lørdag 3. august 2013

Egypt - mitt andre heimland

I dag er det tjue år sidan eg flytta til Egypt saman med kone og to små born.  Frå august 1993 budde me i Kairo i to periodar på til saman sju år.  «Sju magre år» pleier eg å seia, halvt i spøk.  Sanninga er at det var ei viktig tid i familien vår sitt liv, av mange grunnar.

Då me sette oss inn i det vesle flyet som tok av frå Sør-Stokken på Stord til Fornebu den morgonen, var  det så mykje meir enn berre ei flyreise.  For oss var dette starten på eit liv som misjonærar, og me visste ingen ting om kor lenge misjonærlivet skulle vara.  Det var heller ikkje berre ein vanleg jobb me skulle til.  Me følte det slik at me var kalla av Gud til å reisa, og at det var han som sende oss ut.

I mange år hadde me allereie sett fram til denne dagen.  For min del, hadde eg førebudd meg i ni år, sidan eg byrja å studera teologi på Misjonshøgskolen i Stavanger.  Helga hadde kjend på eit kall til å bli misjonær heilt sidan ho var tretten år gammal.  Me hadde vore gjennom ein lang prosess med utdanning og plassering.  Først vart me plasserte til Pakistan.  Me førebudde oss gjennom å få venner blant pakistanske innvandrarar i Stavanger, venna oss til å eta sterkt krydra mat, lesa det me kom over av litteratur om landet, snakka med andre misjonærar, engelskstudium i Cambridge, ordinasjon og misjonærinnviing og mykje meir.  Men visumet til Pakistan kom aldri. Antiklimaks.

Så vart det ny omplasseringsprosess.  På denne tida hadde Det Norske Misjonsselskap (NMS) akkurat begynt å samarbeida med ein organisasjon som dreiv misjon i Midtausten gjennom massemedia.  Dei lurte på om me kunne tenka oss å reisa dit.  Våren 1993 reiste me ned og snuste litt på arbeidet, og etter ein del korrespondanse att og fram, fekk me snekra saman ein arbeidsbeskrivelse for meg, og så var me klare til å reisa. Turen starta altså på Stord.  Med Twin Otter frå Sørstokken.  Me hadde så mykje bagasje med oss at me måtte senda mesteparten til Fornebu med eit anna fly kvelden før.  Så vidare med Air France via Paris til Kairo. Eit nytt liv hadde begynt.

I dag er mykje forandra i Egypt. Konflikten med islamistane har aldri vore meir ustabil.  For tjue år sidan hadde president Mubarak eit jerngrep om makta, medan islamistane var aktive i bakgrunnen. Ikkje berre gjennom terrorangrep mot koptiske kristne, vestlege turistar, politi og militære, men også i det stille.  Gjennom forkynning og sosialt arbeid i moskeane og gjennom oppbygging av ein maktbase i studentforeningar og fagforeningar.  Endringane viste seg gradvis til dømes ved at fleire og fleire kvinner begynte å gå med hijab.  Til dømes begynte ei av lærarinnene mine på det amerikanske universitetet, ei godt vaksen dame, å gå med hijab medan eg studerte arabisk det første året.

Dei siste to åra har sett større endringar i Egypt enn nokon kunne forestilla seg. I januar 2011 var dei fleste i vesten entusiastiske over den arabiske våren.  Endeleg skulle demokrati og fridom sigra.  Frå Egypt høyrde eg nokre skeptiske røyster.  Ein del kristne var redde for at dei ville få det verre dersom islamistane kom til makta gjennom frie val.  Det skulle visa seg å stemma.   Og i dagens situasjon, der det muslimske brorskapet har mista makta si igjen, blir kristne ei lett skyteskive for sinte og frustrerte islamistar som leitar etter syndebukkar. 

Det var eit overveldande fleirtal av fredselskande menneske, kristne og muslimar saman, som tok til gatene i Egypt tidlegare i sommar og fekk hæren til å gripa inn mot president Morsi.   Ein månad seinare, 26. juli, sat kristne saman med muslimar og åt i lag på gata for å bryta fasten, medan kyrkjeklokker over heile landet ringde i solidaritet med dei muslimske medborgarane. 

For meg og familien min er det no mange år sidan me flytta frå Egypt igjen. Den gongen følte me det godt å komma tilbake til Noreg.  Sjølv om me hadde likt oss godt, var me slitne.   Me var så slitne at me såg mest på dei negative sidene av landet me hadde reist frå.  Varmen, støvet, bråket, korrupsjonen.   Men åra i Egypt hadde gjort mykje med oss.  Me hadde lært eit nytt språk, fått utvida horisonten vår, fått mange venner, både blant kristne og muslimar og lært oss å takla kulturelle forskjellar.   Egypt vil ha ein spesiell plass i hjarta våre, og for meg er det alltid kjekt å komma tilbake.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...