lørdag 6. november 2010

Skal me ikkje til himmelen?

”Det kristne håp dreier seg ikke om å komme til himmelen, men at himmelen skal komme til oss. Da skal det bli en ny jord, hvor rettferdigheten bor”. Slik står det på omslaget til ei gammal bok av Erling Utnem. Eg tørka støv av boka ”Visst skal jorden bli ny” for nokre veker sidan, og er blitt fascinert av det han skriv. Boka las eg første gongen i 1987 då ho var ny, men seinare har ho blitt ståande i ei hylle eller lagra i ei eske.

Søndag er det helgemesse, og i kyrkjene våre skal me minnast spesielt dei som er gravlagde det siste året. Mange stader er det blitt tradisjon å setja ut lys på gravene for å visa at me tenkjer på våre kjære, som no er i himmelen. Eller – er dei ikkje i himmelen? Skal me ikkje møta dei igjen når me døyr? Kva skjer eigentleg med oss når me døyr? Skal me sova i gravene heilt til den dagen Jesus kjem tilbake, eller går sjela vår heim til himmelen?

I kyrkja brukar me ofte altarringen som bilde på kyrkja: Den halve ringen som me ser, er den synlege kyrkja, og den andre halvparten er dei kristne som levde før oss, og som no er i himmelen. Og i nattverdliturgien seier me at ”di kyrkje i himmelen og på jorda prisar namnet ditt med samrøysta lovsong”. Korleis kan dei prisa Guds namn viss dei ligg i gravene? I salme 6,6 står det jo ” For ingen av dei døde kjem deg i hug. Kven prisar vel deg i dødsriket?”

Det ser ut til at det meste av det Bibelen skriv om håpet vårt for livet etter døden, handlar om at me skal stå opp frå dei døde. Det er også det me seier i truvedkjenninga, i tredje artikkelen: ”Eg trur på…oppstoda av lekamen og evig liv”, eller som det står i den nikenske truvedkjenninga: ”Vi…ser fram til oppstoda av dei døde og eit liv i den komande verda”.

Samstundes er det nokre stader i Bibelen der det kan sjå ut som at sjela til dei truande går til Gud når dei døyr. Når Jesus diskuterer med saddukearane – dei som ikkje trudde på oppstoda – minner Jesus dei om at Herren kallar seg ”Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud”, og at han ikkje er ein Gud for døde, men for levande. ”Dei lever alle for han.” (Luk 20,38). I likninga om den fattige Lasarus og den rike mannen (Luk 16) er dei begge medvitne om kvarandre, men på kvar sin stad i dødsriket. Frå krossen seier Jesus til den eine røvaren at ”i dag skal du vera med meg i Paradis”. Paulus skriv i Filipparbrevet (1,23) at han ”har hug til å fara herifrå og vera saman med Kristus, for det er så mykje, mykje betre”. Ein annan stad seier han at ”vi vil heller flytta bort frå lekamen og heim til Herren” (2 Kor 4 og 5). Det kan dermed sjå ut som om Bibelen lærer både om at sjela først kjem til himmelen, og så blir sjela gjenforent med kroppen når Jesus kjem tilbake og dei døde står opp. Eller?

Erling Utnem, som var biskop i Agder frå 1973 til 1983, var kjent for å vera tydeleg evangelisk og konservativ kristen med eit sterkt sosialetisk engasjement. Engasjementet for rettferd og etikk vart styrkt av at han trudde at himmelen skulle komma til jorda, og ikkje at me skulle komma til himmelen. Han diskuterer alle desse skriftstadene som eg nemner ovanfor, men kjem fram til at døden kan reknast som ein søvn som varer til Jesus kjem tilbake.

Eg veit ikkje heilt kva eg skal tru. Det viktigaste for meg er at når eg døyr, så er eg i Herrens hender, anten han tar vare på meg mens eg ”søv”, eller eg skal få gle meg i hans nærleik medan eg ventar på oppstoda.

Å lesa boka til Utnem på nytt i haust har uansett gitt meg eit nytt perspektiv på det kristne håpet. Trua på at Gud ein gong skal gjenskapa denne jorda har komme meir i framgrunnen igjen. Det må jo få konsekvensar for korleis me forheld oss til skaparverket. Me ber jo kvar dag i ”Fader vår” om at Guds rike må komma hit til oss, og at hans vilje må råda på jorda, slik som i himmelen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar