fredag 17. mai 2013

Om takksame samaritanar og syttande mai


Det er lenge sidan eg har posta noko på bloggen. I dag har eg feira syttande mai for første gong på øyane i Giske kommune.  Gudsteneste først i den flotte mellomalderkyrkja på Giske, så gjennom tunnelen til bedehuskapellet på Godøya, der eg fekk med meg toget og kransenedlegging, før ny gudsteneste.  Så var det heim på Valderøya for å vera med ei stund på skuleplassen der.  Eg trur denne dagen må vera landets største dugnad, så mange som er engasjert i ulike ting denne dagen.  
Nedanfor kjem preika eg heldt i dei to gudstenestene i dag, for dei som måtte vera interessert:  

Preiketekst:  Lukas 17,11-19

Berre samaritanen kom for å takka
Då eg såg at me hadde fått denne teksten som preiketekst på 17. mai, så var det første som slo meg at det var ein samaritan som kom tilbake til Jesus for å takka Gud, medan dei andre ni ikkje gjorde det. Og ein samaritan, det var altså ein som stod utanfor det jødiske samfunnet.  Han var ikkje utlending, men han hadde ein annan religion.  Han var ikkje ein del av den jødiske nasjonen.  Han var ein framand.  Viss det same hadde skjedd i dag, her i vårt eige land, så var det kanskje ein asylsøkar som var denne eine takksame samaritanen.  Ein som nettopp hadde fått opphaldsløyve, og i pur glede over dette kledde han seg i sin eigen nasjonaldrakt på syttande mai, og tok med seg det norske flagget og flagget frå heimlandet sitt.  For å visa si glede over å få bu i eit land med fridom og demokrati, og med eit ønske om at også heimlandet skulle få del i desse verdiane.

Samaritanen som kom tilbake til Jesus for å takka, han gjorde ikkje eigentleg som han hadde fått beskjed om.  Jesus ba han gå til prestane for å visa at han var blitt frisk.  Det var det som stod i moselova at dei skulle, viss dei hadde ein slik sjukdom.  I staden kom han rett til Jesus og gav  Gud æra for det. Og det var det han gjorde i spontan glede, det var det Jesus roste han for.

I staden for å kritisera kvarandre på korleis me viser vår takksemd for grunnlova og fridomen vår,  lat oss heller sjå nærare på kva grunnar me har for å vera takksame.  Og la oss hjelpa kvarandre til å visa takksemda vår på ulike måtar.  

Kvifor takka?
Det er ikkje alle som opplever det like sjølvsagt at me skal takka Gud.
Dåke har kanskje høyrt om bonden som hadde rydda seg mykje nytt land ein plass.  Og så kjem presten på besøk.  Han ser ut over dei flotte åkrane, der det før var skog og myr og stein.  Så seier han:  “Ja, her har du med Guds hjelp fått det meget vakkert”.  “Med Guds hjelp, seier du?  Ja, då skulle du sett korleis det såg ut her då Gud hadde ansvaret åleine.” 

Men me syng det jo slik i den gode gamle songen om nordmannen.  Han som budde mellom bakkar og berg utmed havet, veit dåke.   “Her han sjølv heve tuftene grave, og sett sjølv sine hus oppå deim”.   

Er det ikkje me som byggjer båtar som hentar fisken inn til land?
Er det ikkje våre ingeniørar som sørger for at me får pumpa olje og gass opp frå havbotnen?   Er det ikkje me som får bygd ut vegar, bruer og tunnellar?

Til dette seier Paulus:  “Kva anna har du, enn det du har fått?” (1 Kor 4,7)
Og Moses: Når du et og blir mett, når du byggjer deg fine hus og får bu i dei, (...)  ta deg då i vare så du ikkje blir hovmodig og gløymer Herren din Gud som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset.” (5 Mos 8,11-14)

Nei, me har tusen grunnar til å takka Gud.  Kanskje me ser best kor godt me har det, når me samanliknar med andre land. 

Korleis kan me takka Gud for det me har fått?
Det er fantastisk å sjå den gleda folk framleis viser over å feira nasjonaldagen vår.  Ikkje like stor sprudlande glede som maidagane like etter krigen, for dei som opplevde at fridomen kom tilbake etter fleire år med okkupasjon, dei vil nok ikkje gløyma den stemninga som var den gongen.  Likevel er det unikt å sjå så mykje glede, så mange barn, så mange folk med ulik bakgrunn, samla seg om denne eine dagen. Å gå i tog, å pynta med flagg og festdraktar er ein fin måte å visa vår glede på.

Så er me her i kyrkja for å gi Gud vår takk med bøner og salmesong. Det var det samaritanen gjorde.  Spontant.  Alle ti blei friske på kroppen.  Alle ti hadde grunn til å takka Gud.  Berre ein kom til Jesus.  Det er viktig å retta takken og gleda mot han som gir oss livet. Så kan me også få høyra det Jesus sa til samaritanen:  “Reis deg og gå! Trua di har frelst deg.”

Så kan me takka Gud ved å halda fram med å byggja det samfunnet me er ein del av.  På kvar vår måte, alt etter kva Gud har lagt ned i oss av evner og interesser.  I politikken, i næringslivet, gjennom kultur og idrett og andre ting.

Så kan me takka Gud gjennom å tena vår neste.  Heldigvis er det mange som gjer ein kjempeinnsats kvar einaste dag, ved å ta seg av dei i landet vårt som treng det mest? Dei sjuke.  Dei eldre. “Du skal reisa deg for dei grå hår og visa dei gamle ære”, seier Gud til Moses. Han ber oss også ta oss godt av innflyttarane. “Når ein innflyttar bur i landet hos dykk, skal de ikkje gjera urett mot han (…) Du skal elska han som deg sjølv.  For de har sjølve vore innflyttarar i Egypt.”     (3 Mos 19,32-33)

Og når me er takksame for den fridomen og freden me får ha her heime, så skal me også løfta blikket vårt ut over våre eigne landegrenser.  Så andre får ta del i den same fridomen og freden som me nyt godt av. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar