onsdag 21. januar 2009

Radikal tru

Kva får overskrifta deg til å tenka på? Militante muslimar som utkjempar heilag krig? Ytterleggåande amerikanske kristne som bombar ein abortklinikk? Eg skulle ønska at me alle kunne få ei radikal tru, men helst på ein annan måte enn dette.

Ordet ’radikal’ brukar me mest i tydinga ’ytterleggåande’. Ordet kjem av det latinske ’radix’ som tyder rot. Dei radikale vil komma til rota av ting. Dei politisk radikale, anten me snakkar om venstre- eller høgrefløyen, vil ha raske og grundige endringar. Ei radikal tru fører gjerne til handling og samfunnsengasjement. Kva politisk farge dette engasjementet skal ha, det skal ikkje kyrkja seia noko om, berre det fører til eit betre samfunn for alle.

Ta det vonde med rota
Du har kanskje ein busk i hagen som du helst ville ha bort. Du klipper stadig busken ned, men heile tida veks det opp nye skot. Det einaste som nyttar, er å grava heile busken opp med rota og kjøra alt saman på dungen. Slik er det med livet vårt og. Ei radikal tru dekker ikkje over gamle synder, men grev djupt for å eksponera det vonde og rykkja det opp, så ein kan bli kvitt det.

Til røtene
Me treng ei tru som er radikal på den måten at me har kontakt med røtene våre. Her er det ikkje snakk om å rykka opp røtene, men om å ta vare på dei. Når me grev litt i kyrkjehistoria, kjem me nærare dei åndelege røtene våre. Det er mykje godt å finna hos dei gamle kyrkjefedrene. Og dei aller djupaste røtene finn me i Bibelen. Her er næring for trua vår. Kuttar me over desse røtene, misser me kontakten med sjølve kjelda for det åndelege livet vårt. Ei radikal tru går til røtene og finn inspirasjon til å leva livet her og no.

Radikal tru
I skrivande stund arbeider eg med ein bibeltekst i Matteus 8. Der møter me ein mann med ei tru som overraska Jesus. Det var ein romersk offiser som hadde ein sjuk tenar. Når Jesus tilbyr seg å komma og lækja tenaren, svarar offiseren at det ikkje er nødvendig. Eit ord frå Jesus vil vera nok. Eg skulle ønska at me kunne sjå meir av denne radikale og vilkårslause trua på Jesus i kyrkja vår – meg sjølv inkludert.

3 kommentarer:

  1. Kjempebra, Geir!
    Her er du ved kjernen av vandemålet. Å vera radikal burde best umsetjast med 'å vera rotfest', ikki lausriven frå roti, sossom dei fleste tolkar det.

    SvarSlett
  2. Ja, Lars Toralf. I Kol 2,7 skriv Paulus at me skal vera 'rotfeste i han (Kristus)og oppbygde på han'.

    SvarSlett
  3. Visst, og ikki er det svo dumt å vera rotfest i Fedrane heller (men eg meiner dei bibelske fedrane, ikki kyrkefedrane)...

    SvarSlett

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...