lørdag 28. juni 2014

Selja som pilegrimsmål


Den første helga i juli er det seljumannamesse.  Eigentleg er det den 8. juli som er sjølve merkedagen for Den heilage Sunniva og følgesmennene hennar, og Den katolske kyrkja skal ha messe på Selja den dagen, men Den norske kyrkja har lagt feiringa til den søndagen som kjem nærast, og i år blir det søndag 6. juli.   På sida seljumannamesse.no kan du lesa meir om årets program, der m.a. St Hallvardguttene frå Oslo skal delta.

Det var Olav Tryggvason som først utpeikte Selja som ein heilagstad.  Det skjedde i år 996.  Selja er framleis eit flott pilegrimsmål for Vestlandet.  Staden ligg midt i kystpilegrimsleia mellom Stavanger og Trondheim, og er ein sjølvsagt stoppestad for dei som reiser nordover mot Nidaros.  På strekninga mellom Kinn og Selja har dei gjennom fleire år arbeidd med å utvikla “Sunnivaleia”, og kvart år er det no vandringar mellom desse to historiske stadene. Sunnivaleia har ei eiga heimeside (som diverre ikkje er oppdatert for 2014). 


Også for oss som bur nord for Stad, kan Selja vera eit naturleg pilegrimsmål.  Denne veka besøkte eg øya for første gong, saman med mi kjære kone Helga.  Me kjørte frå Giske over Hareidlandet Gurskøya og var innom St Jetmundskyrkja i Åheim på vegen.  I Selja parkerte me bilen,  og tok med oss ryggsekk og telt i klosterbåten.  Tilfeldigvis var heile Bjørgvin bispedømeråd med i båten, saman med Sigurd Vengen, tidlegare prost i Midhordland og no prostiprest i Nordfjord. Han brenn for Selja som pilegrimsmål, og var der for å leia bispedømerådet på ei liturgisk vandring gjennom klosterruinane.  Heldigvis fekk me lov til å henga oss på denne flokken, så me fekk ein svært fin start på pilegrimsopphaldet vårt på Selja.  Nattverdfeiring i hola var eit høgdepunkt!

Då alle dei andre hadde tatt båt tilbake til Selje sentrum, var me åleine igjen ved klosteret. 15 timar til neste båt.  Med nokre travle dagar bak oss, var det godt å kjenna at tida gjekk sakte.  No hadde me ikkje anna å gjera enn å sjå på gamle murar, vera stille, be og venta.  Oppe i Sunnivahola venta me ein time på at sola skulle krypa innover i hola og skina på steinalteret inst i hola.


For dei som lurer på korleis ein kjem seg over til Selja, så kan det gjerast på fleire måtar.  Klosterbåten tar turistar ut på ein tur med guiding.  Det tar om lag to timar, og kostar 200 kroner per person.  Men det går også ein mindre rutebåt som tar åtte passasjerar og er mykje rimelegare.  Denne båten går ikkje så ofte, og ein bør kanskje bestilla på førehand.  Her er ei ruteoversikt.   Etter ei natt i telt ved klosteret, var det godt å sjå båten komma over frå fastlandet kl 8 om morgonen.

I år får eg ikkje med meg Seljumannamessa, men for dei som er her i området søndag 6. juli, er det absolutt å anbefala.   Kanskje kan me organisera ein pilegrimsvandring over sjø og land frå Giske til Selja neste sommar? 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar