Dei var
flinkare til det før – sikkert fordi det var nødvendig. I dag får ikkje det me kallar «matauk» så
stor innverknad på månadsbudsjettet. Men
det er grådig kjekt å hausta sin eigen mat, anten det er noko me har sådd og
planta sjølv, eller me finn det i naturen sitt eige matfat.


For det
første er det ingenting som smakar så godt som mat du har hausta sjølv. Det er nok berre innbilning, men likevel. For det
andre er det viktig at me ikkje gløymer korleis me skal bruka ressursane me har
rundt oss der me bur. Kven veit om
tidene alltid vil vera så gode som dei er no.
Om me ikkje har råd til å importera varer til landet vårt, vil det bli
smalhans her. For det tredje trur eg me
blir meir i pakt med det opprinnelege i det å vera menneske, når me dyrkar
jorda og forvaltar og haustar av det Gud har gitt oss.
Gud velsigna Noah og sønene hans og sa til dei: «Ver fruktbare, bli
mange og fyll jorda! Over alle dyra på jorda og alle fuglane under himmelen, over
alt som rører seg på marka og alle fiskane i havet, skal det koma frykt og
redsle for dykk. Dei er gjevne i dykkar hender. Alt som lever og rører seg, skal no vera mat for dykk. Som eg
gav dykk dei grøne plantene, gjev eg dykk no alt dette. 1Mos 9,1-3
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar