mandag 12. oktober 2015

Samliv: Harde hjarte og varme hjarte

Det var tre familiar til dåp i Giske kyrkje sist søndag, og den vesle kyrkja var fylt til siste benk: Her er manuset til preika:

Preiketekst for 20. søndag i treeiningstida, 2. rekke:  Markus 10,2-9:

2 Då kom det nokre farisearar og spurde han: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si?» Dei ville setja han på prøve. 3 «Kva bod fekk de av Moses?» sa Jesus. 4 Dei svara: «Moses har gjeve mannen lov til å skriva skilsmissebrev og senda henne frå seg.» 5 Då sa han til dei: «Fordi hjarta dykkar er så harde, har Moses gjeve dykk dette bodet. 6 Men i opphavet, då alt vart til, skapte Gud dei som mann og kvinne. 7  Difor skal mannen forlata far sin og mor si og halda fast ved kvinna si, 8  og dei to skal vera éin kropp. Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp. 9 Og det som Gud har bunde saman, skal ikkje menneske skilja.»
 (Tekst frå bibel.no )

Det å finna det gode samlivet, det er ikkje lett.  Men det som er hovudpoenget i dag, det er at Gud vil hjelpa oss til å halda saman.  Me lever i ein verden som er prega av mange slags konfliktar rundt dette med samliv.  Her kan Jesus hjelpa oss.  I staden for å bli hengande fast i diskusjonar som aldri tar slutt, så peikar Jesus tilbake på Guds opphavlege skapartanke for mann og kvinne.  Meir enn det.  Han viser oss i praksis kva ekte kjærleik er.

Jesus: Dei harde hjarta er grunnen til problema
Det er ikkje berre i våre dagar me diskuterer ulike spørsmål knytt til dette med samliv.  Dei siste åra er det homofili og likekjønna ekteskap som er det store stridsspørsmålet.  Det skal me legga til sides i dag, men me veit at kyrkja vår er delt i synet på dette, og at diskusjonen på mange måtar lammar oss og tar frimodigheten frå oss.  

Det er mange andre slike område at kyrkja ikkje nødvendigvis er på linje med det som folk flest elles meiner er rett og gale.  Det kan gå på dette med gjengifte etter skilsmisse eller på det å bu saman utan å vera gifte.  I slike spørsmål som er så djupt personlege for folk, er det vanskeleg å kommunisera tydeleg Guds gode vilje utan å virka fordømmande.  Men eg trur at Bibelens ord er godt for oss å bygga på .  Også det Jesus seier om ekteskapet, at me er skapt i Guds bilde som mann og kvinne for at dei to skal vera eitt og halda saman livet ut.  Sjølv om det kan vera store sprik mellom det me ser på som eit ideal, og det me opplever i realiteten i våre eigne liv.

Det er ikkje berre her i vår norske, lutherske kyrkje at me diskuterer desse tinga.  I desse dagar er det ein stor katolsk konferanse i Roma. “Familiesynoden” skal vera samla i tre veker for å samtala om dette, korleis kyrkja kan peika på Guds gode vilje for oss på ein måte som kommuniserar godt i dagens samfunn.  For kyrkja skal ikkje tilpassa seg skiftande samfunnstrendar, men vera eit eksempel, og alltid peika på Guds gode vilje, slik Jesus gjorde. Pave Frans sa til dømes, sist søndag, at familien er Guds draum for skaparverket.  “Her er Guds draum fullenda, når mann og kvinne finn saman i kjærleik”, seier paven.

Det er våre harde hjarte som er grunnen til problema, seier Jesus.  Det var derfor Moses gav mannen lov til å skilja seg frå kona si, seier han.  Fordi me lever i ei verd prega av synd.  Fordi me har rota til Guds draum.

Frå opphavet var det ikkje slik. Gud skapte oss til mann og kvinne for at dei to skulle vera eitt.  Jesus vil at me skal finna tilbake til Guds eigentlege vilje for oss.  

[Diakon Berit Johansen gir litt informasjon om Temakveld med samliv i sentrum onsdag 14.10] 


Jesus viser oss i praksis kva ekte kjærleik er.
Det som er så fint med Jesus, er at det var ikkje berre snakk med han.  Han ikkje berre snakka med fine ord om kjærleik.   Han viste det i praksis, kva ekte kjærleik er for noko.  Paulus kallar det eit mysterium, dette at Jesus gav seg sjølv for oss.  Paulus er ofte blitt utskjelt fordi folk ikkje alltid likar det han skriv, men samtidig er det jo han som har gitt oss ein av dei mest brukte bibeltekstane om kjærleik, nemlig det som står i 1 Kor 13:
“Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig, misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.
Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige, er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde.
Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. 
Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han”

Dette er meir enn ein abstrakt filosofisk tekst med fine, vakre ord.  Det er ei skildring av Jesus og det han gjorde for oss.  Han gav livet sitt for oss.  På den måten viste han oss kva ekte kjærleik er.  Han viste oss kor høgt Gud elska oss. 

I teologien snakkar me av og til om brudemystikk.  Forholdet mellom oss og Gud er som forholdet mellom ei brur og brudgommen.  Gud er brudgommen, og Guds folk er brura.  Jesus har elska kyrkja, brura, med ein evig kjærleik.  Og denne kjærleiken som han har vist oss, den skal me få ta imot, og me skal få gi den vidare til dei menneska som er rundt oss.    Derfor skriv Paulus dette om ekteskapet:  “Mannen skal forlata far og mor og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp.  Dette er eit stort mysterium. Eg tenkjer på Kristus og kyrkja.  Men det gjeld dykk òg: Kvar og ein av dykk skal elska kona si som seg sjølv, og ho skal ha respekt for mannen sin. “

Så har me vel alle ting som me angrar på.  Ting som ligg i fortida som ikkje kan gjerast ugjort.  For nokon av oss har det ført til samlivsbrot eller dårlege relasjonar i familien, mellom foreldre og born, eller mellom søsken.   Så er det slik at me framleis lever i denne falne verda vår.  Me må leva med konsekvensane av dei vala me gjer, og med dei vala me gjorde tidlegare.  

Det som gjekk sund for fleire år sidan, kan kanskje ikkje reparerast.  Men våre hjarte kan bli fornya, og forholdet til dei menneska me har rundt oss i dag, kan bli nytt.
Jesus ønskjer å ta våre harde hjarte, våre knuste hjarte, og gjera dei nye.  Varme hjarte som bankar for kvarandre, for Gud, for dei menneske me har rundt oss. 

Lat oss be:  
Evige Gud, kjærleiks kjelde,   du har skapt oss til å leva i fellesskap med deg og med kvarandre. Vi bed deg:
Bygg heimane våre i fred  og velsign alle ekteskap, familiar og fellesskap.
Fyll oss med din kjærleik, så vi kan tena deg i glede,
ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve.  Amen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar