fredag 28. mars 2014

Pilegrimar på Mørekysten



I eit tidlegare blogginnlegg spør eg kva me kan gjera lokalt her i Giske i forhold til Kystpilegrimsleia.  No skjer det endeleg ein del ting her:

Frå Giske til Selja
Den 1. juli er det planlagt ei pilegrimsvandring over sjø og land frå Giske til Selja.  Målet er å delta på den årvisse Seljumannamessa første søndagen i juli.  Framleis er det mange detaljar som ikkje er fastlagde for denne turen, men tanken er at ein skal bruka både offentlege transportmiddel, robåtar og gå til fots.  På vegen tenkjer ein seg innom fleire av øyane sør for Giske, som Hareidlandet og øyane i Herøy kommune, før ein legg vegen til Åheim og St. Jetmundkyrkja.  Derifrå vil ein gå den gamle kongsvegen over Mannseidet til Selje, og ta båt ut til sjølve Selja og dei gamle klosterruinane.   Det vil bli lagt opp til enkel og rimeleg innkvartering.
Selja er eit naturleg pilegrimsmål langs vestlandskysten.  Ikkje berre som ein stasjon på veg til Nidarosdomen, men som eit mål i seg sjølv.  Hit kom dei første kristne innvandrarane som flyktningar på slutten av 900-talet, og legenda om den heilage Sunniva førte etter kvart til at Selja vart eit senter for kyrkja i Noreg.  Her var det første bispesetet for Bjørgvin bispedøme, som Sunnmøre tilhøyrde fram til Møre bispedøme vart oppretta i 1983.  
Dei som er interesserte i denne turen, kan kontakta Nils Krister Larsen gjennom facebook-gruppa Seljasamfunnet

Frå Stavanger til Trondheim
Veka før Olsok vil det gå ein seilas frå Stavanger til Trondheim for å lansera kystpilegrimsleia.  Når følgjet kjem til Giske, søndag 27. juli, er det planlagt middagsbøn  - ei enkel liturgisk samling –   i Giske kyrke kl 16.00.  
Dagen før, laurdag 26. juli, blir det ei større markering ved klosterruinane på Selja.  Detaljane rundt kva som skal skje, veit vi enno ikkje noko om, men det ville jo vore flott om folk frå Giske kunne reist ned til Selja den laurdagen og vore med på det som skjer.  Høyrest dette interessant ut, så ta kontakt med meg på tlf. 91325568 eller epost gsakseid@gmail.com.
Frå Giske går lanseringsseilasen vidare via Bud og Kristiansund, slik at ein kan feira olsok i Trondheim.

NMS Møre planlegg fleire vandringar
Den siste helga i august inviterer NMS Møre til pilegrimsvandring på Nordmøre , der dei mellom anna skal sjå Kulisteinen, eit av dei første spora av kristen tru i landet vårt.  Neste år tenkjer dei seg ein tilsvarande tur i Nordre Sunnmøre, med m.a. Giske kyrkje og Borgund kyrkje som mål.  Etter kvart tenkjer ein seg med desse turane å komma fram til Selja.

Stiftsdagar med seminar om Kystpilegrimsleia

For dei som er tilsette i Møre bispedøme, er det interessant å vita at det blir eit seminar om kystpilegrimsleia under stiftsdagane på Molde folkehøgskule.  Seminarhaldar er Margun Pettersen, som sjølv har reist leia som kystpilegrim, og som har gitt ut rapporten «Pilegrim på kjøl»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...