fredag 25. desember 2009

Ordet vart kjøt


Athanasius
I krypten under den store St. Markus-katedralen i Kairo ligg dei jordiske restane etter ein av dei største teologane i kyrkjehistoria. Athanasius var patriark av Alexandria på 300-talet. Navnet "Athanasius" betyr "Udøyeleg" på gresk, og sjølv om mange prøvde å skyva han til sides og få han til å tia, skulle han komma til å få svært mykje å bety for at kyrkja tok vare på trua på Jesus som Guds Son.
300-talet var ei turbulent tid på mange måtar. Dei kristne hadde endeleg fått religionsfrihet, men når dei ikkje lenger opplevde så mykje ytre forfølging, oppstod det indre splid. Ein av dei største konfliktane gjekk på kva ein skulle tru om kven Jesus eigentleg var. Var han Gud i menneskeform? Eller var han berre eit menneske som var spesielt benåda av Gud? Eller var han kanskje Gud og menneske i ein og same person? Ein av dei som skapte splid i kyrkja, heitte Arius. Arius meinte at Jesus ikkje kunne vera Gud. Det var ikkje logisk, meinte han. Dersom Faderen er Gud, må Sonen vera skapt, og dersom han er skapt, kan han ikkje vera like evig som Faderen. Athanasius såg at sjølv om dette kunne virka som ein logisk måte å forklara ting på, så gjekk det på tvers av det Bibelen seier om Jesus. For korleis kunne me verta frelste av ein gud som ikkje sjølv var Gud?
Athanasius fekk eit omflakkande liv. Dei aller fleste innan kyrkja støtta hans syn, men den romerske keisaren var ikkje så interessert i teologi. Han ville helst ha ro i kyrkja si, så han sendte Athanasius vekk i eksil heilt nord til det som i dag er Tyskland. Seinare fekk han komma tilbake, men berre for ei kort tid. Den prinsippfaste patriarken vart sendt i eksil ut av Alexandria heile fem gonger i løpet av dei 45 åra han styrte kyrkja. Likevel var det den trua han heldt fast ved som vart ståande som den felles kristne trua, fordi dei heldt fast ved det Bibelen seier om Jesus, og fordi dei heldt seg til det som hadde vore den felles kristne trua heilt sidan aposteltida.
Det som vart Athanasius sine udøyelege ord, og som ettertida huska han spesielt for, var desse: ”Gud vart menneske for at mennesket skulle bli guddommeleggjort”.
Men det var ikkje nye tankar, eigentleg. Andre kyrkjefedre før han hadde sagt liknande ting, og dei bygde sjølv på det evangelistane hadde lært dei om Jesus.

”I opphavet var Ordet”
Slik byrjar Johannes evangeliet sitt. Det er som eit ekko av dei første orda i Bibelen. ”I opphavet skapte Gud himmelen og jorda” les me der. ”I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud og Ordet var Gud” skriv Johannes. Når han bruker det greske ordet ”Logos” for å snakka om Jesus, så betyr det at han seier at Jesus eksisterte lenge før han vart fødd her på jorda. ”Logos” er eit filosofisk begrep som er mykje eldre enn kristendommen. Det er snakk om eit slags skaparprinsipp, me kan nærmast forklara det med den visdommen, den logikken som Gud skapte universet med. Kanskje enkelte av vår tids filosofar eller vitenskapsmenn ville brukt uttrykket ”intelligent design”. Johannes seier altså at Jesus eksisterte før verda vart skapt. ”Alt vart til ved han”, skriv han. ”Og utan han vart ikkje noko til”. Jesus er altså like evig som Gud sjølv. Og det var dette vår egyptiske venn Athanasius kjempa så hardt for å forsvara. Og denne trua, som er felles for alle kristne trussamfunn, kjem til uttrykk i den nikenske truvedkjenninga. Der vedkjenner me oss trua på Jesus som ”Guds einborne Son, fødd av Faderen før alle tider, Gud av Gud, ljos av ljos, sann Gud av sann Gud, fødd, ikkje skapt, av same vesen som Faderen.”

Ordet vart menneske
Dette skriv Johannes vidare i prologen til evangeliet. Det er det som er utgangspunktet for julefeiringa, ikkje sant? I kyrkjebladet lovte eg at det skulle bli litt meir å tygga på i gudstenesta juledag enn på julafta. Litt grundigare teologi enn i familiegudstenesta. Og det er jo dette med inkarnasjonen som er grunnen til at me feirar jul. Dette at Gud vart menneske og tok bustad mellom oss. Gud ikledde seg kjøt og blod.
Jul var eigentleg ikkje noko stor høgtid i dei første kristne tidene. Det var jo påske som var den store festen den gong. Fødselsdagen til Jesus var det ikkje så mange som brydde seg om. Men på slutten av 300-talet har me iallfall sikre historiske bevis for at i Betlehem, der feira dei fødselen til Jesus midt på vinteren. Og det var heller ikkje så unaturleg, for det var på 300-talet at at me finn den store teologiske interessa for ein gong for alle å bli enige om kven Jesus eigentleg var, i forhold til Gud Fader og Gud, Den heilage ande. Og så har den kristne julefeiringa spreidd seg ut over heile verda, sjølv om kanskje julenissen har overtatt mykje av hovudrolla i feiringa mange plassar, og det kan sikkert diskuterast kor mykje kristent innhald som er igjen, no når pengane får styra det meste.

Og vi såg hans herlegdom
Dagens evangelium blir avslutta med desse orda: ”Og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som dne einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning”. Og litt etterpå skriv Johannes at ”av hans fullnad har vi alle fått”. Det var kanskje dette gamle Athanasius tenkte på då han sa at ”Gud vart menneske for at mennesket skulle bli guddommeleggjort”. I 2. Petersbrev står det same med litt andre ord: Der står det at me ”skulle få del i guddommeleg natur”.
Me pleier jo å seia at me menneske er skapte i Guds bilde. Det betyr at Gud skapte oss som ein refleks av seg sjølv, og at me skulle kunna kommunisera med Gud. Men så var det dette med Adam og Eva då. ”Kor lenge var Adam i Paradis”, seier me. Ikkje så veldig lenge. Gudsbildet i oss menneske vart på ein eller annan måte forvrengt. Me er ikkje lenger eit avbilde av Guds vesen, slik me skulle ha vore. Alle som har sett lite grann inn i seg sjølv trur eg vil kunna vera enig med meg i det.
Men i Jesus ser me Guds herlegdom fullt og heilt. Og når me er i Jesus, får me del i den same guddommelege natur. Gud vart menneske for at mennesket skulle bli guddommeleggjort.
Me syng i ein gammal nattverdsalme: ”Din saft har flytt meg i årene inn. Jeg knelte og drakk av din nattverdvin.” Me skal få tenkja så konkret om nattverden. På same måten som Guds Son vart inkarnert og tok bustad mellom oss i ein kropp av kjøt og blod, like verkeleg er Jesus til stades i brødet og vinen som me deler i nattverden, og me får del i hans guddommelege natur når me tar imot i tru det han har å gi oss. Ordet – det guddommelege skaparprinsippet – kom til oss og vart ein del av den verda me bur på.
Dette får konsekvensar for oss og for korleis me kan tenkja om jorda vår, om kroppane våre, om naturen, klimaet, fattigdom, misjon – mange aktuelle tema som me ikkje skal gå inn på i dag. Men det at Gud vedkjenner seg det skapte, at han går inn i det, gjer seg til eitt med oss, det har inspirert utallige kristne til å få ein tilsvarande innstilling til verda.
Det at Jesus forlot sitt komfortable liv, at han bøygde seg ned til oss, vart ein tenar for oss alle, at han vart sendt av Gud for å leita opp det fortapte og frelsa det, det får oss til å skjøna kor høgt han elskar oss. Og det er det som er det store i julebudskapet – at Gud sjølv kom til oss.
Til slutt vil eg berre nemna ein konkret måte me kan la oss inspirera til å vera med på den same bevegelsen, ut frå det komfortable livet hos oss sjølv og inn i livet til medmenneska våre: I ettermiddag, og andre og tredje juledag vil det vera ope hus i Kyrkjetunet, og der går det an å vera med, eller bidra med ei hjelpande hand, litt god julemat eller litt ved til peisen. Desse dagane ønskjer me at me kan legga til rette for gode møte mellom menneske, slik at me kan gi til kvarandre av det gode me har fått av Gud – han som sjølv gav sitt aller dyraste, sin eigen Son.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande
som var og er og vera skal ein sann Gud
frå æve og til æve.
Amen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar