mandag 4. oktober 2010

Levande steinar

Eg skulle hatt eit bilde av konfirmantane som deltok i gudstenesta på "5-aren" i Os kyrkje i går. Dei illustrerte preiketeksten frå 1 Peters brev 2,4-10, der Peter seier at me skal vera levande steinar som blir oppbygde til eit åndeleg hus. Konfirmantane bygde ei kyrkje med kroppane sine. Nokre var søyler, andre var veggjer og tårn, og med løfta hender laga dei eit tak.

Her følgjer utdrag av preika:

Å vera kyrkje er minst like viktig som å gå i kyrkja.

Me har nettopp feira at kyrkja vår her i Os er 140 år gammal. Mange ville opplevd det vondt om kyrkja brann ned, slik det skjedde i Kopervik. Likevel ville ikkje kyrkja i Os vore borte. “Kirken den er et gammelt hus, står om enn tårnene faller”, skreiv Grundtvig i den gamle salmen. Det er ikkje først og fremst bygningen som er kyrkja. Kyrkja er laga av levande steinar.

I Det gamle testamentet ser me korleis tempelinstitusjonen utviklar seg frå dei enkle altara som patriarkane bygde, via det flyttbare tabernaklet i ørkenen, til det store, flotte tempelet i Jerusalem. Dette var heller ikkje varig. To gonger vart tempelet lagt i grus, siste gong i år 70 e. Kr. Nokre år før denne siste, store katastrofen, hadde Peter skrive til dei kristne kyrkjelydane (dei kristne hadde jo ikkje lenger tilgang til tempelet): "Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men som er utvald og kosteleg for Gud. Ver de òg levande steinar. Bli oppbygde til eit åndeleg hus, til eit heilagt presteskap, og ber fram åndelege offer, som Gud tek imot med glede, ved Jesus Kristus" (1 Pet 2,4-5).

Korleis byggjer me eit tempel av levande steinar her i Os?

”Kom til han, den levande steinen”
Det byrjar med at enkeltpersonar kjem til Jesus. ”Kom til han, den levande steinen”, står det. Kyrkja blir berre bygt opp av at enkeltpersonar blir frelst og kjem til Jesus, han som blir kalla den levande steinen, og hjørnesteinen i tempelet.

Struktur
Korleis blir me bygde opp til eit åndeleg hus? Eg trur det skjer best når me har eit samspel mellom storsamlingane i gudstenesta, mindre, nærare fellesskap, og heimane våre.

Eit hus må ha ein struktur. Det må ha ein plan, elles blir det berre ein haug med bygningsmateriale, eller lause steinar som ligg slengt rundt omkring. Heldigvis er Herren ein god arkitekt, og han byggjer kyrkja si etter ein god plan og set oss inn i ulike sosiale fellesskap. Og strukturen er desse fellesskapa som me finn i ulike former. Gudstenesta er ein type fellesskap. Familien er ein annan. Og så er det ulike andre grupper me er ein del av – bibelgruppe, misjonsforening, bønnegruppe, husfellesskap – me har veldig mange forskjellige namn på det. Men det er gjennom desse strukturane me blir oppbygde til eit åndeleg hus. Kanskje me kan tenka på dei ulike fellesskapa som rom i huset.
La oss ta for oss desse ulike romma:

Gudstenesta
Det er mange meiningar om korleis gudstenesta skal vera. 5-aren blei vel starta i si tid fordi ein ønskte ein form på gudstenesta som var annleis enn 11-gudstenesta.
Men uansett kva form me har på gudstenesta, så skal gudstenesta vera ein stad der me ”ber fram åndelege offer”, som det står i det bibelverset i 1. Peters brev. Kva tyder det?
Peter hadde ofringane i tempelet som bakgrunn for det han skreiv. Me er vande til å tenka at Jesus er Guds offerlam. Jesus vart ofra som Guds lam, for syndene våre. Derfor er det ikkje behov for fleire syndoffer. Han er ofra ein gong for alle.

Likevel skriv Peter at me skal ”bera fram åndelege offer”. Paulus skriv om det same, i Romarbrevet 12,1: Der står det at me skal ”bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer”. Det handlar om at alt me gjer med kroppane våre, skal vera til glede for Gud, og tena til oppbygging. Det handlar om at me ikkje skal skitna til kroppane våre med synd, og det handlar om å gjera kroppane våre tilgjengelege for Gud med alt me er og har, både i praktisk arbeid og nestekjærleik. Og når me er samla til gudsteneste, så handlar det om å bruka kroppane våre til Guds ære, anten det er at me spelar musikk for han, at me syng for Gud, eller at me deltar i bønn, bibellesing eller andre ting.

Gudstenesta er ikkje først og fremst for meg, men for Gud. Gud møter meg, sant nok. Han møter meg i ordet sitt, han tener meg med sakramenta, i dåpen og i nattverden, og gir meg sin nåde, men me må få fokuset der det høyrer heime, nemlig i møte med Gud. Me er her for å bera fram åndelege offer til han som har frelst oss, han som har gjort oss til levande steinar og som er med på å bygga sitt tempel.

Eg trur det er viktig at me diskuterer forma på gudstenesta. Eg trur det er viktig at forma på gudstenesta er tilpassa den tida me lever i og dei menneska som kjem, og derfor må me fornya oss. Alt treng ikkje vera slik det var for hundre år sidan eller 1700 år sidan. Men perspektivet må vera der: I gudstenesta ber me fram offer som Gud skal ta imot med glede.

Familien
Kor mange prestar er det i Os?
3? Det er berre dei som er offisielt tilsette i Os kyrkjelyd. Elles er det fleire andre med presteordinasjon, pensjonistar o.a. Men eigentleg burde me hatt minst 3000 prestar i Os - eller kanskje 16-17000. “Alt som har krope ut av dåpen, kan rosa seg av allereie å vera via til prest, biskop og pave”. Alle som er døypte, er ordinert til presteteneste.

Dette handlar om “det allmenne prestedømme”. Sjølv om me har ei ordning med at nokre av oss har ei særskilt teneste som prest, betyr ikkje det at me er spesielle i forhold til andre menneske. Alle kristne er prestar for Gud.

Derfor sa Martin Luther noko anna og, når han underviste om familien sin rolle: "Foreldra er apostlar, biskopar og prestar for borna sine, for det er foreldra som gjer dei kjende med evangeliet". Alle som er foreldre har eit kall til å vera prest for borna sine.
I GT står det om Job at han ofra brennoffer for borna sine kvar gong dei hadde hatt fest. ”Han stod opp tidleg om morgonen og bar fram brennoffer for kvar einskild av dei. For han tenkte: ’Kanskje har sønene mine synda og spotta Gud i sitt hjarta’ ” (Job 1,5). Han tok åndeleg ansvar for familien sin. Job var prest for familien sin.

Det er viktig at fedrane er prestar for familiane sine. Mødrene og, men i dag er det fleire mødre enn fedre som tar åndeleg ansvar for borna. Heimen er ei lita kyrkje. Der er dåke prestar for familien dåkas. Eg seier ikkje at det alltid er like lett, og eg har slett ikkje alltid fått det til sjølv heller, sjølv om jobben min er å vera prest. Men eg trur det er viktig at me ikkje berre går i kyrkja, men at me er kyrkje der me er, både helg og kvardag.

Grupper
Dei siste åra har det vore mange forsøk på å organisera kyrkja på nye måtar. Den gode gamle soknestrukturen med geografiske kyrkjelydar har jo eksistert sidan middelalderen. Det er ikkje sikkert det er den einaste måten kyrkja skal organiserast på.

I England har dei noko dei kallar ”Fresh expressions of Church”. Med støtte frå biskopane prøver ein å finna nye måtar å samlast på. Ein plass er det kanskje forretningsfolk som har sitt viktigast gudstenestefellesskap midt i veka. Ein annan plass er det foreldre og born som møtest til uformelle gudstenester der leik er ein viktig ingrediens. Andre gonger er det studentar som kjem saman og feirar gudsteneste i den lokale puben. Her hos oss har me jo liknande ting – for nokre er Familiesamlingane i Nore Neset aktivitetshus ein del av rytmen i det åndelege livet. Det og er kyrkje, sjølv om me møtest i ein gymsal og prestekjolen er erstatta av treningsdrakten.

I det siste nummeret av Agenda 3,16 stod det om eit nettverk av huskyrkjer på Jæren. ”Bedehuskirken” kallar dei seg. Der samlar dei seg i større og mindre fellesskap i heimane, og kvar heim har ein huspastor, eller to viss det er eit ektepar. Ganske radikal måte å tenkja kyrkje på, der relasjonsbygging og disippelskap er viktigare enn offisiell kyrkjemedlemskap.

For vår eigen del trur eg at eit samspel mellom familie, gudsteneste og små grupper er den beste vegen å gå. Eg trur me treng både gudstenesta, bevisste familiar og smågrupper som går ut over familien. Me treng ein plass der me kan veksa og bygga kvarandre opp som kyrkjelyd. Ein plass der me er så trygge på kvarandre at nådegåvene kan veksa fram. Ein plass der me alltid kan invitera nye inn, så gruppa kan veksa og kyrkjelyden kan bli større. Ein plass der dei levande steinane får ein funksjon, slik at me blir bygde opp til eit åndeleg hus, der me kan vera prestar og bera fram oss sjølve som åndelege offer.

1 kommentar: