fredag 3. januar 2014

Verda treng framleis vismenn

Når eg i dag arbeidar med å førebu preika til gudstenesta i Valderøy kyrkje komande søndag, tenkjer eg på at i år er det 1400 år sidan persarane invaderte Det heilage landet.  Det er sagt om dei at då dei kom inn i fødselskyrkja i Betlehem, klare til å brenna og øydeleggja, såg dei mosaikken på golvet.  Der var vismennene avbilda med persiske klede på seg.  Då skal dei ha bestemt seg for å la fødselskyrkja vera i fred, blir det sagt.

Preiketeksten er frå Matteus 2,1-12

Stridane mellom romarar (bysantinarar) og persarar før og etter år 614 skulle seinare få store konsekvensar for Det heilage landet.   Det var med og danna grunnlaget for at dei muslimske hærane nokre år seinare kunne erobra landa så lett som dei gjorde.  Den gong som no, var det mange ulike krefter som kjempa om makta.

Palestina var i hovudsak eit kristent land på 600-talet, men det budde også ein del jødar i området.  Desse følte seg undertrykte av dei kristne, og allierte seg med persarane då dei invaderte.  Kristne kjelder frå denne tida (som me må rekna med har overdrive ein del), seier at jødane jubla, og var ivrig med på å drepa kristne og øydeleggja kyrkjer.   Dei hadde sterke Messias-forventningar i denne tida.  Liksom persaren Kyros hadde hjelpt dei heim frå fangenskapet i Babylon meir enn tusen år tidlegare, forventa dei no at persarane skulle bana veg for Messias.   Persarane utnemnde jøden Nehemia ben Hushiel til guvernør i Jerusalem, og han skal ha prøvd å bygga eit nytt tempel i byen.   Dette varte likevel berre ei kort tid.  Etter tre år avretta persarane den jødiske guvernøren og forviste jødane frå Jerusalem igjen, og fjorten år etter invasjonen, i 628, tok den bysantinske keisaren landet tilbake igjen.   Men berre ti år etter det igjen, blei Jerusalem erobra av muslimane.

Framleis er det mykje ufred i og omkring Det heilage landet. Det blir aldri ein ende på maktkampane mellom alle dei ulike gruppene.  Aust mot vest,  shia mot sunni, Israelarar mot palestinarar.  Framleis treng me vismenn.  Framleis treng me vise menn og kvinner som kan finna ein annan veg, vegen til han som er Fredsfyrsten.

Søndagspreika er ikkje klar enno, men det ser ut til at det går i retning av «Kven er vår tids vise menn og kvinner?»  

søndag 22. desember 2013

Julegudstenester for unge og eldre

Fjerde søndag i advent, og me er godt i gang med dei mange julegudstenestene allereie.  På bildet ser me nokre av dei mange som organist Runa Godø Sæther hadde fått med seg til å bidra  med song på gudstenesta i Godøy og Alnes bukollektiv i føremiddag.  Kjekt når unge og gamle kan komma saman og feira høgtida som nærmar seg.   I ettermiddag blir det tilsvarande gudsteneste på Vigra omsorgssenter.  Sist veke fekk eg med meg  tre skulegudstenester, og til saman blir det ni gudstenester totalt på ei veke, så det er litt travlare enn vanleg.   

Då vil eg ønskja ei god jul til min eksklusive "skare" av lesarar :) 

onsdag 18. desember 2013

Kven er målaren?

Tysdag 17. desember fortalde Kjetil Molnes til dei frammøtte frå Vigra sogelag og Vigra sokneråd kva han hadde funne ut om biletet i bakgrunnen:  Altartavla frå 1893, året før den nye kyrkja vart ferdig.  Det har lenge vore eit mysterium kven som hadde måla altartavla.  Nokre meinte det kunne vera Jonas Peson, som har måla mykje her på Sunnmøre.  Men etter eit liten sjekk, fann Kjetil snart ut at om det  var tilfelle, måtte Peson ha vore eit vidunderbarn, for i 1893 var han berre seks år.

Nede i venstre hjørnet på bildet, står nokre initialar som ikkje var heilt lett å tolka.  Etter mykje korrespondanse fekk Kjetil Molnes endeleg ei melding frå Riksantikvaren som sette saka i eit klårare lys.  Det vart etter kvart tydeleg at namnet på kunstnaren måtte vera Jacob Bratland frå Bergen (1859-1906).   Dermed er eit gammalt mysterium frå Vigra kyrkje si første tid oppklart i tide til 120-årsjubileet neste år.  

Her er kunstnaren portrettert av Christian Krogh.


Nye lampettar i Vigra kyrkje

"I 2014 har Vigra kyrkje 120 års-jubileum, og i det høve vil vi fornye kyrkja med nye lampettar, og våpenhuset med ny lysekrone. Lampettane som er der i dag, må skiftast ut fordi fleire ikkje verkar. I valet av nye lampettar har det vore viktig at dei skal vere i stil med den store lysekrona i kyrkjeskipet. Lampettane og lysekrona er handlaga ved erkebiskopen sin restaureringsverkstad i Vilnius. Målet er at alle lampettane er monterte i kyrkja til julegudstenesta i år."

Slik skriv soknerådet i eit brev som er delt ut til alle husstandane på Vigra.  Og no er lampettane komne på plass!    Her er nokre av medlemene i soknerådet opplyste av skinet frå lampettane tysdag kveld.  Frå venstre:  Bente Stornes, Heidi Røsvik, Gunnhild Vindvik Nordstrand, Sigrid Roaldsand og Odd Kåre Naalsund. 

 Gåvene er også byrja å strøyma inn.  Den 5. desember var soknerådsleiaren og eg på møte i Vigra kvinne- og familieforbund.  På vegne av soknerådet tok Gunnhild imot ein sjekk på ikkje mindre enn ni tusen kroner.  Også fleire privatpersonar har sendt gåver, og andre som måtte ha lyst til å gi, kan gjera det til kontonummer  3910.20.60796.  

Heile brevet frå soknerådet, kan du lesa her: Nye lampettar til Vigra kyrkje

mandag 9. desember 2013

Dei nye messehaklane presenterte

Søndag 8. desember vart dei nye messehaklane som er innkjøpte til Godøy bedehuskapell presenterte i gudstenesta.  I første omgang er det kjøpt inn ein fiolett og ein grøn messehakel, og Valborg Remmen og Leif Sæther presenterte desse før den fiolette vart tatt i bruk under nattverdfeiringa.   Desse to messehaklane er relativt enkle og rimelege, og det er planar om å engasjera ein kunstnar til det kvite settet, som skal brukast i høgtidene.

 I gudstenesta denne gongen var det musikkframføring ved Solveig Rønning, Simon Sakseid og Miriam Mulelid.


lørdag 30. november 2013

Nye salmebøker i Giske


Første søndag i advent blir den nye salmeboka tatt i bruk.  Her i kommunen er Giske sokn først ute, og har kjøpt inn hundre bøker, der dei fleste vil bli verande i Giske kyrkje.  I Godøy bedehuskapell vil vi bruka ei digital løysing.
Den nye salmeboka vil erstatta dei to bøkene me har brukt til no: Den gamle grøne salmeboka frå 1985 og den nyare «Salmer 1997».    Den nye boka har 991 salmar.  272 av desse er nye, og mange er overførte frå dei to gamle bøkene.   Bak i boka er ei samling bøner og liturgiar.

I tida framover vil me prøva å introdusera ein del av dei nye salmane i gudstenestene.  Mange av dei «nye» salmane vil nok mange kjenna frå før.  Ein av dei gamle adventssalmane som har fått ny melodi, er «Opp gledest alle, gledest no». Eg veit ikkje om eg i heile mi prestetid nokon gong har brukt denne salmen i ei gudsteneste, men for nokre år sidan blei  salmen gjort kjend av Odd Nordstoga ogSissel Kyrkjebø, og i morgon vil me bruka denne i gudstenesta i gamle Giske kyrkje. 

Me gler oss også til å høyra "Kor du e" frå Giske synga i gudstenesta i morgon. 


God adventstid! 

mandag 30. september 2013

Nye messehaklar til Godøy bedehuskapell

Det har lenge vore arbeidd med å samla inn pengar til nye kyrkjetekstilar til Godøy bedehuskapell. I vår bestemde soknerådet at dei ville be tekstilnemnda sjå kva dei kunne få kjøpt for dei pengane som var til rådvelde, og før sommaren vart eit forslag send til biskopen for godkjenning.  Dette gjeld dei to mest brukte fargane, grøn og fiolett.  Forslaget vart godkjent i august, og to messehaklar vart tinga frå den belgiske produsenten Slabbinck gjennom firmaet Savile Row i Drammen.  Mot slutten av september kom dei i posten, og her er komitemedlemmene Leif Sæther og Malfrid Remmen i ferd med å opna pakken.

Korleis ser dei ut?  Ja det får du sjå seinare...  Komiteen vart iallfall godt nøgd.  Dei kjem til å bli presenterte i ei gudsteneste ein gong denne hausten.

Ein messehakel er den store kappa som presten brukar utanpå prestekjole og stola når me feirar nattverd, eller til andre meir høgtidelege høve, som til dømes konfirmasjon og høgtidsgudstenester. I alle kyrkjer skal det vera messehakel i fire fargar: Fiolett til adventstida og fastetida, kvitt til juletida og påsketida, raudt til pinse og martyrdagane og grønt til resten av året.

I gammal tid, før det vart eit liturgisk plagg, var messehakelen eigentleg eit stort ytterplagg, nærast som ein poncho.  Kanskje det var eit slikt plagg Paulus bad Timoteus senda til Rom, der han sat fengsla?

Her er forresten nokre interessante refleksjonar over dette verset (2 Tim 4,13).
https://www.christiancourier.com/articles/935-was-pauls-reference-to-his-cloak-a-meaningless-triviality

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...