søndag 1. november 2009

Minnegudstenester i Os



I dag, på Helgemessesøndag, har det vore minnegudstenester i dei to kyrkjene her i Os. Me har minnast våre døde og tent lys for kvar av dei som vart gravlagde frå kyrkjene her. Os Blandakor var med i Nore Neset kyrkje, og Os Vocalis song i Os.

Nedanfor er tankane eg delte med dei frammøtte i dag:

Når me kjem saman i kyrkja i dag, så går tankane våre til dei av våre kjære som har gått bort, eller me tenker på nokon som har misst ein dei var glad i. Og me skal særleg minnast dei som er gravlagde her frå denne kyrkja det siste året, men fleire av oss ber nok med oss minnet om andre kjære som me saknar i livet vårt, og som er døydd frå oss tidlegare, eller gravlagde ein annan stad enn her.

Sorga er ein del av livet vårt. Me kjenner på saknet – det er eit ansikt som er borte, ei stemme som me ikkje høyrer meir, eit rom eller ei seng er tom. Me tenker på at me aldri meir skal få sjå den personen igjen i dette livet, og det gjer oss triste. Då er det naturleg at me feller tårer og føler på sorg. Hos nokon av oss er denne sorga som ei knugande hand som lammar oss totalt, og hos andre er det som eit mildt vemod. Kvar av oss kjenner det på ulik måte. Me er forskjellige som menneske, og situasjonen vår er ulik. Men Gud ser deg og din situasjon, og veit korleis du har det.

Fredrik Wisløff, den kjente presten og forfattaren som døydde for meir enn 20 år sidan, sa i ei bok om sorg at kjærleiken og sorga står kvarandre nær. ”Den som ikke kjenner kjærlighetens lykke, vil heller ikke få smake sorgens smerte. Sorgen vil bli like dyp som kjærligheten har vært sterk.”

Me har tidlegare vore gjennom ei gravferd. Gravferda handlar først og fremst om å ta avskil. Me overlet våre kjære i Guds hender og gir dei frå oss. Det er ein viktig del av sorgprosessen, å ta avskil, det å innsjå at dei ikkje lenger er saman med oss, slik som før. Der og då kan det opplevast svært tungt, nærmast brutalt, men på lengre sikt er det godt for oss at avskilen blir gjort.

Likevel er ikkje avskilen total. I dag blir me minna om at dei likevel er ein del av vårt liv, om enn på ein annan måte enn før.

Eg vil lesa nokre ord frå Matteusevangeliet. Det er kjende ord av Jesus, frå Bergpreika i Matt 5 (1-10):
(Eg les)

Me kan undra oss over noko av det som Jesus seier her: ’Sæle dei som sørgjer’, seier han. Det ordet, ’sæl’ eller ’salig’, det betyr jo ’lukkeleg’ eller ’velsigna’. Og når me nettopp har mista ein av våre kjære, så føler me oss langt frå lukkelege. Likevel seier han ’Sæle dei som sørgjer’. Men han sluttar ikkje der. Han fortset setninga og tilføyer, ’dei skal bli trøysta’. Dei som sørgjer i dag, skal ein dag bli trøysta. Derfor kan dei vera sæle midt i sorga. Det er vel noko av det same Paulus er inne på når han seier at me ’ikkje skal sørgja som dei andre, dei som er utan håp’. Sorga er der, men det er ei sorg som har eit håp. Og då går det an å vera sæl, midt i det som er vondt og vanskeleg. ’Syrgjande, men alltid sæle er me i vår kristentru’. Slik syng me i ein gammal salme av Elias Blix.

Den trøysta Jesus snakkar om, er himmelriket. ’Sæle dei som er fattige i si ånd, himmelriket er deira’ Slik byrjar saligprisningane. Her er det ikkje snakk om fattigdom i kroner og øre, men den fattigdom i ånda som innser at ein har bruk for Gud og hans tilgjeving. Ein fattigdom i ånda som gjerne og fører til sorg over sin eigen svakhet, sorg over sin eigen menneskelege begrensing, sorg over si eiga synd. Men ei slik sorg skal ein dag finna trøyst i Guds tilgjeving.

Saligprisningane er ein tekst som høyrer heime i dag, på Helgemessesøndagen, eller Allehelgensdag, som me og seier. På ein dag då me minnest dei døde. Men teksten handlar ikkje om døde menneske. Det er skrive til menneske som er levande, og det handlar om menneske som er levande. Jesus seier det sjølv ein anna stad, at Gud er ikkje ein Gud for døde, men for levande. Det gjeld også dei som er døde i Herren.

Det er ein song som uttrykker trua på det evige livet hos Gud så fint, og det er den enkle songen ’Ein fin liten blome’. La meg sitera dei to siste versa av den songen:
Som blomen om vinteren visnar eg av,
men gled meg, for då står eg brud.
Lat lekamen kvila med fred i si grav,
mi sjel, ho er heime hos Gud!
Ja glad skal eg vakna hos Jesus eingong
i morgonen æveleg klår,
og blanda med heilage englar min song
i himlen, dit døden ei når!


Det er sagt mange gonger før, men me kan godt gjenta det: Altarringen i kyrkja er ofte ein halvsirkel, på framsida av altaret. Me kan tenka oss at sirkelen fortset på baksida av altaret, og at der er dei som er sovna inn i døden. Og i nattverdliturgien seier me at me vil blanda våre røyster med englane, dei som lovsyng Guds herlegdom natt og dag, og med Guds kyrkje i himmelen og på jorda. Gud har si kyrkje både i himmelen og på jorda. Han er ein Gud for levande. ’Eg er oppstoda og livet’, seier Jesus. ’Den som trur på meg, skal leva om han så døyr, og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy’.

Det er dette som gjer at me kan vera sæl og lukkeleg midt i sorga.
Så skal me la denne trua få hjelpa oss til å komma gjennom dei vanskelege dagane.
Sorga og saknet er framleis der, i større eller mindre grad, men det vil bli lettare å bæra, for det er ikkje ei sorg som er utan håp.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...