tirsdag 4. februar 2014

Kystpilegrimsleia - kva gjer me med den i Giske?


"Kystpilegrimsleia langs Norskekysten var ein av dei viktigaste og kanskje mest brukte pilegrimsrutene til Nidaros, og er nemnt i skriftkjelder allereie på slutten av 1000-talet. Både norske og utanlandske pilegrimar valfarta her, anten for å reise heile vegen til Nidaros eller for å besøke mange av dei lokale pilegrimsmåla."   

Slik står det på heimesidene til Møre og Romsdal fylkeskommune. Der er det no lagt ut ein rapport frå forprosjektet til kystpilegrimsleia mellom Rogaland og Nidaros.  I rapporten (side 68) er Giske kyrkje nemnd som ein av dei stadene som det er naturleg for moderne kystpilegrimar å stoppa innom.  

Kva kan me som bur her på øyane i Giske gjera for å gjera mest mogleg ut av dette?  Giske kyrkje er allereie etablert som eit viktig turistmål.  Me har dessutan giskespelet og sommarfestivalen som trekkjer mykje folk. Den nye kyrkjestova som er under planlegging kan kanskje også brukast for å ønska moderne pilegrimar velkomne.  Kva med gjestehamn for tilreisande båtturistar?  Korleis er tilhøva for dette på øyane våre? 

Kystpilegrimsleia er eit spennande prosjekt som tiltalar mange, meg sjølv inkludert.  Sjølv er eg mest fascinert av soga om den heilage Sunniva som kom i land på Selja.  Selja vart seinare eit senter for kristendomen på Vestlandet.  På strekninga mellom Kinn og Selja har dei også kome langt i planlegging og etablering av moderne pilegrimsturar.  Sjå t.d. Sunnivaleia.  



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar