Søndag 8. desember vart dei nye messehaklane som er innkjøpte til Godøy bedehuskapell presenterte i gudstenesta. I første omgang er det kjøpt inn ein fiolett og ein grøn messehakel, og Valborg Remmen og Leif Sæther presenterte desse før den fiolette vart tatt i bruk under nattverdfeiringa. Desse to messehaklane er relativt enkle og rimelege, og det er planar om å engasjera ein kunstnar til det kvite settet, som skal brukast i høgtidene.I gudstenesta denne gongen var det musikkframføring ved Solveig Rønning, Simon Sakseid og Miriam Mulelid.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar