onsdag 7. januar 2009

Wise men still seek Him

Preik i Os kyrkje søndag 4. januar 2008, Kristi Openberringsdag.

Wise men still seek Him
Når me no har høyrt bibelteksten om dei vise menn frå austerland, så må eg få lov til å ta dåke med ein liten tur til Egypt. I den engelske kyrkja me gjekk i mens me var misjonærar, der hang det kvart år rundt juletider eit stort banner, og på banneret stod det med store bokstavar: ’Wise men still seek Him’. Vise menn søkjer framleis Han. Dei kjem framleis til barnet i krubba. Vise menn og kvinner frå heile verda og til alle tider har komme til Jesus for å bøya kne for han. Og det same må me gjera, for der, i krubba, finn me Guds visdom. Der finn me retning for våre eigne liv i ei uroleg tid.

Me treng mange vise menn og kvinner i vår tid. Me har ei internasjonal finanskrise å komma oss gjennom. Arbeidsplassar står i fare, folk vil få problem med huslån, samliv vil gå i oppløysing og me vil kunna oppleva fleire personlege tragediar i tida framover. Me treng mange vise menn og kvinner på ulike arbeidsfelt, i politikken, i skule og sosiale tenester og i forretningslivet, til å gjera ein innsats for å hjelpa kvarandre gjennom dette. I kyrkja vår har det lenge vore uro, og me treng ei ledestjerne til å føra oss på rett veg mot målet. Og ute i verda ser me krig og konfliktar på mange område. Ikkje minst dei siste dagane har me sett korleis krigen har blussa opp igjen like i nærleiken av der Jesus vart fødd.

Når krubba er tom, bitest hestane, seier me. Sjølv om krubba er tom på det materielle området, veit me at det finst ei anna krubbe me kan gå til, og den er ikkje tom. I krubba ligg Jesusbarnet, og hos han skal me få bøya kne saman med dei vise menn. Der skal me finna visdom til å takla dei problem me møter. Og det er mange som i desse dagar ber til barnet i krubba om at han må skapa fred i Det heilage landet så valdshandlingar på begge sider må slutta. Wise men still seek Him.

Men her er me samla i Os kyrkje, og la oss no følgja vismennene, frå dei såg stjerna, til dei braut opp og fylgde stjerna, og til dei bøygde kne framfor krubba og hylla barnet.

Vismennene såg stjerna
Det første vismennene gjorde, var altså at dei såg stjerna.
Me veit ikkje så mykje om kven dei var.
Ifølge dei gamle legendene var dei tre heilage kongar, og legenda har til og med gitt dei namn.
Caspar, Balthazar og Melchior – var det ikkje det dei skulle heita?
Men i Bibelteksten vår står det ikkje så mykje meir enn at dei var ’nokre vismenn frå Austerland’. Religionshistorikarar vil kunna fortelja oss at dei var dei var ein slags prestlege embetsmenn, og at dei sannsynlegvis høyrde til den største religionen i Persarriket på den tida. Det var den Zoroastriske religionen. Det var nesten som ein slags statsreligion i Persarriket. Men viss me ser litt symbolsk på dei, så kan me jo seia at dei står for oss som representantar for folk utanfor israel, altså heidningane.
Og desse heidenske prestane eller vismennene, dei har altså sett ei ny stjerne på himmelen, og så har dei komme fram til at denne stjerna måtte bety at ein ny konge var fødd.
Dette trur eg viser oss at Gud er Gud for alle menneske, og at han vil ha med oss å gjera, uansett kva religiøs bakgrunn me har. Ikkje at alle religionar fører til same målet, men at Gud tar utgangspunkt i situasjonen til kvart enkelt menneske. Han tar utgangspunkt i din situasjon, der du er i dag. Du veit noko om Gud i dag, og med det utgangspunktet kan du finna sanninga, viss du gjer som vismennene – viss du søker han. Wise men still seek Him.

Vismennene fylgde stjerna
Men det var ikkje nok at dei såg stjerna. Me kunne jo forestilla oss at desse vismennene såg stjerna og begynte å diskutera seg i mellom kva denne stjerna skulle bety, og kanskje at dei danna ulike parti og grupperingar om dette merkelege fenomenet. Men det som betydde noko, var jo at dei ikkje berre såg stjerna, men at dei fylgde stjerna. At dei pakka sekkene, sette seg på kamelane og begynte å bevega seg i den retning stjerna viste.
Og så ser me altså at vismennene kom eit stykke på veg med sin eigen visdom, men dei kom ikkje heilt fram til målet. Dei kom til Jerusalem, til hovudstaden, der dei rekna med at kongen måtte vera fødd. Men det var først når kong Herodes spurde kva som stod i skriftene, det var først då dei forstod at det var i Betlehem den nye kongen skulle vera fødd. Og så gjekk stjerna føre dei heilt fram til staden der barnet var, les me.
Så menneskeleg visdom, det held eit stykke på veg, men me treng openberring og klar rettleiing frå Guds ord for å finna fram til målet.
I den kjende julesalmen som me song no nett i stad, ’Fager er den himmel blå’, der syng me at me og har ei stjerne å gå etter.
Denne stjerna bjart og mild
som kan aldri leia vill,
er det glade og det
store
fagnadbod i bibelordet
til å lysa for vår fot

Det er mange lys på himmelen som vil konkurrera med betlehemsstjerna i dag. Det er ikkje gull alt som glimrar, seier me. Det er ikkje sannhet alt som blinkar heller. Samfunnet vårt har hatt Bibelen som ledestjerne i tusen år. Når landet vårt no byter ut dette med andre filosofiar, står me i fare for å gå oss vill på vegen.
Wise men still seek him. Me treng å fylgja den same stjerna som vismennene fylgde.

Vismennene fann Jesus.
Til slutt kom dei fram til staden der barnet var.
Dei gjekk inn i huset og fann barnet hos mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra.
Me ser i dag at vise menn og kvinner over heile verda gjer det same.
For oss som bur i Europa, kan det av og til virka som om kristendommen er blitt gammaldags og irrelevant. Men ser me oss om i resten av verda, finn me fort ut at dette er langt frå sannheten.
Kyrkja her i Os har jo eit veldig sterkt misjonsengasjement.
Her har me både utsendingar og misjonsprosjekt i fleire land, og mange er med i misjonsforeningar. Dåke veit godt at det skjer veldig mykje spennande rundt om i landet.
Og i dag går takkofferet til Misjonshøgskolen. Ein skule som ikkje berre utdannar misjonærar som blir sendt ut til andre land, men som og tar imot mange kristne studentar frå utlandet.
Misjonen er eit viktig vindauge ut mot slike ting som skjer i andre delar av verda.


Dei siste sju åra har eg vore privilegert og fått jobba med innvandrarar i Bergen. Mange av innvandrarane som kjem til Noreg har med seg ei sterk og frimodig kristen tru. Andre finn Jesus etter at dei har komme hit. Og me ser at dette er med og vitaliserer kyrkja vår. Eit vatn som ikkje har innløp, tørkar ut, slik me ser det skjer med Dødehavet i Israel. Eit hus som ikkje opnar dørene for luft utanfrå, begynnar fort å bli innestengt og klamt.
På same måten treng me innvandrarane som kan visa oss at kyrkja er større enn vår vesle norske avkrok.
I Bergen Internasjonale Menighet har me hatt ei kinesisk gruppe. Dei siste åra er det rundt tretti kinesarar som er blitt døypte der, dei fleste av desse er vaksne. For meg har det vore utruleg inspirerande å følgja nokre av desse på vegen til tru på Jesus. I Kina er jo kristendommen blitt ein massebevegelse av enorme dimensjonar. Det er som om dei har fått auga på denne stjerna over Betlehem, så har dei lagt ut på ein åndeleg reise, begynnar å erkjenna at det må vera ein Gud som har skapt denne verda me bur i, og dei ser kjærleiken som dei kristne kinesarane viser til kvarandre, og så finn dei Jesus og bøyer kne for han.
Kanskje det som skjer i utlandet, og blant innvandrarar her i landet, kan læra oss nordmenn å ikkje vera så redde for å bøya kne ved krubba.
Det har vore mykje religiøs sjenanse i Noreg.
Det har nok blitt betre dei siste åra, heldigvis. Ingen reknar deg som litt rar no lenger, viss du seier at du trur.
Men det er framleis ikkje så mange som vågar å seia at dei har komme fram.
Mange er framleis på vandring. På leit.
Det er lov å vera på leit.
Men det er heilt greitt å komma fram til målet og!
Det er ikkje berre muslimar og buddhistar som skal vera stolte av trua si.

Det var flott å vera på gudsteneste her på julafta.
Eg var på den midterste gudstenesta, og då var det heilt fullstappa her. Sjølv sat me inneklemt på bakerste benk oppe på galleriet.
Julegudstenesta er ein arena der mange føler at dei kan komma med si vesle tru.
Kanskje ein ikkje har svar på alle spørsmåla.
Eller kanskje ein har andre svar enn det presten har.
Ja vel.
Men det som tel, det er at me kjem til krubba.
At me går inn i huset og finn barnet hos mora, Maria.
At me saman fell på kne og hyller det.
Og så er det så forskjellig kva slags gåver me har å gi barnet.
Me er korkje hyrdingar eller vismenn.
Men du har deg sjølv. Og du kan gi deg sjølv til barnet, der du er, ikkje berre i gudstenesta om søndagen, men i din kvardag. På jobben, saman med familien.
Og når du bøyer kne ved krubba, så finn du kanskje noko der som kan gi deg og oss alle ein ny visdom, ein visdom som kan bera oss gjennom dei vanskelege tidene som me er inne i.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...