“Kom med meg til ein aud stad der vi kan
vera åleine, og kvil dykk litt!” Dette sa Jesus til læresveinane sine ein gong
det var så mange som kom og gjekk at dei ikkje fekk tid til å eta eingong,
skriv Markus (6,31).
Personleg har eg berre så vidt vore borti
dette med stille retreat ein gong før.
Då varte det berre eitt døgn, og retreatane på Åkerlehaugen varer i bortimot
tre døgn. For mange kan det virka litt rart å vera taus så lenge, og ikkje kunna
snakka med dei som er i same rommet som ein sjølv. Men ein venner seg til det. Og det kan vera godt å sleppa å tenkja på kva
ein skal seia – og for somme kan det vera godt å sleppa å høyra på alt det
kollegane har lyst til å snakka om.
Åkerlehaugen er verkeleg ein flott
oase. Ein nydeleg plass å trekkja seg
tilbake til frå ein travel kvardag. Her
får ein alt ein treng – god mat, eige rom, fellesrom med gamle, tømra vegger og
fyr i peisen, og eit flott lite kapell til andaktar. Sjølv sette eg også pris på å bruka tid i vedbua med kløyveøksa eller framfor høvelbenken på
løa.
Det er Edin Løvås som er kjend for å ha
ført retreatrørsla hit til landet vårt, men dei åndelege røtene strekkjer seg
langt tilbake, heilt til den tidlege klosterrørsla, ja like til Jesu invitasjon
til læresveinane om å komma avsides med han. På nettstaden retreater.no kan ein lesa meir
om kva ein retreat er for noko, og kor i landet ein tilbyr dette.
Eit lite a pro pos: I året for grunnlovsjubileet, er det
interessant at jesuittmunken Ignatius av Loyola har vore ei viktig
inspirasjonskjelde for den moderne retreatrørsla. Jesuittrørsla var ein viktig del av den
romersk-katolske “motreformasjonen”, for å avgrensa skadeverknadane frå det den
opprørske tyske munken Martin Luther hadde starta. Grunnlova i 1814 heldt fram det gamle forbodet
mot jesuittane, og dette forbodet vart ikkje oppheva før i 1956, etter ein
oppheta debatt på Stortinget. Og no
sender altså bispedømekontora i den lutherske folkekyrkja vår ut invitasjonar
til ignatianske retreatar. Eg seier som
dei sa det heime på Stord i gamle dagar: “No står ikkje vero te påskje”.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar