fredag 4. desember 2009

Adventskonspirasjon

Ein av mine kjepphestar er at advent ikkje er starten på julefeiringa. Det er starten på førebuinga til julefeiringa, og det er noko heilt anna. Tradisjonelt har advent vore ei fastetid, men no er det blitt ei festetid. Kjøtet skulle venta til julafta kl 6, og så skulle festen ta til. I Egypt held dei kristne enno på tradisjonen med å fasta i adventstida, og det var der eg fann kjepphesten min, som eg no tar fram igjen.

Tenk om me kunne ta jula tilbake frå Mammon! Det er slett ikkje umogleg.

Ein bloggar på Vårt Land sine debattsider har skrive eit innlegg med tittelen "Adventskonspirasjon". Han viser til den amerikanske nettsida adventconspiracy.org. Her er mange gode idear til korleis me kan gjera adventstida til det ho var meint å vera. Sjekk denne videoen:

2 kommentarer:

  1. Interessant! Og heilt samd. Var det slik at ein fasta frå kjøt i Noreg i advent før? (jf. kjøt kl 18) Har du noko kjelde som synar dette?

    SvarSlett
  2. På heimesida til Liturgisk Senter
    kan me lesa følgande: "Adventens farge er fiolett, botens og selvransakelsens farge. I gammel tid ble disse ukene regnet for fastetid på linje med tiden før påske."
    http://www.liturgisksenter.no/index.cfm?id=60473

    SvarSlett

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...