lørdag 29. januar 2011

"Kvifor er de så redde?" Matt 8,23-27

Eg må innrømma at dei siste dagane har min oppmerksomhet vore meir retta mot Egypt og stormen som rasar i gatene i Kairo, enn mot Gennesaretsjøen og stormen som Jesus og disiplane fekk over båten sin. Eg har mange venner i Egypt, og ber om at dei må vera trygge midt i stormen.

”Kvifor er de så redde?” sa Jesus. For nokre dagar sidan, då protestane byrja i Kairo, sa dei på nyhetene at no hadde egyptarane overvunne frykten sin. Dei var ikkje lenger redde for politiet og styresmaktene.

Frykten for styresmaktene har nemlig vore stor i Egypt. Mubarak har styrt landet med jernhand i 30 år, og folk har ikkje våga å seia kva dei meiner. Politiet har vore kjent for sin brutalitet, og det å bli banka opp på politistasjonen var ikkje noko uvanleg. For eitt år sidan fortalde ein venn av meg om korleis han hadde blitt henta av politiet heime i sin eigen leilighet ein dag. Dei hadde banka han, slått han så han knekte foten, og latt han ligga igjen på gata. Ein taxisjåfør i Kairo sa ein gong til meg at han ikkje var redd for noko, utanom Gud. Det var litt tankevekkande synest eg. Men det har ikkje vore den haldninga som har prega det egyptiske samfunnet.

Men denne siste veka var det som om ein demning brast. Folk overvann frykten for regimet, dei sprang mot politisperringane og tvang presidenten til å innføra forandringar.

Bibeltekstane som me skal lesa i kyrkja i morgon, (4. søndag etter Kristi openberring) dei har det til felles at dei handlar om å vera redd og motlaus, men at Gud er større enn alle våre prøvelsar. Og akkurat som demninga av frykt brast i Egypt, så håpar eg at me kan overvinna vår frykt og vår motlaushet, uansett kva prøvelsar me møter, og sjå kor stor Gud me har med oss.

I morgon preiker eg i Nore Neset kyrkje i Os. God søndag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...