Bli med på ei pilegrimsreise langs Sunnmørskysten
til Seljumannamessa på Selje kloster.
Ruta byrjar med ei tidsreise på tusen år på ein dag: Først
med vikingskipet “Borgundknarren” frå Sunnmøre museum på Borgund over fjorden til Giske kyrkje, og vidare med hurtigbåt
til Hareid. Der går me over fjellet til
Ulsteinvik. Dagen etter ror me vidare –
mellom anna i eit mindre vikingskip – gjennom skjergarden i Herøy. Tredje dagen vandrar
me over Gurskøya og får båtskyss til Sandsøya.
Fjerde dagen går ferda vidare med
båt til Vanylven, der det blir ei vandring til Åheim. Til slutt går me over fjellet til Selje og tar
båt ut til klosteret på øya Selja.
Søndag formiddag avsluttar me pilegrimsreisa med å delta i den
økumeniske gudstenesta i Selje kloster.
Bagasjetransport vil bli organisert, men dei som melder seg på turen må vera i god nok fysisk form til å vandra opp til 4-5 timar dagleg med oppstigingar på opp til 500 høgdemeter.
Når sjølve pilegrimsreisa er slutt, kan dei som vil gjera reisa endå litt meir spennande, ta turen tilbake til Ålesund med hurtigruta frå Måløy måndag morgon.
Leiar for pilegrimsreisa blir sokneprest i Giske, Geir
Sakseid.
Påmelding
Det er plass til 20 deltakarar på denne turen.
Du melder deg på ved å senda ein epost til:
gesa@giske.kommune.no Du vil då få
informasjon om betaling. Når depositum
er innbetalt, er påmeldinga stadfesta.
Pris
Kr 5000,- Dette skal
dekka båttransport, overnattingar, måltid og andre fellesutgifter. Depositum ved påmelding kr 1000,- Dette blir
kun tilbakebetalt dersom turen blir avlyst. Prisen dekker ikkje retur til Ålesund.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar