mandag 1. juni 2009

Om pinse, ein gammal sofa og ein trampoline

Preika i Lyse kloster kapell 2. pinsedag:

Kva har dette med pinse å gjera?
Det spørsmålet stilte eg meg når eg såg kva bibeltekstar me skulle lesa i kyrkja i dag, særleg preiketeksten frå Johs 3,16-21.
Johs 3,16 er jo eit veldig kjent bibelvers. Kanskje det mest kjende av alle. ’Den vesle Bibelen’ kallar me det. ”For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.” Men kva har det med pinse å gjera?

Jo, det har med dette ordet ’tru’ å gjera. Det står nemlig at ’kvar den som trur på han’ skal ha evig liv. Og for å tru, så treng me Den Heilage Ande. Det er han som skaper tru inni oss. Utan Den Heilage Ande, kan me ikkje tru på Jesus. Men han gir oss tru når me ber han om det.

Utan tru blir Bibelen berre ei samling med eventyr, eller ei bok med ein masse reglar som seier kva du skal gjera eller ikkje gjera. Men med tru blir Bibelen ei samling inspirerande forteljingar og ei kjelde til liv.

Anden er som vatn i ørkenen.
For nokre år sidan, budde eg og familien min i Egypt. Egypt er stort sett berre ørken. Men midt gjennom landet, renn elva Nilen, og langs elva, er det grønt og frodig.
Slik er Anden. Han er som ein straum av vatn i eit tørt landskap.
Dei menneska som skreiv dei ulike bøkene i Bibelen, dei forstod godt dette bildet. Dei levde i land som var avhengige av vatn for å overleva. Dei såg korleis eit einaste regnskyll kunne forvandla ørkenen ein blomsterhage.
Me høyrte bibelteksten frå GT i stad (Jes 44,2-6):
Jesaja fekk høyra at Gud sa til han: ”Eg vil renna vatn over det tyrste og straumar over det turre. Min Ande vil eg renna ut over di ætt og mi velsigning over dine etterkomarar.”
Slik gjer Anden at ordet i Bibelen blir levande. Anden gir oss den trua som Johannes 3,16 snakkar om, ei tru som gjer at me ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Dom og frelse
Det stod meir i bibelteksten vår. Det stod om dom og frelse, om mørke og lys, om vonde gjerningar og om gjerningar som er gjorde i Gud. La meg forklara det med to døme frå kvardagen:

Sofaen.
Då eg var liten, sånn omtrent 4-5 år gammal, hadde me ein sofa i stova. Han stod inntil veggen, og eg huskar at det var god plass bak sofaen. Der hadde eg ein fin gøymeplass.
Og når eg hadde gjort noko gale, når eg forstod at foreldrene mine ville komma til å skjenna på meg, då sprang og gøymte meg bak sofaen. Eg var skamfull og ville ikkje sjå dei i augene.

Slik er me vaksne framleis. Viss me har gjort noko gale mot ein person, så prøver me å unngå dei. Me vil ikkje sjå dei i augene. Slik er me overfor Gud og. "For den som gjer det vonde, hatar lyset og kjem ikkje til lyset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen" (v.20). Viss me veit at me har synda mot Gud, så blir det vanskeleg å komma til han. Me har helst lyst til å gøyma oss bak sofaen.

Men Gud ønskjer jo ikkje å dømma oss. Det er jo frelsa oss han vil: "Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han" (v.17). Han vil hjelpa oss til å tru, og trua skal hjelpa oss til å leva slik at me slepp å gøyma oss bak sofaen i skam.

Trampolinen
For nokre veker sidan, kjøpte me ein trampoline. Ein sånn som står i hagen og tar altfor stor plass. Men alle som har ein trampoline veit at ungane elskar det. Og når dei står der og hoppar, så ropar dei til foreldrene sine: Sjå på meg! Sjå når eg tar salto! Me likar å bli sett når me gjer noko positivt. Slik er me overfor Gud og. Bibelen kalla det å ’leva i lyset’ – eller å leva slik at me tør å la Gud sjå oss. "Men den som følgjer sanninga, kjem til lyset, så det skal bli klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud"(v.21).

Derfor, når me skammar oss over ting me gjer eller seier – eller lar vera å gjera og seia, når me får lyst til å gøyma oss i mørket bak sofaen: Då treng me å be Den Heilage Ande om at han gir oss ei tru – ei tru på at Gud ikkje ønskjer å dømma, men å tilgi og frelsa, og at han vil hjelpa oss til å få eit slikt godt forhold til han at me kan vera som barnet som gjerne vil bli sett av foreldrene sine.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...