søndag 9. august 2009

Herre over dine henders verk

Du har sikkert opplevd å vera ute ein stjerneklar kveld. Sett himmelen over deg med alle stjernene og fylgt med når månen stig opp bak eit fjell. Det kan vera utruleg fascinerande. Eg ser for meg at det er slik Salme 8 er blitt til, det som er preiketeksten vår i dag. ”Kva er då eit menneske?” Samanlikna med himmelen blir me ynkeleg små vesen. Likevel tar Gud seg av oss og gjer oss til noko stort. ”Du gjorde han lite ringare enn Gud”. Det er ikkje småtteri.

Nedanfor følgjer utdrag frå preika eg held i Os kyrkje og Sævareid kapell i dag.
Tekst: Salme 8

I Koranen står det også om dette. Ikkje at eg set Koranen på linje med Bibelen, men eg synest det er interessant å trekka parallellar. I Sura 7,11-12 står det om Gud som hadde skapt mennesket, og så befalte han englane om å bøya seg for Adam. Berre engelen Iblis nekta. Då Gud spurde kvifor, svara han: ”Eg er betre enn han. Meg skapte du av eld, og han skapte du av jorda.” Og som straff fordi Iblis hadde vore så hovmodig, blei han kasta ned frå Paradis. Poenget mitt her er at Bibelen og set mennesket over alt det skapte. Sjølv om me er støv, og born av Adam, så har Gud krona oss med ære og herlegdom. ”Du sette han til herre over dine henders verk”, står det. Det vil seia at me er forvaltarar av skaparverket og Guds medarbeidarar. Litt av ei oppgåve!

Det var ein gong ein prest som var på besøk hos ein bonde som hadde rydda seg ein ny gard. Bonden viser stolt presten rundt på garden, og presten vil no gi han eit kompliment, så han seier: ”Ja, her har du og Gud fått det veldig fint.” Han syntest ikkje han kunne gi bonden heile æra, for det er jo Gud som gir vekst, ikkje sant? Og så svarar bonden: ”Ja, du skulle sett korleis det såg ut her då Gud dreiv åleine her oppe!”

Me er altså forvaltarar av Guds gode gåver. Dei andre tekstane denne søndagen handlar jo om det same: Paulus kallar seg Guds medarbeidar, og Jesus fortel likninga om talentane, om korleis Gud løner den som forvaltar godt det han har fått, og dømer den dårlege og late tenaren.

I dag, når det er Salme 8 me har for oss, er det naturleg å ha eit globalt perspektiv på dette som har med forvalting å gjera. Korleis forvaltar me skaparverket på beste måten? For når det står at Gud sette mennesket til ”Herre over dine henders verk”, så er me nok enige om at det betyr at me skal forvalta naturen og ikkje utnytta han. Og korleis tar me oss av dei fattige i verda? Korleis kan me forvalta jorda vår på ein måte som gjer at folk overalt skal kunna seia som det står til slutt i salmen: Herre, vår Gud, kor herleg ditt namn er over all jorda!

Her er det naturlegvis like mange svar som det er menneske. For me er jo ulike, skapte med forskjellige talent og gåver. Det er greitt om me er einsidige enkeltvis, berre heilskapen blir tatt vare på totalt sett.

Ein er kanskje spesielt opptatt av miljøvern. Alle har kanskje ikkje den same gløden, men dei som brenn for dette kan hjelpa andre til å sjå kva som må gjerast.

Andre brenn for global rettferdighet og nedkjemping av fattigdom. Dei ser kanskje urettferdighet som andre ikkje får auge på. Eg har akkurat sett ein britisk TV-serie om korleis moteklær blir produsert og kor elendige forhold mange av arbeidarane lever under. Ei gruppe engelske ungdommar reiste ned til India for å vera med på prosessen heilt frå bomullet blei plukka, bearbeida og vevd til stoff, til stoffet blei sydd til klær. Ho eine sa før dei reiste ned dit, at for henne betydde det ingenting om det var ein treåring som var med og produserte klærne hennar, eller ein femtiåring. Men etter å ha arbeidd saman med desse fattige arbeidarane i fleire dagar, og delt levekåra deira, fekk dei sjå kor djupt urettferdig systemet var. Og no tenker dei alltid på kor klærne kjem frå før dei kjøper noko på sal. Og eg må jo seia at for min eigen del så blei desse programma ein alvorleg tankevekkar.

Og så er det andre av oss som er opptatt av misjon og evangelisering, og som tenker at det er viktig at enkeltmenneske over heile jorda får bli kjent med den levande Gud, han som har skapt dei og som tar seg av dei. Slik at dei får sett livet sitt inn i den rette samanhengen. Og så veit me jo det, at misjon som regel går hand i hand med utviklingsarbeid, for ein kan ikkje lukka augene for den nauden ein ser når ein kjem for å arbeida som misjonær i eit land.

Me kan føla oss små og ubetydelege i den store samanhengen, men då skal me huska det som kjem fram i Salme 8: Gud gjer oss til noko stort, og han har gitt oss ei stor og fantastisk oppgåve, alt til hans ære.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar