause teltpluggar, er det ingenting.  Medan me kjenner på gleda over å bli ønskte velkomne til den nye staden, føler andre seg lite velkomne.  Eg tenkjer på Rom-folket.  Den siste tida har massemedia lært oss meir om bakgrunnen til dette reisande folket som aldri heilt har fått til å slå seg til ro nokon stad.  Det er tankevekkande kor lite me veit om alle dei grusomme tinga dei har opplevd i Europa gjennom tidene, om korleis dei i mange tilfelle bokstaveleg tala har vore fritt vilt. Det er å vona at me saman kan finna løysingar for at dette folket kan få leva i fred med sin eigenart i dei ulike landa dei vil busetja seg i.

Som kristne har me mange grunnar til å vera tolerante overfor reisande menneske av ulik slag som leitar etter eit betre liv for seg og familiane sine.  Vår åndelege stamfar Abraham var ein nomade som levde som framand i dei landa han reiste gjennom.  Barnebarnet hans, Jakob, flykta til Egypt då dei opplevde tørke.  Seinare flykta heile israelsfolket frå Egypt og levde i mange år i ørkenen.  Dei første kristne følte seg som framande i verda.  Liksom Abraham lengta dei etter byen med dei faste grunnvollane.  I dag lever me og i spenningsfeltet mellom det samfunnet me prøver å byggja, og den komande verda, når Guds rike skal openberrast og hans bustad skal vera mellom oss. Me kan aldri slå oss heilt til ro før Guds rike har invadert jorda. Me ventar på byen med dei faste grunnvollane.  I mellomtida lever me med lause teltpluggar, og gjer det me kan for å leva atter dei ideala me har i byen med dei faste grunnvollane.

Men no er det altså her på Valderøya me skal bu for ei tid.  Kanskje i mange år. Denne veka har eg gjort meg kjend med kollegane mine på kyrkjekontoret, og andre som arbeider på rådhuset.  Om nokre timar skal eg feira gudsteneste for første gong i Valderøy kyrkje.  Eg er spent, men gler meg til å komma i gang med tenesta her i Giske. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...