mandag 14. februar 2011

Gamling på leir: KRIK Challenge

Eg følte meg skikkeleg gammal sist helg. Eg var på Voss på leir med 160 tenåringar og om lag halvparten så mange leiarar, ikkje så mange år eldre enn deltakarane. Challenge er KRIK Hordaland sitt årlege vinterarrangement, der ein overnattar og har samlingar på Voss ungdomskule og brukar dagane i alpintbakkane eller i idrettshallen. KFUK-KFUM sitt lokale, Vonheim, vart også brukt som base og matstasjon.


All ære til KRIK Hordaland for eit veldig godt arrangement. Dei er godt organiserte, har mange og ivrige leiarar og har eit tydeleg og godt budskap til tenåringane. Eg håpar at me kan reisa med ein gjeng neste år også. I år var det 19 deltarar frå Os, og dei aller fleste av dei var konfirmantar. I tillegg var me fire leiarar med Os-gjengen.

Eg synest ikkje det gjer noko å føla seg litt gammal i møte med kule ungdommar. Det er heilt greit. Eg likar dei gamle Åsnes-skia mine med kandaharbindingar, som eg kjøpte då eg gjekk på gymnaset, ein gong i forrige århundre. Den gongen var dei forresten kule, dei og. Glasfiber til og med. Kvart år blir eg frista til å kjøpa nye, men eg får meg liksom ikkje til å pensjonera dei. Nye ski vil sikkert få meg fortare fram i den preparerte løypa, men eg klarar meg jo godt – til mitt bruk. Det einaste måtte vera at det hadde vore godt med nye skisko – beksaumsko sa me før – for dei eg har er litt for kalde for meg. I tjuetre kuldegrader heldt eg på å frysa tærne av meg mens eg stod i ro i køen til Hangursbanen.


På sovesalen innsåg eg også at eg høyrer til ein utdøyande generasjon. Eg syntest eg hadde utstyrt meg godt og komfortabelt. Eg hadde slått til med luftmadrass denne gongen. Men då eg såg kva ungdommane kom med, forstod eg at eg var heilt ute. No skal det vera elektriske pumper. Og madrassene er ein halv meter tjukke. Og så kjem eg med mi, som er ein halv meter brei. Ungdommen no til dags, altså – pingler! Men no har eg lært. Neste år kjem eg vel med innebygd pumpe eg og. Me må jo vera ungdommelege…

Her er forresten ein film som dei laga på KRIK Challenge i fjor:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...