fredag 2. april 2010

Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?


Då den sjette timen kom, vart det mørkt i heile landet, og mørkret vara til den niande timen. Ved den niande timen ropa Jesus med høg røyst:
”Eloï, Eloï, lemá sabaktáni?”
Det tyder: ”Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?”


Mark 15,33-34 – utdrag frå Jesu lidingssoge som vart lesen i Nore Neset kyrkje i dag, Langfredag.

I dag, på Langfredag, står me ved det innerste mysteriet i den kristne trua. Me kan historia godt frå før, og likevel veit me ingen ting av det Jesus gjekk gjennom. Legevitskapen kan forklara den fysiske prosessen kroppen til Jesus gjekk gjennom i all mishandlinga, men kva veit me eigentleg om det sjelelege og åndelege mørket han opplevde medan han hang der på krossen?

Mange har spekulert på kva slags mørke det var som kom over landet i dei tre siste timane før Jesus døydde, frå kl 12 til kl 3 om ettermiddagen. Solformørking kan det ikkje ha vore, for det skjer aldri når det er fullmåne, som det alltid er ved påsketider. Kan det ha vore tunge og mørke skyer som skygde for sola, så det virka som at ho hadde gått ned, slik at det kjendest som den vonde dagen som profeten Amos skildra: ”Den dagen skal det henda, lyder ordet frå Herren Gud: Eg let sola glada middagstider, gjer jorda mørk ved høgljos dag” (Amos 8,9).

Kva det enn var, så var det ei mørk stund. Ei mørk stund for kvinnene som stod i nærleiken, for disiplane, som hadde sett sitt håp til Jesus, og for mor hans, som ein gong for mange år sidan hadde høyrt engelen fortelja at ho skullle bli mor til ein Frelsar, ein som skulle vera stor og kallast Son åt Den Høgste. Kunne Guds Son henga på eit kors og døy? Det var ein umulig tanke, men no såg dei det.
Så forstår me at for Jesus og må det ha vore forferdeleg vanskeleg. Me har kanskje lett for å tenka at Jesus må ha vore mentalt sterk gjennom alt dette – han var jo Gud, og visste alt om det som skulle skje etterpå. Men slik var det ikkje. Jesus òg var i eit djupt mørke. Når mørket hadde vart i tre timar, like før han døydde, ropte han ut i fortviling: ”Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?” Her ser me eit menneske som kjenner seg forlatt, åleine, redd. Mørket er totalt.
Det hender at me opplever slike mørke periodar i livet, der Gud kjennest langt borte. ”Sjelens mørke natt” er det nokon som kallar det. Trua kjennest svak, eller ikkje-eksisterande. Bibellesing blir eit ork. Bøna når ikkje lenger enn til taket. Nokre blir sinte på Gud, og i avmakt og fortviling gjer dei ting dei seinare angrar. I sånne situasjonar er det godt å sjå at ein ikkje er åleine om å ha det slik. Salmane, og andre bøker i Bibelen, viser oss at det går an å vera ekte i møte med Gud. Me treng ikkje forstilla oss og byggja opp eit skin av åndelighet for at Gud skal bli fornøyd med oss.

Men om me føler aldri så sterkt at Gud er langt borte, så er me aldri totalt forlatt av Gud. Når Gud lar oss komma inn i mørket, vil han og føra oss gjennom. Når me er midt inne det, ser me det ikkje, og me klarar heller ikkje å sjå noko svar på kvifor me opplever mørket. Men Gud er der, også i den mørke natta.

Men kva med Jesus og det mørket han opplevde? Kan det ha vore endå tettare enn det andre menneske går gjennom? Eg veit ikkje. Her står me ved mysteriet, det som gjer korset til ei gåte for oss. Kva innebar det for Jesus å vera forlatt av Gud? Kan Gud vera forlatt av Gud? Var det meir enn berre ei kjensle av å vera forlatt? Var Jesus faktisk heilt adskilt frå Faderen? Kan det ha vore den størsta smerten Jesus kjende på? Større enn dei fysiske plagene, og større enn det å bli audmjuka og spotta?

Kvifor måtte Jesus gå gjennom dette mørket? Eitt av mange svar, kan vera dette at Gud er heilag, som det står i Salme 22, den klagesangen som Jesus siterar: ”Og du er då heilag”. Kanskje eitt svar på kvifor Gud måtte skjula seg for Jesus for ei tid ligg akkurat i dette at Gud er heilag. For når Jesus hang der på korset, skuldfri som han var, så vart han gjort til synd. ”Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal bli rettferdige for Gud i han”, skriv Paulus (2 Kor 5,21).

Det gjer vondt å bli gjort til synd. Det gjer vondt å bli urettferdig skulda for å ha gjort noko gale – å føla at folk ser ned på deg og snakkar vondt om deg. Sjølv om det er småting, kan det svi. Og når Jesus vart gjort til synd for oss, har han bore børa av å bli urettferdig skulda for alt dette, og den heilage Gud måtte skjula sitt åsyn for han ei stund. Og dette måtte Jesus tåla, så me kunne få nyta lyset av Guds åsyn. Han måtte gå gjennom dei tre timane med mørke, og dei tre dagane i grava, så me for evig kunne få leva i lyset hos Gud. ”Kvifor har du forlate meg?” Noko av svaret ligg i dette: Han blei forlatt av Gud for ei kort tid, så me kan få nyta hans nærvær til evig tid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar